Stjerneforfattar slår til igjen

BOK: Koreanske Han Kang skriv kort og godt om det kvite (døden).

Publisert: Publisert:

Han Kang fekk den prestisjetunge Man Booker-prisen i 2016 for romanen «Vegetarianeren». Også «Hvit», som nå kjem ut på norsk, er nominert til Man Booker-prisen. Foto: Pax forlag

  • Kristin Auestad Danielsen
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
Grade: 5 of 6 stars

Han Kang: Hvit. Pax. 98 sider. Omsett av Jarne Byhre.

Han Kang fekk sitt internasjonale gjennombrot ved tildelinga av Man Booker-prisen for den sublime romanen “Vegetarianeren” i 2016. Sidan er “Levende og døde” og “Hvit" omsett til norsk. “Hvit” er ein liten kortroman som er meir poetisk og meir laus i både forteljing og struktur. Den sirkulerer rundt ei forteljing som handlar om hovudpersonen si storesyster, som berre levde i eit par timar. Istaden for å la eit narrativ, altså ei forteljing, styre strukturen, veljer ho seg ut kvite ting, skildrar desse objekta og lar forteljinga piple ut frå dette. Dette kjenner vi også frå Knausgårds “Om våren”, der kapitla er delt inn i eit ønske om å skildre ulike objekt for sitt yngste barn.

Det står: “Byen innhylles i morgentåke nå. Grensen mellom himmel og jord har blitt visket ut.” Det blir eit bilete på hovudpersonen sin tilstand. Ho er i ei slags tåke, og ho er oppteken av si døde søster. Det er som skiljet mellom dei levande og dei døde er viska ut. Dette temaet er også sterkt skildra i “Levende og døde” som omhandlar massakren i Gwangju i Sør Korea i 1980.

Men i denne romanen er fokuset rundt den døde babyen, storesyster, som ho aldri fekk møtt. Sorga er personleg, ikkje politisk. Uansett om døden kjem frå krig eller ulukke, er det å kunne sørge like viktig, for å kunne reflektere og kjenne på eigen eksistens, eige forhold til død.

Boka tematiserer at å skrive kan føre til forandring på ein positiv måte, å skrive om eit traume kan gjere at ein kjem vidare. Som vi kjenner frå Hanne Ørstaviks romanar, sirklar denne romanen rundt skrift og kropp. Ørstavik skriv om å skrive for å halde såret ope, Han Kang skriv at skrivinga kan lukke såret. Det er eigentleg det same. Å skrive for å halde kroppslege minne i live for å kunne møte den ultimate kroppslege erfaringa: Døden.

Dette er ei lita, vakkert skriven bok. Men den er flytande og aldri handlingsdriven og kanskje ei smal bok. Av og til er den for luftig. Dårlegast er boka når ho blir for upersonleg. Best er ho når forfattaren får kome fram, då blir ho nær.

Det er luftig på sidene, og språklege bilete er det viktigaste i boka, skildring av riskaker, ein død hund, aske, salt. Det tilbakevendande biletet er mora som føder hovudpersonens storesyster heilt åleine. Her manar Han Kang fram dette traumet og skriv glitrande om desse intense timane denne babyen levde.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Pangstart for Viking blått

  2. Leteaksjon etter ung kvinne i Sandnes

  3. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  4. Vi følger pinse-hjemfarten

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Anmeldelse
  5. Bøker