Tur som kur

BOK: Shane O’Mara talar overbevisande for at det er sunt å gå både for kropp og sinn, men for eit norsk publikum blir det av og til å slå inn opne dører.

Publisert: Publisert:

Nordmenn går gjerne tur. Boka til Shane O’Mara ville ha stått seg på ei lett bearbeiding for norske forhold. Foto: Pål Christensen

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 of 6 stars

Shane O’Mara: Det gode ved å gå. Hvordan vi går og hvorfor det er så bra for oss. Omsett av Bodil Engen. 224 sider. Cappelen Damm.

Då eg vart immatrikulert som student i Stavanger i 1973, heldt den kjende Bergens-psykiateren Tollak B. Sirnes talen for studentane. Han sa sikkert mykje bra, men eg hugsar berre ein ting i dag: «Det finst ingen problem som er så store at du ikkje kan gå deg frå dei». Og det rådet har eg hatt god nytte av meir enn ein gong.

Når den irske hjerneforskaren Shane O’Mara talar varmt om kor sunt det er å gå, både for kropp og sinn, kjennest det unekteleg som å slå inn opne dører i eit land der Turistforeininga har over 300.000 medlemmer. Norske legar vil nok dra på smilebandet når O’Mara dreg fram legane på Shetland som eit føredøme, fordi dei der har begynt å føreskriva strandturar som middel mot depresjon. Slikt er gammal visdom i eit land der «å gå på tur» er ein del av den nasjonale identiteten.  

Så skal me kanskje likevel passa oss for å bli kjepphøge og påstå at O’Maras bok om det gode ved å gå er overflødig for eit norsk publikum. For det første er det ikkje sikkert at turkulturen vår vil leva i all framtid. Også mange nordmenn lever eit meir stillesitjande liv enn før. For det andre, og viktigaste, gir forfattaren ein oppdatert, vitskapleg argumentasjon for kvifor det er bra for oss å bruka beina så mykje som mogleg.

Gåturar som slankemiddel

O’Mara, som til dagleg er tilknytt det tradisjonsrike Trinity College i Dublin, forklarer fysiologisk korleis gåing styrkjer organa i kroppen og gjer oss i betre form. For den som vil slanka seg, er lange gåturar over tid meir effektivt enn intense økter på eit treningssenter, fordi dei sistnemnde lett fører til at me slappar for mykje av etterpå. Som jærbuen seier: «Dæ æ jabnå så dræge’». Dessutan vert me mindre utsette for skadar ved gåing enn ved dei fleste andre treningsformer.

Forfattaren viser også korleis gåing verkar positivt på hjerneaktivitet og kreativitet, og korleis me orienterer oss, vurderer avstand og samspelar med andre gåande, for eksempel i storbymylderet. Desse medisinskfaglege kapitla er ikkje alltid heilt lette å følgja for den vanlege lesaren, sjølv om omsetjar Bodil Engen har gjort ein god jobb. Boka hamnar dessverre til tider i ein litt for brei spagat mellom allmenn helseopplysning og avansert vitskapleg formidling.

Rike går mest

Derimot bør mange ha interesse for O’Mara sine synspunkt om korleis byutvikling og byplanlegging bør gjera det enklast mogleg å koma seg rundt til fots. Her viser forsking at gode planløysingar verkeleg kan gjera ein forskjell. For norske storbyar kan slike grep bli avgjerande for om ein når målet om utflating av biltrafikken, og at all trafikkvekst skal tas med kollektive transportmiddel, sykkel eller gange.

Ei sosial utfordring som forfattaren peikar på, men som han ikkje går særleg djupt inn i, er at folk med høg inntekt og utdanning i gjennomsnitt går meir enn personar i lågare sosioøkonomiske grupper. Det er eit paradoks, sidan gåing er gratis. Men her er det nok også andre mekanismar i sving.

O’Mara streifar til slutt innom forfattarar og filosofar som har sett pris på gåing som kjelde til inspirasjon og tankevandring, og nemner mellom andre Henry Thoreau, William Wordsworth og Bertrand Russell. For eit norsk publikum ville det ha vore vel så interessant å dra fram Ibsen, Vinje og Tomas Espedal. I det heile ville «Det gode ved å gå», med alle sine kvalitetar, ha stått seg på ei lett bearbeiding for norske forhold.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Brann i fritidsbåt i Jåttåvågen

  2. For to år siden slaktet Mattilsynet dyra på gården. Nå kan det skje igjen

  3. Tidligere Viking-spiller herjet med Brann

  4. Dette huset satte prisrekord i Sola

  5. Nesten som i Syden

  6. Faren ble drept da han var fem. Moren ba ham dra da han var 14 år. Nå bor han på Klepp

  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Friluftsliv
  4. Sakprosa