Shakespeares private tragedie

BOK: Innimellom gripande om tragedien som Englands største diktarhøvding opplevde.

Maggie O’Farrell tar utgangspunkt i at William Shakespeare hadde ein son, Hamnet, som døydde ung.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Maggie O’Farrell:

Hamnet. Roman. 396 sider. Omsett av Kirsti Vogt. Gursli Berg Forlag.

Denne romanen er resultatet av mine meningsløse spekulasjoner. Slik avsluttar Maggie O’Farrell (f. 1972) etterordet i «Hamnet», ein roman som kombinerer dei seinare års dokumentarisme-bølgje med tradisjonen av mytologisering rundt Englands aller største forfattar.

O’Farrell tar utgangspunkt i eit historisk faktum: William Shakespeare hadde ein son, Hamnet, som døydde ung og hadde eit namn som berre var éin bokstav frå tittelen på det verdskjende skodespelet Shakespeare skreiv nokre få år etter.

Hamnet skal ha døydd av byllepest, ein sjukdom som ifølgje O’Farrell aldri blei nemnd av Shakespeare i det lange og innhaldsrike forfattarskapet hans. Denne kjensgjerninga har forfattaren alltid hadde undra seg over kva kunne bety, noko som er utgangspunktet for romanen. Kanskje tynt som teori for litteraturforsking, men det fungerer som oppspark for skjønnlitteratur.

Ein får visse assosiasjonar til både Hollywood-produksjonar som «Romeo + Juliet» og «Shakespeare in Love» og kanskje til og med den meir konspiratoriske dokumentaren «Shakespeares skjulte koder.» Nå er ikkje «Hamnet» eit forsøk på å gi ny kunnskap. O’Farrell er klår på at dette er ein roman, det er sjølve plasseringa av handlinga som har rot i røyndommen, altså Stratford-upon-Avon på slutten av 1500-talet. Her får William Shakespeare tre barn med Agnes, deriblant Hamnet.

O’Farrell meistrar godt denne balansegangen mellom biografiske fakta og ei fiktiv historie, som heng godt saman, sjølv om skildringane kan bli noko melodramatiske iblant. Språket flyt lett, men nå og då kjem vendingar som er nokså svulstige: Vissheten brenner på innsiden av hodet og etterlater seg svarte svimerker.

Ettersom dødsfallet til unge Hamnet er mykje av premisset for romanen, ligg ikkje spenninga i korleis dette endar. I staden er det kontrasten mellom at me lesarar veit at tragedien før eller seinare kjem, medan dei involverte personane er lykkeleg uvitande, som skapar det kjenslemessige engasjementet. Dessverre blir dette tynt i lengda, og handlinga kan opplevast noko stilleståande. O’Farrell har for lite finesse i språk og forteljestruktur til å heva forteljinga opp til noko verkeleg minneverdig. Partiet etter Hamnets død er eit unntak, her klarer ho å skildra sorga til foreldra og søskena på ein svært intens måte. Jamt over ein fantasifull og god
Shakespeare-spin-off, som vann «Women’s Prize for Fiction 2020.»

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  3. Ryfylke har fått sin første vingård

  4. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  5. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv

  6. Ny utrolig rekord for Haaland