Er øvingslokalet stengd? Okei, men det er ikkje hagen!

Når koronaviruset skapar problem, skapar korpsa løysingar. Og ser fram mot 17.mai med håp om betre tider.

Sjå, der spelar korpset - midt i ein privat hage. Foto: Fredrik Refvem

  • Toralf Larsen Vallestad
    Journalist
Publisert: Publisert:

– Smittevernet kjem fyrst, det må me ikkje gløyma, seier Lilli Anne Jacobsen Grong, dagleg leiar for Norges Musikkorpsforbund i Rogaland.

Men 22. april vart det fastsett at det blir lov å arrangera korpsøvingar på maks 30 personar, så lenge dei held to meters avstand til kvarandre. Desse 30 personane blir delte opp i grupper med fem personar som held fire meters avstand til gruppa bak.

Fleire korps er allereie i gang med øvinga. Dei har i likskap med andre fritidsaktivitetar aktivitetar fått retningslinjer og presiseringar for kva som gjeld. Norsk musikkråd har teke smittefaren på alvor og forbyr mellom anna folk som er sjuke å delta på øvingar, og det skal vera rikeleg med plass.

Utnyttar situasjonen til det fulle

Jernbanens musikkorps ga seg ikkje så lett då øvingslokalet deira på Eiganes blei utilgjengeleg. Dei har valt å snu situasjonen som best dei kan, og ser ut til å lukkast med det. Når det gjeld plass og avstand mellom musikarane, blir ikkje det noko problem når korpsets leiar Line Geheb inviterer heim til sin eigen hage for å øva. Korpset som eigentleg består av 62 musikantar, har per dags dato blitt til 26 personar som samlar seg for å øva.

Torbjørn Dahl er dirigent for Jernbanens Musikkorps – og må øva på utradisjonelle stader. Foto: Fredrik Refvem

– Det er jo veldig hyggeleg at kommunen ønskjer at me skal spela, sjølv om me ikkje kan annonsera kvar, seier Geheb.

Men etter kulturminister Abid Raja la fram nye retningslinjer torsdag, vonar ho det blitt litt enklare framover. Mellom anna håpar ho dei likevel får fortelja kvar dei skal spela.

For speling blir det uansett. Dei kjem til å spela på sjukeheimar og i ulike bydelar. Geheb ser lyst på situasjonen og seier at ja, det blir ein hyggeleg 17. mai sjølv om han blir annleis.

God stemning

John Henning Nilsen spelar saksofon og har spelt i Jernbanens Musikkorps sidan 1979 og er ein av dei som har vore med lengst. Situasjonen er spesiell, men han har likevel ikkje noko å seia på stemninga på øvinga i Gehebs hage.

– Det er kjempekjekt, seier han.

Musikken fyller gatene, men ikkje slik han hadde gjort på ein vanleg 17. mai. Det er mykje som tyder på at korpsmusikken ikkje er å forakta av naboar heller. Etter å ha spelt litt var det nokre av dei som stoppa opp for å få med seg kvar musikken kom frå.

– Dette var bra, du høyrer at desse her ikkje er amatørar, seier nabo Geir Lorens Jørgensen som tok med familien for å sjå kvar musikken i gata kom frå.

  1. Mar Saiz Aparicio ser ut til å ta uteøvinga med godt humør. Foto: Fredrik Refvem

  2. Ingunn Førre spelar tverrfløyte medan nysgjerrige naboar gler seg over musikken. Foto: Fredrik Refvem

  1. John Arvid Pedersen spelar bass. Bak er tilfredse naboar på gratiskonsert. Foto: Fredrik Refvem

  2. Helene Tønnesen og Cathrine Egeland, waldhorn. Foto: Fredrik Refvem

Hageeigaren sjølv, Line Geheb med tverrfløyte i eigen hage. Foto: Fredrik Refvem

Ikkje optimalt

Helene Tønnesen og Cathrine Egeland er dei einaste som spelar waldhorn i korpset. Dei tykkjer det er fint at dei får spela ute, sjølv om det er kaldt. Dei nye reglane gjer at dei kjenner seg litt meir aleine når dei spelar enn til vanleg kor ein står tett i tett.

Det er ikkje optimalt, men når du går i korps gjer du deg ikkje så lett, seier Tønnesen.

Sjølv om vinden røskar i notearka, og veltar over notestativa i ny og ne, er det likevel ein gjeng som gleder seg til å bidra med korpsmusikk på 17. mai i år, enn om det ikkje blir slik me kjenner til.

Økonomisk tap

Som organisasjonar flest denne perioden, er det òg vanskeleg for korpsa å oppretthalda ein stabil økonomi som før. Kultur- og likestillingsminister minister Abid Q. Raja diskuterte 29. april den krevjande situasjonen med Korpsnett Norge og Norges Musikkorps Forbund. Det kjem fram at det ikkje er billettinntekter og liknande som er der hovudkostnaden ryk. Det verkeleg store økonomiske tapet kjem av avlyste loppemarknader, dugnader, eller speleoppdrag.

– Me har dyktige og allsidige folk av alle yrke. Me hjelper til litt overalt, opplyser ho.

I Jernbanens Musikkorps sitt tilfelle, har dei greidd å venda om på situasjonen på eigenhand. Geheb seier at dei skjemtande omtalar seg ”Jernbanens Flyttebyrå”.

1919 i smågrupper

Stavanger Musikkorps av 1919 har kome til den avgjerd at dei ikkje kjem til å fylla gatene med musikk på nasjonaldagen i år. Det er tydeleg at krisen gjer store utslag. Dei vil i staden spela i kvintettar på kyrkjelydar og sjukeheimar i samråd med Stavanger kommune.

– Med dei reglane som kom 22. april, er det ikkje mogleg å gjennomføra fordi me er 60 musikantar, seier leiar for korpset Henning Haaland.

Øvingslokalet deira på den gamle kulturskulen er stengd, og dei har ikkje tilgang til bygget. Ettersom bandet er så stort, er det vanskeleg å finna ein stad kor 60 personar kan møtast for å spela. Haaland seier at den økonomiske situasjonen for korpsa er særleg vanskeleg.

– Det er pyton, og det er mange musikkorps som slit, og kanskje må leggja inn årane, seier han.

Publisert:

Les også

  1. Flere konsertscener jubler over nye koronaregler: - Jeg ble så glad at jeg begynte å grine!

Mest lest

  1. Bostyrer vil politi­anmelde Eddi Eidsvåg etter konkursen

  2. Sandnes-selskap vil ha ansatte i permanent hjemmekontor

  3. Det murres i Sola og Randaberg om havne­samarbeid

  4. Høie med dyster beskjed til mosjonsløpene. Arrangørene: – Det er fryktelige nyheter.

  1. 17. mai
  2. Koronaviruset
  3. Korps
  4. Musikk