Betre før, uferdig nå

BOK: Geir Olav Jørgensen avrundar med den sjuande romanen sin ein heil emnekrins.

Geir Olav Jørgensen kommer fra Husnes i Hordaland.
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Geir Olav Jørgensen: «Evangelium». Roman. 219 sider. Cappelen Damm.

For ein som har følgt Geir Olav Jørgensen (1971, debut 2006), er årets roman – den sjuande i forfattarskapen – ein nedtur. Med ein eg-forteljar jamgamal med Jørgensen sjølv og som ikkje legg nemnande distanse til forfattarens eigen person, er mangt og mykje i «Evangelium» gjenkjenneleg frå tidlegare bøker.

Hovudpersonen i desse bøkene er ein familiekjær sunnhordlending som er nært og sterkt knytt til oppvekststaden og den familien han spring ut frå, og den han så sidan skapar seg sjølv. Men frå ungdommen av og ettersom åra går, tar han også lesaren med på ei dristig og forviten ferd gjennom mange land og utfordrande opplevingar, gjerne forsterka av «psyko-aktive substansar». Men same kor langt og lenge han er vekke, kjem han alltid attende til utgangspunktet.

Gjennom førstedelen av årets roman fører han inn noko nytt ved at forteljarens far får hovudrolla, rett nok fordi han er så viktig for forteljaren sjølv. Faren er dødssjuk, og historia følgjer han gjennom den siste tida fram til død og gravferd. Jørgensen teiknar eit gripande bilde av ein flott mann, ein god far, arbeidar og ektemann i sitt sørvestnorske bygdelandskap, kjærleg, omsynsfull og helst tagal; ein kraftful mann som kreften tar kreftene frå og piner til døde.

Denne prosessen og tida det tar, er inntrykksvart fortald. Nå er det samstundes så at behovet for tru, i tydinga ei gudstru som kan bera livet igjennom og endå lengre, blir påtrengande for han «når det røyner på». Forteljaren har vore på leit heile livet, men verken heimenorsk barnetru, droger eller reiser i meir austlege retningar har gjort nytta. Nå søker han hjelp hos kristentruande der han har dei.

Jørgensen har ein gjennomført, ein medrivande, forteljar, men han er ikkje mykje til tenkjar, og både dialogane mellom folk han søker hjelp hos og refleksjonane han gjer seg, er hjelpelause. Det same gjeld for den mildt skuldprega sidehistoria om barndomsvennen som sit fast i ein rus han sjølv har kome or, og som døyr, for å bli gravlagd jamsides forteljarens far.

Det verste er likevel at romanen utan nokon påviseleg funksjon i teksten er skjemma av mykje språkleg-grammatisk rusk og «gale» ordformer. Saman med ein herskare fråverande leseteikn presenterer boka seg som uferdig. Det skal forlaget klandrast for.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Er det mogleg at etter­ordet kan vera den beste delen av ei bok? Det påstår Aften­bladets kritikar her

  2. Sexorientert terapi-roman

  3. Først og fremst spennende og velskrevet, og som bonus kan du lære noe

  4. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  5. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  6. En politisk roman som skaper rene krim­spenningen

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse