Obamas westernfavoritt
FILM: «Old Henry» er ein av Barack Obamas filmfavorittar. Det er lett å forstå.
- Jan ZahlKulturjournalist
OLD HENRY
Kinopremiere: 03.06.2022. Med: Tim Blake Nelson, Stephen Dorff, Trace Adkins, Scott Haze, Gavin Lewins. Sjanger: Action / Thriller / Western. Regi: Potsy Ponciroli. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 39 minutt.
Tidlegare president Barack Obama er jo ein kul fyr. Blant anna fordi han også er ein kulturfyr. Ein lesar. Ein som lyttar til musikk. Ein som ser film. Og når det går mot slutten av året, deler han på sosiale medium kva bøker, musikk og filmar han likte best i året som gjekk.
På Obamas liste over beste filmar frå 2021: Lågbudsjettwesternen «Old Henry», som hadde premiere på filmfestivalen i Venezia i fjor og som kjem til Stavanger denne helga.
På ein bortgøymd gard i Oklahoma bur bonden Henry (Tim Blake Nelson) saman med tenåringssonen Wyatt (Gavin Lewis). Ein dag finn Henry ein hardt skada mann – og ei salveske full av pengar. Henry tek mannen – og veska – med seg heim. Men han utset dermed også både seg sjølv, sonen og den framande for fare. For nokon er tydelegvis på jakt etter den skadde mannen og pengane hans. Og kven er eigentleg mannen, jegerane – og Henry sjølv?
Manusforfattar og regissør Potsy Ponciroli har kalla filmen sin ein mikro-western. Her er ikkje så veldig mange karakterar, så mange locations eller grandios scenografi. Eller, forresten: Naturen i Oklahoma om hausten utgjer den mest storslegne scenografien du kan ønska deg, mens garden ser akkurat så fattigsleg, primitiv og autentisk ut som ein kunne venta av eit slikt småbruk i 1906.
Om karakterane er få, spelar dei til gjengjeld knakande godt, på sitt fåmælte, mistruiske, breie westernspråk. Ikkje minst Tim Blake Nelson, som du har sett før i mange filmar, som i Cohen-brørnes «O Brother, Where Art Thou?». Gjerne i litt komiske og/eller stakkarslege roller.
Men rolla som Henry er alt anna enn komisk eller stakkarsleg. Nelson spelar ein mann som tydelegvis har ei fortid som noko anna enn ein bonde som står og grev grøfter. Me aner det både gjennom det han seier og det han gjer, samtidig som det dukkar opp stadig fleire hint om at gamle Henry har opplevd både dette og hint.
Samtidig kjempar han ein kamp med seg sjølv for å halda fast i denne identiteten som hardtarbeidande og fredeleg bonde. Og, ikkje minst, det inderlege ønsket om å oppdra sonen til å bli eit godt menneske. Den tanken prøver han også å halda fast i når vondskapen kjem ridande inn på gardsrommet og tøffe val må takast.
Liker du ein velspelt, ganske intim og ganske røff western – som Obama – bør du sjå «Old Henry».
Film- og tv-anmeldelser
Denne filmen om ungdommeleg råskap og vennskap bur du sjå
Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis
Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor
Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!
Er alle menn like?
Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå
Mest lest akkurat nå
Viking vurderer politianmeldelse: Vil utestenge supportere etter bråket
Høyre-politiker ga over 400.000 i bonus til leder i Renovasjonen
BBC: Johnson har utpekt en helt ny regjering
Disse 17 Sola-flyene er innstilt torsdag
Vegvesenet ønsker at vogntog og bobiler skal kjøre sist ut av ferger
Easee flytter fra Sandnes til Stavanger: «Mama, we’re coming home»