Drapet som skaka verda

FILM: Konvensjonell dokumentar om drapet på Jamal Khashoggi – og forsøket på eit oppgjer.

Jamal Khashoggi (t.h.) var ein gong i den indre kretsen til mektige Mohammed bin Salman i Saudi-Arabia. Så blei han dissident – før han blei myrda og partert.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

The Dissident

Sjanger: Dokumentar. Regi: Bryan Fogel. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 52 minutt.

2. oktober 2018 gjekk Jamal Khashoggi inn i det saudiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia. Han gjekk aldri ut igjen. I staden blei han drepen, partert – og frakta ut igjen i plastsekkar.

Drapet på den anerkjende saudiske journalisten vekte heldigvis reaksjonar verda rundt. Alle spor peika tidleg mot Saudi Arabias mektige kronprins Mohammed bin Salman. Blant anna CIA meiner MBS, som han blir kalla, stod bak. At han ville kvitta seg med ei brysom motstemme, ein som nekta å halda kjeft. Å nekta å halda kjeft kan ha ein høg pris i mange land i verda.

Det er sånn sett ikkje eit mysterium som står fram som uløyst dokumentarfilmskapar Bryan Fogel tek for seg når han går inn i Khashoggi-saka i filmen «The Dissident». Men sjølv om mykje er kjent rundt Khashoggi og forsvinninga hans, får me ein heil del detaljar og informasjon som neppe var kjent for dei fleste av oss.

«The Dissident» er ein ganske konvensjonell, journalistisk dokumentarfilm både i form og metode. Me møter menneske som kjende Khashoggi, me blir kjende med bakgrunnen hans som insider i maktapparatet rundt MBS, korleis han gradvis blir meir og meir kritisk og flykta i eksil då det kjendest for farleg å bli verande i det lukka og autoritære landet. Og korleis han til slutt ender opp som dissident, i USA.

Filmen er klypt saman av arkivmateriale, intervju med venner, tyrkiske etterforskarar, kjærasten som stod utanfor og venta forgjeves, og heilt opp til toppar i både CIA og FN. Og klipp med president Donald Trump, som stolt signerte våpenkjøpavtalar til milliardar av kroner – og i ettertid valde å tru på MBS framfor CIA.

Det heile blir akkompagnert av ein straum av dramatisk musikk – sånn i tilfelle me ikkje fekk med oss kor dramatisk historia er. Litt i overkant dramatisk musikk, etter min smak. Litt i overkant konvensjonell i forma.

Slutteksten er deprimerande, etter nesten to timar med folk som snakkar om kor viktig det er å stilla dei ansvarlege til ansvar. Men klippen blei nok ferdig før det viste seg at heller ikkje president Biden kjem til å straffa MBS og Saudi-Arabia. Det var berre noko han sa i valkampen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Den eldste Egersund-cowboyen: Et stille og fint portrett

  2. Går det an å teikna ein doku­mentar­film om Taliban? Absolutt!

  3. Burde vært bedre

  4. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  5. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  6. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Mohammed bin Salman