Sakprosa: Oljemakta som vart for stor

Norsk oljepolitikk vart ein annan enn politikarane ville. «De beste intensjoner» forklarer korleis oljå vart for stor, og kvifor det var ille.

Publisert: Publisert:

I april 1971 kom den første rå-oljå til Shell-raffineriet på Sola. Organisasjonssjef Erik Sandsberg tappa den første flakongen. Foto: Scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Grade: 5 out of 6

Anne Karin Sæther:

  • De beste intensjoner. Oljelandet i klimakampen
  • 512 sider
  • Cappelen Damm

Då norsk oljepolitikk vart utforma tidleg på 1970-talet, sette politikarane opp køyrereglar for den nye næringa. Utvinningstempoet skulle vera moderat. Oljeaktiviteten skulle drivast på ein miljøvennleg måte. Og sist, men ikkje minst, oljeindustrien skulle vera under nasjonal politisk kontroll.

Kva har skjedd med desse velmeinte retningslinene frå Olje-Norges barndom?

Produksjonstaket på 90 millionar tonn oljeekvivalentar som Stortinget vedtok i 1974, vart oppgitt alt på slutten av 1980-talet. Den årlege produksjonen av olje og gass har seinare vore mellom to og tre gonger så høg, og oljeindustrien har dermed blitt ein langt meir dominerande del av norsk næringsliv enn politikarane ønskte til å begynna med.

Norsk oljeindustri er sikkert mellom dei mest miljøvennlege internasjonalt. Likevel er oljå den største bidragsytaren til norske klimagassutslepp, og den viktigaste årsaka til at Norge ikkje oppfyller dei nasjonale klimamåla me har forplikta oss til.

Og det kan i høg grad diskuterast kor makta over oljepolitikken ligg. Er det nasjonale styresmakter som styrer Statoil, eller er det i praksis Statoil som styrer politikarane?

For stor til å styrast

Slik er den kritiske versjonen av norsk oljehistorie som Anne Karin Sæther presenterer i boka «De beste intensjoner». Sæther er utdanna journalist og har mellom anna arbeidd i fem år som kommunikasjonssjef i Miljøstiftelsen Bellona. Sjølv om den oljekritiske vinklinga er tydeleg, er det ikkje eit grønt propagandaskrift Sæther har skrive. Dokumentasjonen er grundig og tonen nøktern. Forfattaren unngår kjensleladd polemikk og tvilsame konspirasjonsteoriar, og gir ofte politikarane honnør for god vilje. Det har berre ikkje vore nok.

«De beste intensjoner» kan lesast som historia om kva som skjer når ei næring blir for stor til å kunna styrast – også når det kan vera nødvendig for å redda henne mot seg sjølv, som i åra fram mot 2014.

Både staten Norge, norsk nærings- og arbeidsliv og den norske velferdssamfunnet er etter kvart blitt så avhengige av oljemilliardane at det er blitt nærmast umogleg å halda fast ved den kontrollen som politikarane gjerne ville ha i 1970-åra, endå mange ser at me er blitt for oljeavhengige. Den nåverande regjeringa er den siste i rekka av fleire som står i spagaten: Statsminister Erna Solberg snakkar om omstilling og klimamål, medan olje- og energiministrane pøser entusiastisk på med nye leitekonsesjonar.

Forfattaren Anne Karin Sæther er utdanna journalist.

Industrien legg premissar

Sæther viser korleis oljeindustrien sjølv i aukande grad har fått leggja  premissane for oljepolitikken, med nye areal og høgt tempo som mål. Ho meiner også at dei statlege oljebyråkratane er for lydhøyre overfor industrien sine krav, og at det er for mykje samrøre og samforstand mellom næring og forvalting. Det er for så vidt ikkje noko eineståande i Norge, landbruksbyråkratiet kan vera eit anna eksempel, men forfattaren har rett i at oljå har langt større ressursar enn noka anna interessegruppe til å påverka politikarar og veljarar.

Det har stort sett lukkast bra, men ikkje alltid. Kampanjen for lågare oljeskatt i 2003 vart ein fiasko, og Lofoten og Vesterålen er framleis skjerma frå oljeaktivitet. Oljesand-fadesen i Nord-Amerika, den mislukka månelandinga på Mongstad og det stengde gasskraftverket på Kårstø står også som eksempel på at ein skal ta oljelobbyen sine påstandar med ei klype salt. Aller mest kritisk er Sæther – etter mitt syn med rette - til argumentet om at Norge må gi full gass i oljå av omsyn til å skaffa energi til dei fattige i verda. Det er ikkje akkurat dei fattige som er Norges viktigaste oljekundar, for å seia det slik.

Tøffare å forsvara

Mykje tyder på at det kan bli tøffare å forsvara den norske oljepolitikken når den internasjonale klimakampen krev meir handfaste resultat. Å verna regnskog i Amazonas er neppe nok i lengda. Oljeprisfallet og over 40.000 tapte arbeidsplassar dei siste åra er også ei påminning om risikoen ved å bli for avhengig av ei enkel, konjunkturutsett næring.

Norge skal driva med olje i mange år til. Men å heia ukritisk på oljå er å gjera både næringa og landet ei bjørneteneste. Ikkje minst venner av oljeindustrien gjer klokt i å ta på alvor Anne Karin Sæthers velfunderte varsku.

Publisert:

Les også

  1. Sakprosa: Sykkeljournalistikk om og for folket

  2. Sakprosa: Ny teori om Roald Amundsens død

  3. Sakprosa: Presten som forlot Gud

Mest lest akkurat nå

  1. Filmet mens han kjørte i 230 kilometer i timen i Ryfast

  2. Mastrafjordtunnelen åpen igjen - redusert hastighet og manuell dirigering

  3. Ødelegger Høibo for UiS med denne omtalen?

  4. Tesla traff tre på Forus

  5. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  6. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  1. Oljepolitikk
  2. Industri