Sukkersøtt såpedrama
FILM: Det har vore underhaldande å følgja Downton Abbey gjennom 52 tv-episodar og to filmar. Men nå er det nok.
- Jan ZahlKulturjournalist
DOWNTON ABBEY: EN NY ÆRA
Kinopremiere: 29. 04. 2022. Med: Hugh Bonneville, Michelle Dockery, Imelda Staunton, Maggie Smith, Hugh Dancy, Laura Haddock, Nathalie Baye, Dominic West, Joanne Froggatt. Sjanger: Drama. Regi: Simon Curtis. Nasjonalitet: England, 2022. Aldersgrense: For alle. Lengde: 2 timar, 4 minutt.
Eg har kost meg gjennom dei seks sesongane av «Downton Abbey» på tv. Sjølv om eg mot slutten tok meg i å tenkja at det som starta som eit litt spennande innblikk i upstairs and downstairs i det britiske samfunnet tidleg i førre hundreår, enda opp som meir og meir av ein fancy kledd såpeopera.
Den kjensla blei forsterka med den første langfilmen, i 2019. Og etter å ha sett film nummer to, «En ny æra», er eg endå sikrare: Nå er det nok «Downton Abbey». Ikkje fordi den nye filmen er dårlegare enn den førre, eller slutten av tv-serien: Dette er stadig flott å sjå på. Men rett og slett fordi problema ved heile konseptet nå er i ferd med å bli større enn utbytet.
Me er altså tilbake på det fasjonable godset i Yorkshire, med dei fleste av karakterane me kjenner så godt. Det er slutten av 1920-åra. «Dramaet» startar med ein beskjed om at Violet Crawley, enkegrevinne av Grantham, framleis fantastisk framstilt av Maggie Smith, ut av det blå har arva ein villa i Sør-Frankrike.
Historielinje nummer to startar med ein telefon frå ein filmregissør som vil bruka godset som kulisse. Dette strir sjølvsagt mot grevens og enkegrevinnas gode smak. Men dei blir overtalte av dei meir pragmatisk innstilte slektningane, som ser at pengane kjem godt med i vedlikehaldet av den staselege eigedommen.
Her ligg metanivået gjennom heile filmen. Om eit staseleg gods som blir brukt til å laga film, og som gjer eigarane i stand til å betala oppussing. Om å laga film. («Eg ville heller ete grus,» som Violet seier.)
Problemet? Vel, dette er ikkje mykje til dramatisk materiale, sjølv om det igjen handlar om overgangar og «den nye tida». Denne gongen blant anna om overgangen frå stum- til lydfilm.
Alle konfliktar internt på huset, alle moglege kjærleikshistorier og intrigar, er strengt tatt gjennomført allereie. Nå er dei dramatiske halmstråa endå tynnare, ideane meir forserte, såpeoperaen endå meir påtrengjande.
Liker du «Downton Abbey», liker du nok denne filmen også, for det er meir av det same. Men la oss håpa dei har skvist det siste ut av sitronen – og marknaden – nå.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her