Tøff og aktuell politithriller

FILM: Danske «Shorta» går rett inn i debatten om politi, innvandrargettoar, vald og lojalitet. Men på actionfylt vis.

Mike arresterer Amos for ein bagatell. Kollegaen Jens stoppar han ikkje. Dei står midt i ei sosial kruttønne. Korleis kjem dei seg ut?

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Shorta

Med: Jacob Lohmann, Simon Sears, Tarek Zayat, Issa Khattab, Özlem Saglanmak. Sjanger: Action / Krim / Dokumentar. Regi: Frederik Louis Hviid, Anders Ølholm. Nasjonalitet: Danmark, 2020. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 48 minutt.

NRK viser for tida den svenske tv-serien «Den tynne blå linjen» – som eg oppfordrar alle til å sjå. Serien viser på svært nyansert og realistisk vis kor komplisert det er for både politiet og innbyggjarane å navigera i ein innvandrarbydel i Malmö.

Danske «Shorta» (arabisk for «politi») går på eitt vis inn i den same problematikken, men på actionfilmens premiss. Det betyr mindre nyansar, meir bulder og brak, meir spenning og høgare tempo. Men det er likevel intelligent gjort.

Det heile startar med ein vond scene som alle dessverre vil kjenna att: Ein ung mann med mørkebrun hud blir lagt i bakken av uniformert politi.

«Eg får ikkje pusta,» stønnar unge Talib Ben Hassi, gong etter gong.

Talib er frå Svalegården, ein fiktiv forstad til København prega av store bustadblokker og mange ikkje-vestlege innvandrarar. Inn i denne gettoen køyrer politibetjentane Mike og Jens, sjølv om dei har fått beskjed frå sjefen om å halda seg unna bydelen for ikkje å piska opp stemninga og hatet mot politiet.

Mike (Jacob Lohmann) har eit temperament og haldningar til innvandrarar som gjer han til ein elefant i glasbutikken når han dundrar inn i Svalegården. Jens (Simon Sears) har fått beskjed av sjefen om å halda Mike litt i øyro – men det går dårleg. For skal ein vera mest lojal mot kollegaene – sjølv når dei gjer noko gale – eller mot folk dei møter på sin veg – som ikkje nødvendigvis har gjort noko gale?

Mike og Jens ender med å arrestera ein ung mann – Amos (Tarek Zayat) – for ein bagatell. Men når den unge mannen som ikkje fekk pusta døyr, eksploderer det i Danmark generelt og Svalegården spesielt. Korleis skal politifolka koma seg ut av denne livsfarlege labyrinten med liv, helse og ære i behald?

Korleis skal Mike og Jens koma seg ut av Svalegården med liv, helse og arresterte Amos i behald?

«Shorta» kombinerer brennande aktuelle sosiale og politiske spørsmål med actionfilmens formspråk. Dei to karane er machovariantar av politifolk, meir eindimensjonale enn politifolka me møter i «Den tynne blå linjen», men likevel ikkje pappfigurar. Særleg Jens kjem i tvil og indre konflikt med seg sjølv.

Innbyggjarane i Svalegården viser seg også å vera meir mangfaldige enn Mikes fordommar. Her er valdelege og kriminelle krefter, men også kjærleik, varme, omsorg, raseri og fortviling.

Men sidan dette er action, er alt drege til og spissa litt ekstra. Det gir meir spenning, men går på kostnad av realisme og truverd.

Kamera ligg tett på, musikken dundrar dramatisk, her er raske klipp, actionscener med flukt, vald og blodige slåstkampar. Som ein god thriller, sit du tidvis på tuppa i stolen og er spent på korleis dette skal gå. Og så har heldigvis regissørane – som debuterer som langfilmskaparar med «Shorta» – lagt inn nokre vendingar i løpet av filmen som er tilstrekkeleg overraskande og tankevekkjande til at det er spennande heilt til slutt.

Og for å avslutta med ei skikkeleg overrasking – som seier litt om denne filmens aktualitet: Opningsscenen med den unge, svarte mannen som ikkje får pusta var skriven, filma og klypt ferdig før George Floyd opplevde det same i USA.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ambisiøst tv-drama med internasjonal schwung. Dessverre viser det seg å bli for store sko å fylla

  2. Sprikende familiedrama

  3. Kan dette verkeleg vera sant? Sjølvsagt ikkje. Det er jo Hollywood...

  4. Hvis du bare skal se én påskekrim i år, bør du velge denne

  5. Grei krim om et utdrikningslag som går helt av hengslene

  6. Etterforskningskrim fra virkeligheten

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Danmark
  5. Filmanmeldelse