Bokmessa i Frankfurt - agentanes arena

FRANKFURT: - Forfattarane er ikkje invitert til møtet når me skal selja bøkene deira til utlandet, seier litterær agent Annette Orre.

Publisert: Publisert:

Litterær agent Annette Orre representerer store, norske forfattarar på bokmessa i Frankfurt. Her er ho i møte med den kanadiske forleggjaren Janie Yoon. Foto: Finn E. Våga

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

I vrimmelen av bokfolk, bøker, stands og språk er Annette Orre - frå Orre, sjølvsagt - på veg til nok eit møte på den norske standen. Orre jobbar som agent for Oslo Literary Agency, som er eigd av Aschehoug forlag. Ho har ekstremt travle dagar på bokmessa i Frankfurt.

– Eg har 18–20 møte kvar dag. Når eg set meg på flyet tilbake til Norge søndag, er eg rimeleg utslått, seier Orre.

Salsmesse for bransjen

Verdas største bokmesse er strengt tatt ikkje ein plass for vanlege lesarar, sjølv om «vanleg» publikum får koma inn i helga. Dette er ei salsmesse for bokbransjen, for forlag og litterære agentar. Det er heller strengt tatt ikkje nokon stad for forfattarar.

– Vanlegvis er det bare eit par norske forfattarar her, namn som allereie er etablerte på den store, internasjonale marknaden. Men sidan Norge er hovudland i år, er det mange fleire, seier Orre.

Men om det er mange forfattarar her i år, betyr ikkje det at dei deltek på møta der bøkene deira skal pitchast til ein utanlandsk agent.

– Ingen vil møta forfattarane før dei har bestemt seg for å kjøpa boka deira. Utan forfattaren til stades på møtet, kan ein snakka langt friare. Ingen er interesserte i å kasta bort tid, så ein er nådelaust ærlege på kva ein vil ha og ikkje, seier Orre.

Stort og grusomt

Erika Fatland, opphavleg frå Ølen, er også i Frankfurt - for første gong.

– Eg hadde blitt åtvara på førehand om at det både var stort og grusomt her, og kan skriva under på det, seier Fatland, før ho riggar seg til på Icorns scene, der ho skal intervjua fribyforfattaren Gunel Movlud, opphavleg frå Aserbajdsjan, men nå busett i Levanger.

Erika Fatland heldt opningstale og deltek på fleire publikumsarrangement i Frankfurt. Salet av bøkene hennar, tek hennar litterære agent seg av. Foto: Finn E. Våga

Fatland var invitert for å tala på den høgtidelege opninga av bokmessa, ein tale der ho kritiserte statsminister Erna Solberg for hennar kommentarar til teaterframsyninga «Ways of Seeing». Det skapte eit visst sus i salen - og overskrifter.

Men Fatland er også i Frankfurt med eit håp om utanlandssal av bøkene sine.

– Men det er eg ikkje involvert i sjølv. Eg har ein agent som jobbar døgnet rundt for å selja titlane mine, seier Fatland.

– Har det blitt noko sal så langt?

– Det veit eg ikkje. Men agenten mumla noko, på agentars vis, om Tsjekkia, seier Fatland.

Fatland har skrive ei rekke bøker, og fleire av dei er selde til mange land, som «Sovjetistan» frå 2014, som per no er selt til 20 land.

Men sidan ho ikkje er involvert i det faktiske salsarbeidet, er Fatlands rolle i Frankfurt å halda tale, delta i panel og stilla opp i intervju med diverse medium.

– Sjølv om forfattarane ikkje er med på møta, kan det vera ein fordel i år at så mange av dei deltek i så mange publikumsarrangement. Dermed kan utanlandske interessentar gå og sjekka dei ut, om dei vil, seier Orre.

Internasjonal nisje frå Sandnes

I ein annan utstillingshall, borte frå dei norske standane, møter me Kenny Rettore, som driv forlaget Rettore AS.

– Dette er mitt 20. år i Frankfurt. Me er i den engelske og amerikanske hallen, for det er her salet foregår, seier Rettore, som har funne seg ei heilt spesiell nisje i den mangfaldige bokmarknaden. Han lagar nemleg bøker for barn mellom 0 og 3 år - ikkje i papir, men i tøy.

Kenny Rettore driv forlaget Rettore AS frå Sandnes. Her er han i møte med ein kunde frå Taiwan på bokmessa i Frankfurt. Foto: Finn E. Våga

– Våre største marknader er USA, Frankrike, Italia, Korea og Tyskland. Brasil var veldig store i fjor, men er mindre i år, seier Rettore. Han driv forlaget frå Sandnes, men har seljarar i Chicago, Barcelona og Korea, designarar i Bologna og produksjon i Kina.

Den italienske designaren Francesca Ferri har jobba med Rettore i 20 år, og fortel at dette er ein type bøker der form, fargar og design er det viktige, ikkje orda og historiene.

– Det er ei blanding av ei bok og ei leke, noko babyar kan riva og slita i utan at det går i stykker, seier Ferri og viser fram ei knitrande tøybok.

– Dette er ein ganske sær nisje i bokmarknaden?

– Ja, og me opererer på mange måtar utanfor det litterære establishmentet i Oslo. Eg har ikkje merka noko til at Norge er hovudland på årets messe, men trivst veldig godt her eg er, seier Rettore

I fjor selde han ein halv million tøybøker og omsette for 17 millionar kroner. Bestseljaren hans må vera ei av dei bøkene i verda som har selt mest utan at du har høyrt om henne. «Good Night, Teddy» har selt 700.000 eksemplar.

Bokmessa i Frankfurt er full av norske bøker som gjerne vil ut på den internasjonale bokmarknaden. Foto: Finn E. Våga

Langsiktig arbeid

Agent Orre seier ho strengt tatt ikkje har særlig mange titlar igjen å selja til Tyskland i år.

– Me har jobba med dette i tre år, og har gjort desse sala allereie. Utfordringa nå, er å halda fram det gode salet til utlandet - etter at drahjelpa som ligg i å vera hovudland i Frankfurt ikkje er der lenger.

Orre representerer store norske forfattarnamn som Maja Lunde, Dag Solstad, Per Petterson og Simon Stranger.

– Men noko av det som lover godt for framtida er at me også har selt haustens debutbok av Helene Flood til 27 land. Men 30 er mykje betre enn 27, så me jobbar vidare med denne og har ståande bud fra fleire land nå, seier Orre.

Når ho møter ein utanlandsk forleggjar, har ho på førehand gjort research slik at ho veit kva bok som kan passa til nettopp denne forleggjaren. Kvart møte må vera spissa med tanke både på kva bok ho vil prøva å selja, og kva marknad ho prøver å selja til.

Meir arbeid etterpå

Men jobben stoppar ikkje ved sjølve salet.

– Eigentleg er det minst like mykje arbeid etterpå. Stoppar me med salet, risikerer me at boka bare kjem ut, men nærmast forsvinn i mengda. Ein stor del av jobben vår, er å møta forleggjarar og planlegga lanseringa. Maja Lunde og Helene Flood kjem til å vera så mykje på reisefot framover at det kjem til å krevja mykje koordinering, seier Orre, som kvelden før organiserte ein middag med dei 21 utenlandske forlaga som framover skal jobba med Simon Strangers «Leksikon om lys og mørke».

– Etter den middagen, der alle som skal jobba med denne boka møttest og fekk snakka saman, trur eg det kjem til å bli selt langt fleire eksemplar av den boka enn om me ikkje hadde møttest på den måten, seier Orre.

– Kor mykje kostar rettane til ei norsk bok.

– Frå 1000 euro til 100.000 euro. Det kjem heilt an på. Men det er klart: Det er mest stas når me sel for 100.000 euro.

Publisert:

Les også

  1. «Sjølv måtte eg koma meg til Frankfurt for eigen (fly)maskin, og naturlig nok heilt utan rojale invitasjonar»

  2. Frankfurt: - Viktig og riktig å sende stor delegasjon fra Stavanger til verdens største bokmesse

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Nytt korona-tilfelle i Stavanger: – Var på reise i rødt land

  3. Forvirret? Dette er korona-reglene som gjelder nå

  4. Gjenopptok søket etter antatt omkommet kvinne ved Månafossen

  5. Smitte i topphåndball­klubb: Alle spillerne sendes i karantene

  6. Hel Stavanger-familie lager film for hele familien

  1. Frankfurt
  2. Bøker
  3. Litteratur
  4. Kenny Rettore