Tru mot feminismen

BOK: Fenomenale tilløp, litterær tyggemotstand og litt sand i maskineriet.

Rachel Cusk er født i Canada i 1967 og tilbragte barneårene i LA, før hun flyttet til Storbritannia i 1974. Hun slo for alvor gjennom med «Omriss-trilogien» (2018-2019).
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Rachel Cusk: «Et tilfluktssted». Roman. 192 sider. Omsett av Agnete Øye. Gyldendal.

Alle som har lese bøker av Rachel Cusk, veit at den kanadisk-britiske forfattaren er språkdyktig, stilsikker og skarpsynt nok til å gi lesaropplevingar som verkeleg lear på ting inni lesaren. Det blir nesten overflødig å nemna at også årets utgjeving er velskriven.

Om tematikken er velkjent, inneber ikkje det i denne samanhengen oppbrukt, for Cusk utforskar nyfikent det intrikate relasjonelle spelet mellom menneske som kjem tett på kvarandre og som viklar seg inn i kvarandre sine liv, utan at det finst enkle løysingar på noko når det dreg seg til. Ho skriv seg inn i tematikken med fornyande kraft og manande symbolikk.

I «Et tilfluktssted» blir vi kjende med den middelaldrande, kvinnelege eg-personen, først som utforskande og ung i Paris, der både møtet med ein parodisk djevel på toget og verka til ein bestemt kunstnar, L., set spor som legg djupe føringar for livet hennar vidare.

Deretter møter vi henne 15 år seinare, som, tja, ei slags bondekone, ute på den engelske landsbygda, på marsken, som dette fløymande og fruktbare mellomstykket mellom havet og fastlandet vert kalla. Det er eit vakkert område, og på garden der ho bur med mannen Tony har dei sett i stand eit hus nummer to på eigendomen sin, eit hus dei kom over litt på slump, og som dei rett og slett måtte renovera for å bli kvitt denne forferdelige, menneskelige formen for tristhet som husruinen representerte.

Mykje av handlinga i romanen utspeler seg nettopp i spenninga mellom dette huset, «det andre stedet» og heimen til den namnlause hovudpersonen, M, og ektemannen. Det nyrenoverte huset vart nemleg dedikert «de høyere tingene»; kunst og dikting og menneske som representerer dette.

På eit tidspunkt inviterer eg-personen den nemnde kunstnaren L til å bu her. Romanens gravitasjon frå opningsssidene slår inn for fullt, og ikkje overraskande vert samspelet mellom dei fastbuande, inkludert dottera Justine og hennar kjæraste, den nytilflytta kunstnaren og hans svært unge kvinnelege (og aldeles nydelege) reisefølgje Brett, svært komplisert.

Kva er det ved L og kunsten hans som gjer han så definerande for hovudpersonen? Cusk brukar både ein underspelt dramatikk og meir eksplisitt brutale og overraskande grep for å undersøka slike dragningar og understraumar i eit menneskeliv. At handlinga utspeler seg i eit område der tidevatn-straumar er ein nødvendig del av tilveret gir tvitydige djupner som Cusk-lesarar vil kjenna att. Dette er interessant litteratur!

Den feminismen som Rachel Cusk er vidgjeten for, er ho tru mot også i årets utgjeving. Den svært konsekvente synsvinkelen hos den kvinnelege hovudpersonen er berre eitt uttrykk for dette. Dottera Justine er også ein langt meir utvikla karakter, mens mennene i stor grad er typar skildra med distanse. Også kunstnaren L., som på mange måtar er i brennpunktet for handlinga, har ei svært sekundær rolle.

Eit viktig spørsmål romanen tek opp, er jo kva som skjer der ei kvinne let seg definera av å bli sett og portrettert av ein mann. Det fine med Cusk er at ho ikkje legg opp til at vi må dela hennar posisjon for å ha glede av hennar perspektiv.

Til slutt ligg det kanskje eit lite, ufint spørsmål att: kvifor lukkast ikkje Rachel Cusk endå betre i denne romanen, når råmaterialet er der, når den poetiske krafta kan sansast på lang veg og når landskapet, både i overført og faktisk tyding er så dragande?

Denne gongen står forma faktisk litt i vegen. Romanen er fortalt som ei slags inderleg vedkjenning til ein viss Jeffers, eit grep som i og for seg er interessant og svært litterært, ettersom det gøymer ein referanse til verket av M. D. Luhan, som Cusk også nemner med takk til sist i romanen.

Luhan fortel nemleg si historie som vertinne for forfattaren D. H. Lawrence til ein viss Robinson Jeffers, og ettersom Cusks roman er ment som en hyllest til Luhans ånd, er det kanskje eit grep som trengst for å skapa eit ekko frå D.H. Lawrences dagar.

Her er imidlertid mange andre referansar til dette «moder-verket», og dermed kjennest «Jeffers-grepet» litt unødig dominerande, og også årsak til at romanen tidvis vert ukledeleg gravalvorleg.

Eit anna moment for oss som les den norske utgåva, er tittelen «Et tilfluktssted», som er blitt valt for å gjengi den engelske «Second place». Utan å ha lese heile den engelske utgåva, kjennest dette ikkje heilt vellukka, når også «det andre stedet» i teksten vert brukt om det aktuelle kunstnarhuset som speler ei slik sentral rolle, både som symbol og struktur.

Den norske tittelen «Tilfluktsstedet» står liksom berre att som ein halvhjarta tittel utan noko vidare kraft inn i teksten, slik det er openbert at originalen legg opp til.

Alt i alt ei lesaroppleving med litterær tyggemotstand og lange linjer i eit landskap med fine djupner.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Dvelende om kvinner og barn under tysk okkupasjon

  2. Ein nedtur

  3. Slik snakkar du til nordmenn som er skeptiske til store ord

  4. Når Martin Kolberg fortel si historie, er Jagland sjefsskurken – i hard konkurranse med Valla og Giske

  5. Pinefull lesning til siste slutt

  6. Ambisiøs og imponerende første bok i bebudet tri­logi fra ameri­kansk stjerne­for­fatter

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse