Fylkeskommunen delte ut kulturstipend

Fem kunstnarar fekk 100.000 kroner kvar då Rogaland fylke torsdag delte ut sine kulturstipend. To idrettsutøvarar fekk 50.000 kroner kvar.

Publisert: Publisert:

Vinnarane av fylkeskommunens kultur- og idrettsstipend 2020: Frå venstre Natasja Askelund, Sigmund Holm Jensen, fylkesordførar Marianne Chesak, Jon Jøntvedt, Emilie Hetland, Axel Simon Barrera Rios og Helle Oppedal. Guro Salvesen var ikkje til stades under stipendutdelinga. Foto: Rogaland fylkeskommune

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Dei fylkeskommunale kulturstipenda blir delt ut til idrettsutøvarar og profesjonelle kunstnarar i Rogaland som ønsker å vidareutvikla seg på sine felt. Målet med stipenda er å frigjera tid til fordjuping, stimulera og inspirera kunstnarane til å halda fram innsatsen for kulturlivet i Rogaland.

Då søknadsfristen gjekk ut 1. april, hadde fylkeskommunen fått inn 74 søknader. Fekk fem kunstnarar og to idrettsutøvarar blei plukka ut, og fekk blomar og pengar:

  • Sigmund Holm Jensen, litteratur, 100 000 kroner. Jensen jobbar blant anna med eit nytt romanprosjekt.
  • Guro Salvesen, musikk, 100 000 kroner. Salvesen er i gang med eit prosjekt med nyskapande tolkingar av norske folketonar.
  • Emilie Hetland, scenekunst, 100 000 kroner. Hetland skal bruka stipendet til å utvikla fire prosjekt innan scenekunst og film.
  • Natasja Askelund, visuell kunst, 100 000 kroner. Målaren ønskjer å bruka stipendperioden til å fordjupa seg i keramikk.
  • Axel Simon Barrera Rios, visuell kunst, 100 000 kroner. Rios er i gang med fleire nye separat- og gruppeutstillingar.
  • Helle Oppedal, idrett, 50 000 kroner
  • Jon Jøntvedt, idrett, 50 000 kroner

– Årets mottakarar er valde ut blant mange sterke kandidatar. I prioriteringa er det lagt stor vekt på planane for stipendperioden og i kva grad stipenda kan bidra til positiv utvikling. Alle mottakarane står på den eine eller andre måten framfor store moglegheiter enten det gjeld utvikling som utøvar eller utvikling av karrieren, sa fylkesordførar Marianne Chesak under prisutdelinga i Stavanger konserthus.

Bruken av et eventuelt stipend blei planlagt før koronakrisen. Pandemien har endra føresetnadene og gjort det vanskelegare å gjennomføra planane. Rogaland fylkeskommune har forståing for at dette kan føra til praktiske endringar, men stipendet vil ikkje bli justert.

– I denne situasjonen trur me at eit fylkeskommunalt stipend vil vera viktig for stipendmottakarane som eit bidrag til å sikra større økonomisk tryggleik og rom for vidare utvikling, sa Chesak.

Les meir om stipendvinnarane her.

Publisert:

Les også

  1. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  2. – Politikerne må gjøre mer for å hjelpe kunstnerne

  3. – Ja vel, kultursjef, la oss snakke om kultur

  1. Rogaland fylkeskommune
  2. Natasja Askelund
  3. Kunst
  4. Litteratur
  5. Musikk