Tidenes kulturpolitiske skandale

KOMMENTAR: Skaffar ikkje kulturminister Abid Raja (V) pengane han lova kulturlivet for å gjennomføra arrangement, blir han ansvarleg for tidenes kulturpolitiske skandale.

19. januar presenterte kulturminister Abid Raja (V) stimuleringsordninga til kulturlivet for 2021 og oppfordra folk til å gjennomføra arrangement. Mange av dei som lytta til han, risikerer nå store økonomiske tap. Foto: Stian Lysberg Solum

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Kulturaktørane som gjorde som Abid Raja og Kulturrådet sa, risikerer nå milliontap, konkurs og nedstenging.

Ikkje på grunn av koronaen, men som ein direkte konsekvens av at dei stolte på kulturministerens ord.

Ikkje fordi pandemien hindra dei i å gå på scenen, men fordi dei tok på seg arbeid og utgifter for å halda kulturlivet i gang - slik Raja oppfordra dei til.

– Gjennomfør arrangement!

Abid Raja har gong på gong sidan i fjor haust oppfordra landets kulturaktørar til å planleggja og gjennomføra arrangement innanfor gjeldande smittevernreglar. Målet har - prisverdig nok - vore å halda så mykje som mulig av kulturlivet i gang. Raja har - prisverdig nok - argumentert for at det skal lønna seg å gjennomføra arrangement framfor å avlysa.

Smittevernreglane har veksla mellom å setja publikumsgrenser på 20, 50, 100 eller 200 personar. Det betyr i praksis at nesten ingen av dei har kunna gå i pluss. Men Raja lova at regjeringa skulle stilla opp og dekka det økonomiske mellomlegget, gjennom den såkalla «stimuleringsordninga».

Som Raja sa då han 19. januar la fram forskrifta for ordninga for første halvår 2021:

– Det skal lønne seg å gjennomføre arrangementer framfor å avlyse. Når det nå åpnes opp for mer aktivitet, håper og tror jeg de fleste vil se på hvilke muligheter som finnes for å gjennomføre sitt arrangement. Stimuleringsordningen vil hjelpe sektoren med å skape aktivitet.

Raja sa at regjeringa hadde sett av 1,065 milliardar kroner til stimuleringsordningar for kulturlivet i første halvår 2021. Nå seier Kulturrådet at dei berre har 400 millionar til utdeling i stimuleringsordninga og at avslaga skuldast manglande pengar. Kor blei dei siste 665 millionane av?

Julekonsertar og jobb

Før jul fekk alle som oppfylte kriteriene innvilga sine søknadar om stimuleringsstøtte. Dermed oppfylte Raja lovnaden om at publikum skulle få oppleva julekonsertar også i 2020 - mens kulturlivet endeleg fekk jobba igjen.

Raja sa sidan at stimuleringsordninga ville bli vidareført i 2021, og presenterte altså i januar ei forskrift der det knapt var endringar på innretninga. Etter «Kurt-gate» blei det rett nok sett ei øvre grense på 45.000 kroner i artisthonorar, i seg sjølv ei fornuftig endring.

Les også

Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

Les også

Kurt Nilsen fikk kritikk for millionstøtte. Nå foreslås maksgrense for artisthonorar

Dermed har kulturlivet over heile landet både planlagt og gjennomført kulturarrangement innanfor smittevernreglane både i januar, februar, mars og april. Og planlagt nye arrangement for mai og juni. Alle har fått med seg korleis ordninga fungerte før jul, alle har fått med seg Rajas lovnader, alle har lese Kulturrådets kriterier. Etter ein komplisert start på koronaåret våren 2020, hadde kulturlivet endeleg forutseibare rammer å jobba med.

Les også

Går det an å driva kulturlivet nå?

Dolka i ryggen

Det er derfor det - med rette - kjennest som å ha blitt dolka i ryggen og lurt når det plutseleg ramlar inn avslag på søknaden, slik så mange opplevde mandag.

Som konserthusdirektør Per-Harald Nilsson i Stavanger sa til Aftenbladet: «Vi ble lovet forutsigbarhet. Vi har dessverre fått det motsatte». Konserthuset søkte som arrangør om 2,2 millionar kroner i støtte, men fekk berre 160.000 kroner. Dei fekk stimuleringspengar til konserten med Oslo-bandet Valkyrien Allstars, men nei til konsertane med folk som Janove, Britt-Synnøve Johansen (som eg er gift med. Red. merk.) og Bernhoft. Kvifor denne forskjellsbehandlinga? Kvifor har nokon fått ja, mens andre - til forveksling like arrangement - har fått nei, eller berre delvis tilslag? Gudane veit.

Til saman er differansen mellom søknadsbeløp og innvilga pengar 300 millionar kroner. Det er ein gigantisk sum.

Nytt kriterium

Norsk kulturråd avslår og innfrir søknader etter «en helhetsvurdering». I forskrifta står det at det skal leggjast vekt på formålet med ordninga, med særleg vekt på god geografisk spreiing, mangfald av kulturuttrykk og at kulturtilbodet «oppleves som tilgjengelig og relevant for publikum.» Kulturrådet skal også ta omsyn til om planane for arrangementet var realistiske i lys av smittevernsituasjonen.

Dette var informasjonen søkjarane hadde då dei planla arrangementa og skreiv søknaden sin.

Men etter søknadsfristen har Kulturrådet overraskande bragt inn eit nytt - og fram til nå ukjent - kriterium: «I tillegg tas det hensyn til fordelingen som ble gjort i stimuleringsordningen høsten 2020 slik at det totalt sikres en god spredning blant tilskuddsmottakerne.»

Det skulle vore interessant å få ei forvaltningsmessig vurdering av dette. Er det innafor eller utanfor å endra tildelingskriteria etter at søknadsfristen er gått ut - og 3,5 månader ut i perioden ordninga gjeld for? Er det lov?

Kaos. Så konkurs

Nå står hundrevis av arrangørar, artistar og kulturbransje rådville igjen. Ikkje minst dei som allereie har gjennomført arrangement og fått overraskande avslag - og nå står igjen med enorme økonomiske tap. Skal i det minste dei få stimuleringsmidlar, slik Raja lova?

Og kva med dei som har planlagt arrangement framover - men har fått overraskande avslag på søknaden. Skal dei avlysa alt - og «berre» tapa alt dei har satsa til nå? Skal Raja slå knockout på kulturlivet på oppløpssida av koronakrisen?

Nå rår kaoset. Sidan kjem konkursane. Det er opp til Raja å rydda opp. For det var han som sette denne skandalen i gang.

Les også

  1. – Vi ble lovet forutsigbarhet. Vi har dessverre fått det motsatte

  2. Se hvem som får og hvem som ikke får kulturstøtte

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  2. Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

  3. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  4. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  5. Absurd kommuneregel

  6. Arbeidslivets store paradoks: Mange er utan arbeid, likevel manglar me arbeidskraft

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturrådet
  3. Abid Raja
  4. Kommentar
  5. Kulturpolitikk