Kvifor ingen konflikt på Kapittel?

KOMMENTAR: Det er pussig at ein litteraturfestival som feirar ytringsfridomen - og som handlar om noko så dramatisk som revolusjon - ikkje byr på ei einaste farleg ytring og null konflikt.

Publisert: Publisert:

Det er koselig på Kapittel. Sjølv når det handlar om noko så dramatisk som revolusjonar. Foto: Aasland, Jarle

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Årets Kapittel-festival blei så vellukka at det er på tide å ha litt malurt i begeret. For sjølv om det - som vanleg - er masse interessant på programmet og festivalen sette ny billettrekord, lir Kapittel - som vanleg - under manglande vilje og evne til å gå inn i det farlege, det konfliktfylte, det kontroversielle.

Kvifor bør Kapittel gjera det? Blant anna fordi det offisielle namnet på festivalen er «Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet». Kva er poenget med ytringsfridom? Jau, å sikra dei kontroversielle, «farlege», upopulære og vanskelege ytringane. Ytringsfridomen er ikkje viktig for å sikra meiningane som er mainstream, men dei som går motstrøms. Det er ikkje den gode samtalen, det lærde foredraget eller den koselige bokpraten paragraf 100 i Grunnlova handlar om, det er dei frimodige ytringane, dei som risikerer noko ved å ytra seg fritt.

Kontroversiell i utlandet

Kapittel byr gjerne på gjester som er kontroversielle og som har fått føla konsekvensane av å koma med «farlege» ytringar. Men felles for dei aller fleste av desse, er at dei kjem frå land og problemstillingar langt borte. I Stavanger blir dei konsekvent møtt med sympati og semje, både på scenen og i salen.

Og - som vanleg - er det ingen med ansvar for det som blir kritisert til stades, ingen med makt, verken i salen eller på scenen. Slik kan den litterære, intellektuelle debatten trygt halda fram i si vesle boble, på sida av dei verkelege maktstrukturane, heilt fri for motargument eller påverknadskraft.

Kritiske motstemmer?

Litteraturfestivalens problem er, paradoksalt nok, at han ikkje byr på kritiske motstemmer. Dei som måtte vera kritiske motstemmer, framfører monologar der dei ikkje blir motsagde, eller blir plasserte i panel der alle er einige. Dei representerer jamt over haldningar «alle» på den liberale sentrum/venstresida allereie deler. Dermed kan det typiske litteraturfestivalpublikummet sitja der i salen og nikka og synast at det er vel tala - sidan dei som snakkar seier akkurat det me allereie meiner og er einige om. Det er som møter i menigheten, der talar og publikum gjensidig stadfestar kvarandre i at dei har rett. Me slepp å høyra noko me ikkje liker. Men me er glødande tilgjengjarar av ytringsfridomen, altså!

Om ein er interessert i å belysa eit tema eller ei problemstilling, vil eg hevda at ein gjer det best gjennom å bringa ulike perspektiv, synspunkt som utfordrar kvarandre, altså konflikt. Dette handlar om programmering. Kapittels metode er denne: Når du skal diskutera den nordiske feminismen, lagar du eit panel med fire, kvinnelege feministar frå Norden. Når to forfattarar som var del av AKP(m-l) skal på scenen, er det ingen forfattarar eller intellektuelle som ikkje blei revolusjonær til stades. Og når tre kapasitetar frå utlandet skal snakka om nødvendige revolusjonar, men ender med å diskutera flyktningkrisa, er dei heilt einige - om eitt av dei mest kontroversielle tema i vår tid.

Eg var sjølvsagt ikkje på alle dei 139 arrangmenta, men det næraste eg kom å oppleva usemje på scenen, var då Asle Toje deltok i panelet som diskuterte Europa. Toje er ei konservativ stemme. Det er dundrande eksotisk og motstrøms på litteraturfestival, viser det seg.

Spissa møteleiing

I tillegg til programmeringa, har møteleiinga mykje å seia for om ein klarer å spissa arrangementa, få fram ulike synspunkt og auka temperaturen i samtalen. Også her har Kapittel framleis ein veg å gå. Det blir for mykje medhårs og til dels beundrande koseprat, for utydeleg styring av debatten, enkelte fungerer rett og slett for dårlig som møteleiarar eller på ei scene. Sånt må Kapittel sjekka ut på førehand.

Eg kan sannsynlegvis klagast for å ha ei for journalistisk, og ikkje litterær, tilnærming til dette. Men eg meiner likevel at ein litteraturfestival som Kapittel har noko å læra av journalistikkens konfliktorientering, vinkling og spissing om ein vil diskutera viktige tema i tida. Det kan føra til litt bråk, til usemje og konflikter. Men kva anna skulle ein forventa av ein festival som prisar det frie ordets dristige bruk - og attpåtil handlar om revolusjonar?

Publisert:

Les også

  1. Billettrekord på Kapittel

Mest lest akkurat nå

  1. SAS-kaptein fløy til Stavanger med promille – dømt til fengsel

  2. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  3. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  4. For farlig å dykke i elva nå, håper på lavere vannstand

  5. Har mest sannsynleg blitt smitta her i regionen

  6. Myndighetene fraråder unødvendig reise til utlandet. Men hva med unødvendig reise i Norge?

  1. Litteratur
  2. Kapittelfestivalen
  3. Konflikt
  4. Stavanger
  5. Sølvberget kulturhus