Smerte­full sjukdoms­historie

BOK: Trippel-lansering svarer ikkje til forventingane.

Publisert: Publisert:

Karen Havelins roman «Les pakningvedlegget nøye» er kanskje mest interessant for dei som vil lære meir om den kroniske sjukdommen endometriose, skriv Aftenbladets meldar. Foto: Anne-Julia Granberg

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
Grade: 3 out of 6 stars

Karen Havelin: Les pakningsvedlegget nøye. Roman. 222 sider. Cappelen Damm.

Denne debutromanen blir gitt ut både i Noreg, England og USA på same tid. Det er ei bragd i seg sjølv og skulle vere eit kvalitetsteikn for ein debut.

Romanen handlar om ei nyskilt norsk kvinne med to-åring i New York som verker som ho har det ganske greit. No er til og med eksen som ho saknar i byen. Det blir spanande å lese om det blir noko mellom dei to, tenkjer eg. Men nei, då skal romanen skue tilbake, og tilbake og tilbake. Bak i tid og sjukdomshistorie, kjærleikshistorier og familieliv.

Det viser seg at denne kvinna har eit liv med den kroniske sjukdomen endometriose i tillegg til hyper-allergi og astma. Boka gir eit utførleg bilete på korleis det er å ha denne sjukdomen. Eg spør meg sjølv: Korleis skrive bok om smerte som ikkje er smertefull å lese på den vonde måten? Eg syns ikkje forfattaren får det til. Viss poenget med boka er å skjøne kor grusomt endometriose er, så har ho fått det til, men skal ikkje poenget vere å også imponere meg med glitrande skrivekunst?

Eg anar ulike tematikkar i boka. Korleis ein identitet blir forma av motgang. Korleis identitet blir forma av familie. Eg anar at denne smerte-erfaringa har gjort denne Laura glupsk på livet. Ho tar for seg når ho kan, for elles er livet fullt av smerter frå noko som ho aldri kjem til å bli frisk av. Eg anar ein svært iherdig, seigliva og sta person som gjer alt ho kan for at sjukdommen ikkje skal setje hindringar for kva ho vil i livet. Eg anar også ein vilje til å glimte håpet, at bak skyene er himmelen alltid blå-tankegang.

Eg anar også ein tematikk om skilnaden mellom Noreg og New York. Det er noko med Noreg som gjer at Laura ikkje klarer å gi gass. Sleppe seg fri. Kva er det? Eg syns forfattaren blir for vag i skildringane her. Eg skulle ønske forfattaren var litt meir konkret.

Eg hadde gjerne sett at forfattaren skreiv meir om Laura som nyskilt enn om korleis ho kom til New York. Tilbakeblikka gir større innsikt i Laura sitt liv og her er det den smertefulle sjukdomshistoria som gjer størst inntrykk. Sånn sett er denne romanen kanskje mest interessant for dei som vil lære meir om den kroniske sjukdommen endometriose.

Publisert: