Atelierhuset på Tou opnar kunstbutikk

KUNST: Kunstnarane på Tou har gått saman om å opna ein ny, fysisk kunstbutikk i Atelierhuset – og oppfordrar folk til å kjøpa kortreist kunst direkte frå kunstnarane sjølv.

Signe Christine Urdal (t.v.) og Linnéa Blakéus Calder oppfordrar folk til å kjøpa kunst – og gjera det lokalt.
  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Det er litt paradoksalt at folk bruker titusenvis av kroner på å kjøpa eit designmøbel til huset sitt – men heng ein billeg plakat på veggen. Kvifor ikkje investera i eit originalverk av ein kunstnar, seier Signe Christine Urdal, styreleiar ved Atelierhuset på Tou.

Tysdag kjem eit koronavennleg fåtal prominensar, med ordføraren i spissen, for å opna den nye kunstbutikken på Tou. Kunstnarane som held til i dei 31 ateliera i Atelierhuset har gått saman om å opna ein ny, fysisk kunstbutikk, og kunsten som er til sals er stilt ut både i eit nyoppussa rom og i gangane i 3. etasje.

– Det er kanskje litt motstraums å opna ein fysisk butikk i desse tider, men folk set pris på å kunna sjå verka fysisk og samla, seier Urdal. Det er stor variasjon i form og uttrykk på verka i butikken, frå måleri via foto til kunsthandverk. Butikken skal drivast på dugnad, alle skal selja alle sine verk, og pengane går direkte til kunstnaren, utan fordyrande mellomledd.

Hardt ramma kulturliv

Kultursektoren er blant dei hardast ramma av koronapandemien. Biletkunstnarar har jamt over ikkje særleg robust økonomi frå før av, og lever for ein stor del på ein kombinasjon av offentlege stipend og sal på utstillingar eller faste galleri. Dei aller fleste har i tillegg bijobbar for å få økonomien til å gå i hop, i alt frå helsesektoren til kunstkonsulentoppdrag eller undervisning.

– Sidan de opnar butikk, la oss snakka business: Kven utgjer marknaden dykkar?

– Både bedriftkunstforeiningar og privatpersonar.

– Og kven er konkurrentane dykkar?

– Alle andre som sel kunst – og streng tatt alt anna som blir selt, svarer Linnéa Blakéus Calder. Ho fortel at enkelte av kunstnarane på Tou er tilknytt faste galleri som sel kunsten deira. Du kan også få kjøpt originalkunst på Hå gamle prestegard. Og når ein har salsutstilling, kan ein sjølvsagt få kjøpt kunst der også.

– Men når ein sel gjennom andre, går 35–40 prosent av prisen bort i provisjon, seier Calder.

– Me skjønnar jo at galleria må ha sine inntekter. Men samtidig er det viktig at me får inntekter på kunsten vår, seier Urdal.

Også gangane på Tou er tekne i bruk for å visa fram kunsten i kunstbutikken.
Atelierhuset på Tou har 31 atelier for lokale kunstnarar.
Det er stor variasjon i form og uttrykk på Tou.

Avlyste utstillingar

Koronaen har ikkje hindra kunstnarane i å kunna jobba i ateliera, men pandemien har likevel klare konsekvensar.

– Utstillingar har blitt avlyste eller utsette. Me har ikkje kunna ha opne atelier for potensielle kjøparar denne perioden – me har ikkje kunna møta publikum. Samtidig kostar det pengar å laga kunsten, både i materiale og husleige, så me er heilt avhengige av inntekter, seier Calder.

Til gjengjeld har både stat og kommune stilt opp med mange nye stipend sidan mars. Men mens somme av kunstnarane har fått tilslag på fleire av desse stipenda, har andre fått ingen. Somme av kunstnarane på Tou har ulike arbeidsstipend, andre ikkje. Skal dei få inn pengar, må dei få selt noko av det dei lagar.

Meir forretningstankegang?

– Tenkjer kunstnarar for mykje, passe eller for lite på forretningssida av verksemda si?

– Eg trur me tenkjer for lite på det. For oss er skapinga av kunsten det mest sentrale. Samtidig sviktar eit viktig poeng om me ikkje når ut til eit publikum med det me skaper, seier Calder.

– Denne butikken er en sjanse for folk til å kjøpa kunst direkte av lokale kunstnarar – og slik bidra til at det finst eit levande og variert kunstliv her i byen, seier Urdal.

Begge er veldig opptekne av at butikkprosjektet er skapt på dugnad – og at det har vore eit positivt, felles prosjekt som har skapt samhald på huset i ei komplisert tid.

– Dette høyrest jo koseleg ut, men de kan ikkje betala husleige med samhald?

– Nei, men dette prosjektet skaper både trivsel og glede på huset, seier Calder.

– Og inga misunning om nokon sel mykje og andre lite?

– Nei, faktisk ikkje. Me er veldig glade på kvarandres vegner, svarer Calder.

– Dessutan varierer det kven som sel mykje og lite, seier Urdahl.

Folk som vil kjøpa kunst på Tou kan ta kontakt med atelierhuset, og blir så invitert inn – i koronavennlege grupper.

– Det blir eksklusive besøk og brei formidling av alt det fine som blir produsert her, marknadsfører Urdahl.

Publisert:
  1. Kunst
  2. Koronaviruset

Mest lest akkurat nå

  1. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  2. Rapport: Svakere boligprisvekst de neste årene

  3. Politikerne diskuterte lekser: – Snikinnføring av leksefri skole

  4. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag

  5. Skal man se én utstilling før dette året tar slutt skal man se denne!

  6. Frisk 33-åring. Bør jeg ta influensavaksinen?