Absurd, varmt og velskrive frå eit litterært overskotslager

BOK: Underfundige utbrot av humor og harselas.

Mona Høvring er aktuell med «Soga om Fråid».
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Mona Høvring: Soga om Fråid. 129 sider. Samlaget.

Kritikarroste Mona Høvring har sidan sin litterære debut i 1998 gjeve ut ein variert bukett bøker; ei blanding av diktsamlingar og romanar som både femner vidt tematisk og som gjerne vågar å prøva ut heilt nye litteraturtrasear. I haustens roman, «Soga om Fråid» – med undertittelen «hans meiningar og livskjensle som også inneheld somme salige stunder» – røper alt tittelbladet at Høvring denne gong er ute på leik og moro, langt utanfor ordinære romanløyper.

Dette er uansett ein familieroman, og i sentrum finn vi den unge, filosofiske Fråid (som på ironisk vis må spørja bror sin, Terje Eddipus om hjelp til å tyda draumane sine). Handlinga utspeler seg for det meste i heimen, som han deler med den nemnde storebroren og veslesøstera Eva. Mora forlèt dei brått og brutalt, noko Fråid omtalar som ein av få «smerteleg seige mentale smellar og karamellar» i livet, mens faren August Augustus Vulgaris er sjømann og mykje fråverande. Søskena sin eksentriske kvardag vert skildra i korte, sprelske, episodiske kapittel, og vi slår følgje med Fråid i ein fase av livet der han ikkje uventa drøymer om Kjærleiken. Tankane krinsar om den eggjande gymlæraren, Samantha S. Johansen, den smartaste jenta i fylkeskommunen, Belinda Albasini og draumane si forjetta Glinda, alt mens han prøver å skapa meining og finna glede i livet slik det er. Fråids allereie rare univers har også rom for ytterlegare kaoskrefter, først og fremst representert ved farens kjærast, Demona de Sjavy. Men Fråid let seg ikkje så lett vippa av pinnen. Tvert i mot søkjer han til den krakilske stemor si for både kjærleiksråd og hjelp med matteleksa. Trass fleire harde slag er det også tilløp til håp for den unge helten vår.

Høvrings sprø situasjonskomikk syner ein forfattar som disponerer eit overskotslager av personskildringar, ord, vendingar og ikkje minst absurde hendingar, som i denne romanen får eit hemningslaus utbrot. Legg til eit kolossalt knippe litterære og populærkulturelle referansar, frå den vonde heksa Glinda frå trollmannen i Oz i rolla som Fråids draumekvinne til Randi Hansens «Hvis jeg fikk være sola di» som romanens etter kvart forløysande lydspor, så har du ein nokså uoversiktleg miks. Språket er tilsvarande prega av ein uhemma leik med engelskimport, ordspel og allstadnærverande allitterasjonar. For mange blir dette garantert too much, for nokre heilt to the point, men Mona Høvring har uansett makta å legga sin familieroman heilt utanfor allfarveg, og det er ei lesaroppleving som osar av oppfinnartrong og kreativitet. Sjølv om romanen bikkar over i det tilgjorde her og der, ettersom alle scener og alle dialogar er underlagt same absurde stilkrav, er det alt i alt forfriskande å lesa slikt. Mona Høvring inviterer uansett raust med på leiken, og som med all fartsfylt leik, er poenget først og fremst å hiva seg med. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Sprudlende flott roman

  2. Et lite mesterverk

  3. Klimaangst og økosorg

  4. Bøkene hans er solgt til 19 land – og denne romanen er skjønn

  5. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  6. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Roman
  5. Litteratur