Leikande dødsmesse

TEATER: Kreativ leik med teaterformatet – men neppe for alle.

Helga Guren er skodespelar og eldsjel bak Rogaland Teaters «Rekviem».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

REKVIEM

Rogaland Teater, Teaterhallen. Urpremiere 8.9.2021. Bygd på diktet «Rekviem» av Anna Akhmatova, i gjendikting av Halldis Moren Vesaas. Regi: Erlend Samnøen. Scenograf og Kostymedesign: Katja Ebbel. Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesign: Leiv Amund Schøyen Ulvestad. Komponist og musikar: Anders Brunvær Hauge. Koreograf: Therese Markhus. Maskør: Jill Tonje Holter. Dramaturg: Carl Jørn Johansen. Skodespelar: Helga Guren. Musikar: Bendik Andersson.

«Rekviem» i Teaterhallen på Rogaland Teater er eit «allkunstverk», ifølgje dei som står bak. Kva er det? Ordet finst ikkje i Norsk ordbok. Googlar du litt, dukkar ein dansk festival opp, der menneske med ulike handikap kjem saman for å skapa «allkunst», i Rudolf Steiners and. Som altså ikkje har noko med kurator Helga Guren og regissør Erlend Samnøens prosjekt å gjera.

Men det er altså vanskeleg å vita heilt kva «Rekviem» prøver å vera.

Ein interessant tekst i programheftet diskuterer tankane og prosessen bak, ulike retningar og tradisjonar innanfor teateret. Frå klassisk drama, via postdramatisk teater til at teateret kan ha utgangspunkt i ein idé – og så bli til gjennom prosessen som oppstår mellom skaparane.

«Forestillingen «Rekviem» skriver seg ikke inn i noen av disse tradisjonen, eller gjør den kanskje nettopp det?» står det i programmet. Og gir dermed heller ikkje eit tydeleg svar.

Likevel, basert på det ikkje-eksisterande, men samtidig dels sjølvforklarande ordet «allkunstverk» og programteksten, forstår me at dette er eit verk der mange ulike kunstnariske uttrykk skal spela saman. Forhåpentlegvis skal dei skapa eit større heile, gjennom lyd, lys, musikk, tekst, dans og kostyme. Dette er altså ikkje konvensjonelt teater, forstått som ei historie fortalt ved at skodespelarar spelar karakterar som gjennomgår ei slags psykologisk reise.

«Rekviem» startar bra. På scenen ligg ein stor trekonstruksjon, nærmast som ei bølge, med ulike element rundt seg og musikkinstrument på kvar side. Ei stemme skildrar det me ser, i detalj. Inkludert det musikarane gjer når dei kjem inn. Dette signaliserer eit slags metanivå og – heldigvis – eit element av humør og distanse.

Musikarane – særs kompetente, ja, og hurra for livemusikk på teater! – begynner å spela, og opp frå eitt av hola i scenografien dukkar nokre bein, og sidan resten av Helga Guren, opp. Ho snakkar vidare – på austlandsk – og deklamerer så tekstar på nynorsk, nærmare bestemt dikta stykket har utgangspunkt i. Slik skal ho veksla, mellom dikt og eigen tekst gjennom framsyninga.

Dikta er skrivne av den sovjetiske poeten Anna Ahkmatova på 1930-talet, og skildrar livet i eit kommunistisk diktatur, der Stalin reinska ut all motstand. Ahkmatovas mann blei drepen, sonen var i fengsel, sjølv var ho livredd. Dikta gjer definitivt inntrykk, ikkje minst om lag midtvegs der teksten og framføringa blir løfta opp av musikken, der alle dei kunstnariske elementa spelar saman og skaper eit vakkert heile.

Men andre gonger skjønnar eg ikkje samanhengen mellom elementa, kanskje særleg når Guren utfører rørsler i skjeringspunktet mellom dans og performance. Eller når dei kastar opp alt frå kjøkkenutstyr til hageriver frå hola i scenografien – og set i gang ein kaffitraktar. Metateksten som dukkar opp fleire gonger gjennom førestillinga reflekterer også rundt dette, heldigvis. Kvifor har ein kasta opp alt dette?

Problemet er at verken teksten eller verket kjem med noko svar. Eg skjønnar jo at dette ikkje er Tsjekov, som krev at eit kvart element som blir løfta fram på scenen må ha ein funksjon – er det ein pistol der i første scene, må pistolen brukast på eitt eller anna tidspunkt. Men enkelte av elementa i «Rekviem» står fram berre som lausrivne påfunn, utan nokon tydeleg funksjon. Som skaparane sjølv spør i programteksten: «Hvordan vurderer man om materialet eller valgene man tar er gode eller dårlige?» Dei kjem ikkje med noko tydeleg svar, heller ikkje på dette.

«Rekviem» er nok ikkje for alle. Det er kompetent leik og eksperimentering med teateruttrykk, det er å ta kunstnariske og kreative sjansar. Og det heiar eg – for the record – tusen prosent på at Rogaland Teater gir rom for.

Publisert:

Teater- og sceneanmeldelser

  1. Du vett, mååååden han seie det på

  2. «Dei tar kunstnariske og kreative sjansar. Og det heiar eg tusen prosent på!»

  3. «Revizor» treff verken med komikk eller tematikk

  4. «Ikke akkurat mainstream», sa forfatteren. Han har helt rett – og godt er det!

  5. Satsar friskt i «Spilleren»

  6. Da Mette Arnstad sa hun ville bli skuespiller, ble hun sendt til legen. Den timen skulle hun gjerne vært foruten

  1. Teater- og sceneanmeldelser
  2. Teateranmeldelse
  3. Teater
  4. Anmeldelse
  5. Scenekunst