Chenjerai Hove er død

Den zimbabwiske fribyforfattaren døydde søndag, 59 år gamal.

Publisert: Publisert:

Chenjerai Hove er død, 59 år gamal. Foto: Tommy Ellingsen

  • Håkon Jonassen Norheim
    Journalist
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

— Chenjerai Hove gjekk bort søndag ettermiddag etter kort tids sjukdom, med si kone og syster ved si side. Dette melder fribykoordinator, Tor Ketil Solberg.

Den zimbabwiske fribyforfattaren etterlet seg kone og seks born. Leiar i ICORN (International Cities Of Refugee Network), Helge Lunde, var fribyansvarleg då Hove kom til Stavanger som gjesteforfattar i 2005. Han kjem til å hugse ein unik person.

— Han var eit unikt menneske og ein unik forfattar, og var ein sterk og viktig stemme frå Zimbabwe, fortel Lunde.

Kritisk søkelys

Hove blei fødd 9. februar 1956 i Zvishavane i sørlege Zimbabwe. Han var poet, romanforfattar, skribent og essayist, og har gjeve ut fleire diktsamlingar og romanar. Han var grunnleggar og leiar av Forfattarforeininga i Zimbabwe, leiar for Zimbabwe PEN, var med på å starta Zimbabwe Human Rights Organisation (ZimRights) og var med i leiinga av ZimRights i fleire år. Han har og vore skribent i mange aviser, og har i ei årrekke retta eit kritisk søkelys mot myndigheitene i Zimbabwe.

— Kampen mot myndigheitene i Zimbabwe opptok mykje av tida hans, og kampen for eit fritt Zimbabwe var ei kjernesak for han. Ikkje bare fridom frå den kvite overmakta, men og menneskerett og ytringsfridom, fortel Lunde.

Flykta i 2001

Etter drapstruslar mot han og familien grunna hans regimekritikk, måtte han i 2001 flykta frå Zimbabwe. Mellom 2002 og 2005 var han fribyforfattar i Rambouillet i Frankrike, før han i 2005 kom til Stavanger. I 2007 flytta han til USA, framleis i eksil. Her var han gjesteforfattar på Watson Institute for International Studies ved Brown University. I denne tida pendla han mellom Stavanger, Sør-Afrika og USA. Mellom 2010 og 2012 var han fribyforfattar i Miami, før han i 2012 flytta tilbake til Stavanger.

— Å vere i eksil er aldri ein ideell tilstand, og sjølv om han hadde mange flotte prosjekter og opplevingar i eksil, stod alltid heimlandet i sentrum. Chenjerai kjempa uttretteleg for fridom i Zimbabwe gjennom skjønnlitteratur og dikt. Han var ein fridomsflamme, og ein viktig person for folk i og utanfor landet.

Ville tilbake til Zimbabwe

Han fortalte i eit intervju i Aftenbladet i 2014 at han ein gong håpa på å kunne reisa tilbake til Zimbabwe for å besøka si mors grav. Her reflekterte han over at han sakna heimlandet sitt, men at det ville vere altfor farleg å reise tilbake. No vil familien gravlegga han i heimlandet, det meiner Lunde er ein siger.

— Eg trur dette var et ynskje frå Chenjerai, sjølv om han aller mest ynskja å reise tilbake då han var i live. Han kjempa mot Mugabe heile sitt liv, og sjølv om Mugabe no trakk det lengste strået ved å overleva Chenjerai Hove, kjem livsverket hans no til å skinne mykje sterkare enn diktatoren nokon gong har gjort, seier han.

Chenjerai Hove var med i ICORNs Advisory Board då ICORN starta opp i 2006, og spelte ei svært viktig rolle for utviklinga av det internasjonale fribynettverket heilt fram til sin død.

Hove rakk totalt å gi ut fem diktsamlingar, fire romanar, tre essaysamlingar og ei bok om zimbabwisk kultur. Her er diktet "One Day" som Hove skreiv om døden i diktsamlinga Blind Moon i 2003.

"one day

when i shall die

only spare

a secret tear for me

In a secret place

without a shadow"

LES OGSÅ:

Publisert:

Les også

  1. Krokodillen og bråkmakerne