Supre søstrer

FILM: Action, humor og familie i ny Avengers-film – med tydeleg feministisk tilsnitt.

Scarlett Johansson og Florence Pugh spelar dei to søstrene i «Black Widow» Foto: Courtesy of Marvel Studios

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Black Widow

Kinopremiere: 07.07.2021. Premiere Disney +, mot tilleggsbetaling: 09.07.2021. Med: Scarlett Johansson, Florence Pugh, Rachel Weisz, David Harbour, William Hurt. Sjanger: Action / Fantasy / Sci-Fi. Regi: Cate Shortland. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 13 minutt.

Tenk det! Superstjerna Scarlett Johansson på Sunnmøre!

«Black Widow», siste film ut i Disneys uendelege rekke av kassasuksessar frå Marvel-universet, startar nesten på Sunnmøre. Men før me kjem dit, har me vore ein tur innom Ohio i 1995. Der må ein «familie» på fire flykta fordi dei er i ferd med å bli avslørte som russiske agentar, infiltrert i det amerikanske samfunnet.

«Familien» blir splitta opp. Og når me møter Natasha (Johansson) 21 år seinare, lever ho altså i skjul på Sunnmøre. I Avengers-universet er me tidsmessig før det som skjer i dei to siste filmane, og etter «Captain America: Civil War» frå 2016.

Action og humor

Men freden varer jo aldri lenge i ein Marvel-film, og dermed blir kontakten gjenoppretta med veslesøstera Yelena (Pugh). Dei to kjempande søstrene dreg ut i ei farleg verd for å hemna, gjenoppretta rettferd – og kanskje prøva å finna tilbake til familien sin.

Det er lenge sidan me forstod omtrent kva me får når nok ein Marvel-film frå Disney har premiere. «Black Widow» lever opp til dei fleste av desse forventningane. Her er elleville actionscener både til lands og høgt oppe i lufta, med romslege (pyro)effektar. Her er humor, faktisk ikkje så ille denne gongen. Ikkje minst er David Harbour god som russisk wannabe-parallell til Captain America. Og søstrene er gode på sjølvironi og Black Widow si evige posering.

Rikeleg med luftig action i «Black Widow». Foto: Marvel Studios

Samtidig byr denne filmen på litt meir rolege og samtalande sekvensar mellom alle slåstkampane og alle eksplosjonane. Samtalar som ikkje berre verkar som tom fyllmasse, men tek opp familie og tilknyting. Og kidnapping og hjernevasking av unge jenter.

Feministisk film

«Black Widow» er den første Marvel-filmen som i sin heilskap er regissert av ei kvinne, australske Cate Shortland. Og kvinnene er altså svært tydeleg til stades i denne filmen, saman med ein ikkje akkurat subtil, feministisk touch.

For å bli litt halvintellektuell mot slutten (sorry!): Det er ei kjent sak at ein kan sjå avtrykk av samfunn, kultur og debatt i populærkulturen, som både teikneseriar og Hollywood kan vera representantar for. Me lever i ei tid der kjønn, feminisme og mangfald står veldig tydeleg på dagsorden, ikkje minst i det kulturkrigande USA.

Etter generasjonar med filmar der mannen dominerer og er den sterke, mens kvinnene har vore plassert i biroller, er det interessant å sjå korleis kjønna blir framstilt i «Black Widow». Alle kvinnene er offer, for kidnapping, hjernevasking, manipulasjon – som ein mann (patriarkatet?) står bak. Samtidig er alle kvinnene vakre, smarte og sterke, både fysisk og psykisk. Einaste utfordring er at dei må få fjerna skylappane, slik at dei kan sjå seg sjølv og samfunnet slik det verkeleg er. Då jobbar dei saman, bryt seg fri, med hjerne, teknologi, vald og sjølvsikkerheit.

Mennene er like teikneserieaktig framstilt den andre vegen. Dei er enten onde og manipulerande, eller fysisk sterke, men då ganske dumme. Og så er dei sjølvopptekne, kvite, overvektige og pompøse. Den einaste genuint sympatiske mannen me møter er ein assistent for heltinna. Han er svart. Alle, sjølv han som styrer verda med teknologien sin, spelar biroller i «Black Widow».

Kunne ein laga film med like teikneserieaktige kjønnsstereotypiar den andre vegen i 2021?

«Black Widow» er også interessant film- og kinopolitisk. Filmen har premiere på ein del norske kinoar 7. juli – og så på strøymetenesta Disney + (mot tilleggsbetaling) to dagar seinare. Det har ført til at mange norske kinoar har takka nei, fordi perioden dei har denne blockbusteren eksklusivt tilgjengeleg blir for kort.

Men i Stavanger og Sandnes kan du altså sjå «Black Widow» på det store lerretet.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Synes du alle barnefilmer er like? Da kan du bli med Jim i luftballongen hans!

  2. Dette er gode greier om ekte mannfolk av begge kjønn

  3. «Jeg kan knapt huske å ha sett en så dårlig film med så store navn»

  4. Mange norske kinoar har takka nei til denne filmen

  5. Verken moro­sam eller skremm­ande skrekkomedie frå dagens USA

  6. Ubehagelig og tanke­vekkende om en ung og ensom trenings­blogger

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Avengers
  3. Scarlett Johansson
  4. Disney
  5. Filmanmeldelse