Faderdrap som blir seigpining

BOK: Mor og dotter Tveiten ga ut roman same dag i sommer. Mors roman er blitt eit langtekkeleg og traust oppgjer med ein far og fortida hans.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Kristin Tveiten: Menneske og møll. Roman. 228 sider. Samlaget.

Både dotter Marie Tveiten og mor Kristin Tveiten (f. 1966) kom med debutroman i vår, faktisk på same dag. Medan dottera skildra vanskane med å vera «bonusmor,» har eldste blad Tveiten frå Seljord fordjupa seg i eit meir tradisjonelt, litterært motiv: Oppgjeret med ein aldrande far med synder i fortida.

Les også

Her er vår kritikk av dottera si bok: Når bonus blir minus

Det startar med at hovudpersonen Marianne får telefon frå faren, som lurer på om ho vil ha ei gammal, rosemåla kiste som har tilhøyrt besteforeldra hennar. Dei to har ikkje snakka saman på fleire tiår, og faren har verken treft mannen hennar eller vist interesse for barnebarnet Astrid (hovudperson i nemnde «Bonus»), som i mellomtida har blitt vaksen. Snart viser det seg at faren ikkje lenger kan ta vare på seg sjølv. Situasjonen blir krevjande for Marianne og søskena, og samstundes tyt minna fram frå ei forgangen tid.

Til liks med dottera har Kristin Tveiten valt eit emne mange kan kjenna seg igjen i - på godt og vondt. Ein annan likskap er at stoffet ber preg av å ikkje vera tilstrekkeleg kunstnarisk knadd for å bli skikkeleg interessant. Motivet er mykje brukt og gir visse assosiasjonar til Eskil Sjeldals «Fars hage, mors hus.» Tveitens roman bringer lite nyskaping til denne sjangeren, verken i form eller innhald.

Baksideteksten varslar at «ei mørk familiehistorie kjem til overflata» og tidleg i handlinga kjem diffuse antydingar: «Han slo ikkje, om det er det du meiner.» Desse antydingane blir sidan meir eksplisitte, i stadige drypp. Forfattaren drar ut og gjentek dette verkemiddelet for mykje, noko som fører til at det som burde vore eit sjokkerande sluttpoeng meir blir ei stadfesting av noko lesaren har ana litt for lenge.  

Før me kjem så langt, har me vore gjennom lengre skildringar av faren sin helsetilstand og barna sine utfordringar med denne, som er såpass detaljerte at dei står i fare for å ta vekk hovudfokuset for romanen. Generelt går handlinga for sakte framover, før det tar seg opp heilt på slutten. Komposisjon og språk er ganske traust og tradisjonelt, somme vil seia typisk (ny)norsk. Enkelte gonger er formuleringane direkte trivielle. Andre gonger får teksten ein revy-aktig humor over seg, som ikkje alltid rimar like godt med det alvorlege temaet. Samla sett ein litt under det jamne-debut.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Herlig forfriskende, frekt forførende og befriende absurd

  2. Norske julehefter i flertall – virkelige godbiter fra Stavanger

  3. Et samfunn herjet av bisarre og kvinneundertrykkende «verdier»

  4. Sprudlende flott roman

  5. Et lite mesterverk

  6. Klimaangst og økosorg

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse