Strafferedning for fotballabstinente

BOK: Bryne har levert ei ny fotballstjerne – nå i bokform.

Publisert: Publisert:

Italias Roberto Baggio skaut ballen over mål då han tok straffe i VM-finalen 1994. Foto: Gary Hershorn / X00129

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 6 of 6 stars

Nils Henrik Smith: 11 meter. Straffesparkets historie. 173 sider. Kagge Forlag.

Går du på veggene fordi koronaen har slått ut fotballen? Lengtar du etter dei faste Braut Håland-scoringane på skjermen, eller den norske seriestarten? Då har du det ikkje lett, eg skjønar jo det. Men i den grad ei bok kan erstatta kampane på grasmatta, er redninga nær, og den kjem også frå Bryne. Nils Henrik Smith er det beste som har skjedd norsk fotballitteratur sidan VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad.

11 meter er avstanden mellom straffemerket og målet, men i fotballhistoria har det mange gonger vore avstanden mellom triumf og tragedie, himmel og helvete. Straffespark er slump og syndebukkar, psykologi og poker. Og kjølig kalkulasjon. 75 prosent av gongene scorar straffesparkeksekutøren. Men risikoen for å brenna straffen er dermed likevel ein av fire, og det har skjedd med mange av dei største. For eksempel Italias Roberto Baggio i VM-finalen 1994, som med si historie får den tvilsame æra av å innleia boka.

«Ingen er meir einsam enn ein fotballspelar som nett har brent eit avgjerande straffespark», skriv Nils Henrik Smith i boka «11 meter». Foto: Thomas Kienzle / TT NYHETSBYRÅN

Nils Henrik Smith er det beste som har skjedd norsk fotballitteratur sidan VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad.

Baggio var det store idolet til Nils Henrik. Då han skaut ballen høgt over mål på Rose Bowl stadion,  lærte han 14-åringen på Bryne at «alle menneske er, djupast sett, einsame, men ingen er meir einsam enn ein fotballspelar som nett har brent eit avgjerande straffespark».  

Store straffedrama

«11 meter» er ei blanding av filosofi og fakta, og dei sistnemnde igjen ein miks av tørre fakta og «fun facts». Det første straffesparket i fotballhistoria vart teke 14.september 1891 av Wolverhampton-spelaren Joseph Frederick «Billy» Heath i ein ligakamp mot Accrington, og ballen gjekk i mål.  Før den tid la ein til grunn at slike straffetiltak var unødvendige i ærleg kamp mellom gentlemen – dei første åra var det ikkje eingong dommar i dei engelske kampane! Og dagens regelverk, med straffefelt og fast straffemerke, vart ikkje innført før i 1902. Forfattaren gir fleire eksempel på at engelskmennene har vore like skeptiske til endringar i nasjonalsporten sin som nordmenn har vore i skiidretten.

Ingen er meir einsam enn ein fotballspelar som nett har brent eit avgjerande straffespark

Nils Henrik Smith fører oss gjennom eit høgst personleg utval av straffedrama i fotballhistoria. Frå sin eigen fotballkarriere i unge år på Bryne hugsar han rett nok berre eitt: Det var i ein kamp mot Brusand, då straffemålet vart annullert fordi ballen gjekk gjennom eit hol i nettet! Men elles boltrar han seg i tid og rom, frå Antonín Panenkas arrogante, lause skot midt i mål i EM-finalen mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland i 1976, via ei rekkje engelske og afrikanske straffekonkurransar, Lionel Messis bom mot Hannes Halldórsson (eks-Sandnes Ulf) i det islandske målet i VM 2018 og naturlegvis til Arild Ravndals legendariske straffe på overtid i Haugesund i 1988 som gav Viking opprykk.

Sjølv sakna eg straffekonkurransen som avgjorde semifinalen mellom Vest-Tyskland og Frankrike i Sevilla i 1982, den mest intenst dramatiske fotballkampen eg har sett i mitt liv, og dessutan den første VM-kampen som vart avgjort på straffe. Men Smith har gjort sitt val, og det skal seiast at akkurat det dramaet er det vanskelegare å skildra betre enn Dag Solstad alt har gjort. 

Spelet rundt sparket

Nils Henrik Smith har enorme kunnskapar om fotball. For meir perifert interesserte lesarar kan det bli i meste laget med name-dropping og statistikk, men ekte sportsentusiastar er det mest sofistikerte og krevjande publikummet som finst, og lar seg ikkje by det omtrentlege. 

Til gjengjeld vil dei aller fleste la seg fascinera av Smiths skildringar av det psykologiske spelet rundt det skjebnetunge sparket – gamblinga, nervepresset og det som forfattaren kallar «den doble karakteren» til straffesparket: «På den eine sida er det den einaste verkeleg individuelle duellen i spelet, på den andre sida har det minst like store konsekvensar for kollektivet som alt anna som går føre seg på ein fotballbane.» 

Roberto Baggio bomma, Italia tapte, og straffemissen vil henga ved den store spelaren for alltid. Men han inspirerte i alle fall til ei strålande fotballbok.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  2. FNB-leder Myrhol tjener mer enn statsministeren

  3. – Han var dritings, sa politibetjenten i retten

  4. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. – 1,8 millioner i «lønn» i lokalpolitikkken er for mye

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Fotball