Politisk detektiv vil oppklara den sosialdemokratiske krisa

SAKPROSA: Halvor Finess Tretvoll gir glimrande skildringar av den sosialdemokratiske krisa i Europa. Men løysingane slit også han med.

Publisert: Publisert:

I Storbritannia slit Labour-leiar Jeremy Corbyn med å koma på offensiven, trass i at det er fullt Brexit-kaos hos dei konservative. Foto: TOBY MELVILLE / X90004

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 of 6 stars

Halvor Finess Tretvoll: Sosialdemokrati i en skjebnetid. 444 sider. Res Publica.

Det er ‘kje greit å vera sosialdemokrat i dag.

I land etter land i Europa har det før så stolte sosialdemokratiet gått på dramatiske valnederlag dei siste åra. I Frankrike og Hellas er dei sosialdemokratiske partia nærmast utraderte, i Tyskland og Italia er dei reduserte til mellomstore parti.  I Storbritannia slit Labour med å koma på offensiven, trass i at det er fullt Brexit-kaos hos dei konservative.

Korleis har sosialdemokratane hamna i denne krisa?  

Halvor Finess Tretvoll, redaktør i Agenda Magasin, har reist Europa rundt for å finna svar. Han har besøkt Tyskland, Spania, Sverige, Italia, Frankrike og Storbritannia før han avsluttar i Norge.

Som ei blanding av Sherlock Holmes og Sokrates granskar Halvor Finess Tretvoll det politiske landskapet.

Detektiv og filosof

Det har blitt ei spennande reise. Som ei blanding av Sherlock Holmes og Sokrates granskar Tretvoll det politiske landskapet, snakkar med folk (rett nok fleire politikarar og ekspertar enn vanlege veljarar), lanserer hypotesar og diskuterer dei ope med lesaren som vitne. Samstundes gir han  grundige og lesverdige innføringar i den politiske historia til kvart enkelt land. Boka er full av velformulerte og ofte vittige observasjonar. For politisk interesserte er denne delen av boka ein skikkeleg sidevendar.

For politisk interesserte er denne delen av boka ein skikkeleg sidevendar.

Sjølv om kvart land har sine særtrekk, slit sosialdemokratia med mange av dei same problema. Dei står i spagat mellom høgre og venstre, arbeidarklasse og middelklasse, overnasjonalitet og nasjonalstat, EU-begeistring og EU-skepsis, multikulturalisme og innvandringskontroll, økonomisk kamp og identitetspolitikk, populisme og ansvarleg styring.

Overalt merkar Tretvoll også ei erkjenning av at dei sosialdemokratiske partia gjekk for langt over på  motstandaren sin heimebane på 1990-talet. Då dei aksepterte marknadsreformer som gjorde politisk styring og omfordeling vanskelegare, og som i fleire tilfelle ramma velferdsordningar, vart sosialdemokratane altfor like dei moderate høgrepartia. Dermed opna det seg eit rom for høgrepopulistane, som kunne framstilla seg som «dei nye arbeidarpartia».

Tapet sine eigne av syne

Sosialdemokratiet slit med å representera dei gruppene det i si tid vart til for, oppsummerer Tretvoll. Marknadsreformene, men også profesjonaliseringa av politikken, har medverka til det. Som ein radikal Labour-aktivist seier til forfattaren: «Man mistet noe helt vesentlig av syne (…) menneskenes egne opplevelser av sine liv.» I Sverige vart dei LO-tillitsvalde i flanellskjorte og skinnvest på partilandsmøta gradvis erstatta av «en gjeng som så ut som direktører, som hørtes ut som direktører og som også ofte var direktører».

En gjeng som så ut som direktører, som hørtes ut som direktører og som også ofte var direktører...

Tretvoll konstaterer også at sosialdemokratiet har vanskar med å forhalda seg til det som den britiske journalisten David Goodhart har kalla konflikten mellom «anywheres» og «somewheres», mellom dei som finn seg til rette i ei kosmopolitisk, grenselaus verd i rask endring, og dei som er knytte til lokalsamfunn og tradisjonar og oppfattar forandringane som truande.

Derfor er det synd at forfattaren ikkje har inkludert Danmark blant reisemåla sine. Der har sosialdemokratiet slått inn på ei meir verdikonservativ linje, ikkje berre gjennom ein strengare innvandringspolitikk, men også gjennom ein tydeleg motstand mot sentralisering og New Public Management-reformer i offentleg sektor. Slik ser dei danske sosialdemokratane ut til å fanga opp mykje av dei same straumdraga som har gitt Senterpartiet vind i segla i Norge, og i skrivande stund ligg det an til sosialdemokratisk framgang og maktskifte i Danmark.

Slagordprega løysingar

Det må dessverre seiast at boka taper seg ein del når Tretvoll kjem tilbake til fedrelandet. Omtalen av Norge er ganske grunn, og det hjelper dessverre ikkje når mykje av plassen går med til eit lengre intervju med Jonas Gahr Støre. Avslutningsvis kjem forfattaren med ein del råd om korleis sosialdemokratiet skal koma på offensiven igjen. Med all respekt kunne dei vore henta frå Arbeidarpartiets program, dei er generelle og slagordprega og understrekar dermed indirekte at oppgåva ikkje er enkel.

Pedantane blant oss kan også la seg irritera av at ein god del namn er skrivne feil. Men det bør ikkje forstyrra hovudinntrykket, nemleg at at Halvor Finess Tretvoll har gjort eit imponerande etterforskingsarbeid med å forklara den sosialdemokratiske krisa i Europa.  Så får heller andre ta jobben med å finna nye løysingar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Leteaksjon etter ung kvinne i Sandnes

  2. Se Viking mot Viking i treningskamp her

  3. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  4. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  5. Vi følger pinse-hjemfarten

  6. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  1. Politikk
  2. Høyrepopulisme
  3. Jonas Gahr Støre
  4. New Public Management
  5. Populisme