Treng ikkje antirasistar allierte?

BOK: Lisa Esohel Knudsens bok viser ein antirasisme som er sterk på personleg engasjement, svak på politisk strategi.

Vår bokmeldar skulle gjerne sett ei rausare tilnærming til rasismedebatten enn den han finn hos Lisa Esohel Knudsen.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Lisa Esohel Knudsen: Det er personlig. Om rasisme og ytringsfrihet. 196 sider. Res Publica.

Rasismedebatten i Norge kan minna om den gamle diskusjonen om glaset er halvfullt eller halvtomt.

For den eine sida er Norge eit land som blir stadig mindre rasistisk, sjølv om det framleis finst kvardagsrasisme og hets mot minoritetspersonar. Hovudbildet er likevel at rasisme og rasediskriminering blir stadig mindre akseptert, at fleire menneske med minoritetsbakgrunn får maktposisjonar, og at mangfald og minoritetsperspektiv er blitt viktige omsyn å ta både i det offentlege, i private bedrifter og i organisasjonslivet.

For den andre sida er Norge framleis gjennomsyra av ein systemisk rasisme som majoritetsnordmannen verken vil sjå eller ta inn over seg. Erfaringane som menneske med minoritetsbakgrunn sit med, blir i liten grad lytta til eller tatt på alvor. Og dei forandringane som skjer, går altfor sakte. 

Ny generasjon

Bergensk-afrikanske Lisa Esohel Knudsen høyrer til den siste gruppa. Med bakgrunn i eigne opplevingar av mobbing og diskriminering skildrar ho ei kjensle av utanforskap, av å ikkje bli møtt med respekt og anerkjenning, av å bli redusert som menneske: «Jeg var hudfargen min». 

Det er ei livserfaring som ho utvilsamt deler med mange andre i same situasjon, og som kan forklara det sterke sinnet og engasjementet i kjølvatnet av Black Lives Matter-demonstrasjonane sommaren 2020. Eg les boka hennar som eit vitnemål frå ein ny generasjon antirasistiske aktivistar, som ikkje  lenger vil tola det dei oppfattar som angrep på eige menneskeverd, og som reagerer sterkt på skuldingar om at dei er «lettkrenka». 

Det handlar om identitet. Og ulike former for identitetspolitikk er vel kjende også frå norsk historie – frå bondereising og målstrid til kvinnerørsle og homokamp. Slik sett burde dei sterke kjenslene i den nye antirasismen vera lette å forstå.

Kva er rasisme?

Men den har også problematiske sider. Ei av dei ligg i tittelen på boka: «Det er personlig».

For kven skal definera kva som er rasisme? Er det nok at ein person subjektivt meiner seg utsett for det? I dag blir rasisme-stempelet sett på likt og ulikt, alt frå grotesk hets i kommentarfelta til at ein lærar i Oslo-skulen nyleg fortalde om elevar som konfronterer henne med at uttrykk som «kvit løgn» eller «det går mot lysare tider» kan oppfattast som rasistiske. 

Dette skjer samstundes med at rasisme som omgrep blir sett på med større alvor enn nokon gong. Rasisme-stempelet kan utelukka ein person frå anstendig offentleg samtale. Då må definisjonsmakta vera ei samfunnssak, ikkje noko som ligg hos enkeltpersonar eller grupper aleine. 

Her tilbyr ikkje Knudsen mykje hjelp. Ho går langt i å bagatellisera kanselleringskulturen, og tenkjer tilsynelatande ikkje over at også antirasistar forvaltar moralsk makt, og at dette for eksempel kan innebera eit ansvar for å skilja mellom stort og smått.

Den samtalen Knudsen prisverdig nok inviterer til om desse spørsmåla, minner dermed meir om eit omskuleringsprogram enn ein open dialog.

Knudsen ønskjer strengare grenser for ytringsfridommen og sterkare sosiale sanksjonar mot dei som går over streken. Og kor streken skal gå, må antirasistar bli flinkare til å «forklara». Det er ikkje nok å vera i god tru, for ifølgje Knudsen er det mange som «ikke forstår at det de sier, faktisk er rasistisk».

Den samtalen Knudsen prisverdig nok inviterer til om desse spørsmåla, minner dermed meir om eit omskuleringsprogram enn ein open dialog. Dessverre trur eg at eit aktivistmiljø som prioriterer å opptre som språk- og tankepoliti, snarare skaper uro for at dei vil den frie offentlege samtalen til livs, og ikkje vil kunna skapa dei breie alliansane som trengst for å slå ned rasisme og veksande høgreekstremisme.

Kor er politikken?

Då krevst det ei romslegare tilnærming. Eit banalt, men høgst reelt eksempel: Spørsmålet «Kvar er du frå?» er kanskje den vanlegaste innleiinga nordmenn bruker for å opna ein samtale med ukjende folk. Dersom minoritetar vel å oppfatta spørsmålet som ei stadfesting av utanforskap i staden for eit uttrykk for nysgjerrig interesse, vil det effektivt blokkera mange dialogar menneske imellom i kvardagen. Men kva er oppnådd med det? Sannsynlegvis større avstand, meir berøringsangst og stadfesting av fordommar.

Slike refleksjonar får sjeldan koma i vegen for den personlege indignasjonen hos forfattaren. Påfallande er også fråveret av politiske strategiar. Antirasisme blir i postmodernistisk ånd redusert til subjektivisme, ordbruk og symbol. Tolmodig, konkret, kollektivt arbeid for å fjerna dei materielle vilkåra for rasismen, for eksempel når det gjeld utdanning, jobb og bustad, verkar nærmast uinteressant.

Det tyder ikkje at boka til Lisa Esohel Knudsen er uinteressant, tvert om. Den er ærleg og utan for mykje utilgjengeleg sjargong, og bør lesast av alle som vil ha innsyn i tenkemåtane i det antirasistiske og identitetspolitiske aktivistmiljøet. Så får kvar enkelt gjera seg opp ei meining om dette er måten å få bukt med rasismen på, eller om det tvert om er oppskrifta på eit tilbakeslag.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glitrende

  2. Hun har jobbet førti år i barnevernet. Nå har hun skrevet bok – også om egne feil

  3. God og gripende lesning

  4. Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei.

  5. Hvorfor døde kona di, Thor?

  6. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  1. Bokanmeldelser
  2. Rasisme
  3. Diskriminering
  4. Bokanmeldelse
  5. Anmeldelse