Bent Høies liv med pandemien

Bent Høie har få nye avsløringar å koma med, men boka hans gir interessante innblikk i korleis det er å stå i ei krise.

Det er få eller ingen sensasjonelle avsløringar i Bent Høies pandemi-bok, skriv vår bokmeldar.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Bent Høie:
Uro i koronaens tid
192 sider
Gyldendal

Grade: 4 out of 6

Går det an å fortelja noko nytt og spennande om pandemien, nå som Camilla Stoltenberg, Espen Rostrup Nakstad og Raymond Johansen har kome med sine bøker, og me alle har fått nye kriser å tenkja på?

Slik sett har Bent Høie ei utfordring, som det skal heita i dag. I hans versjon er det få eller ingen sensasjonelle avsløringar. Rett nok får me vita at han til å begynna med ikkje hadde så stor tru på helsedirektør Bjørn Guldvogs leiareigenskapar, at han irriterte seg over Erna Solbergs detaljfokus og den pinlege 60-årsfeiringa på Geilo, og at han slo i bordet overfor både Fotballforbundet og Norsk Industri.

Betre føre var

Men stort sett er boka ei oppsummering av kjende hendingar, sett med Høies blikk. Som ei gjennomgang av historia om koronaen i Norge fungerer boka bra, sjølv om eg skulle ønskt meg grundigare refleksjon enkelte stader. Bent Høies versjon er likevel viktig å ha med seg vidare. Som helse- og omsorgsminister var han den personen i regjeringa som var tettast på handteringa, og som i minst like stor grad som Erna Solberg var regjeringa sitt ansikt i alt som hadde med koronaen å gjera.

Eit gjennomgangstema hos Høie er frykta for å missa kontrollen, for å innføra tiltak for seint. Eg kan ikkje la vera å samanlikna med dagens meir avventande regjering, sjølv om det er forskjell på koronakrisa og straumkrisa. Når det i etterpåklokskapens lys blir sagt at hytteforbod, skulestengingar og andre tiltak var å gå for langt, undervurderer kritikarane den uvissa og redsla som rådde, både blant folk flest og på politisk toppnivå. Høie skildrar dette godt, og nemner spesielt Roger Sevrin Brulands NRK-reportasjar frå italienske sjukehus som eit verstefalls-scenario som gjorde inntrykk.

Samstundes har Høie mange lovord å gi til politikarkollegaer, embetsverket i departementa og fagfolka i Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, som saman medverka til at tilliten til koronahandteringa i Norge var på over 80 prosent. Han kjem også inn på forskjellen mellom den norske og svenske linja. Her kunne han gjerne gått djupare og skarpare til verks, men Høie er ein høflig mann.

Eksemplets makt

Interessant er det også å lesa korleis dei ansvarlege tenkte om kommunikasjon. Det var for eksempel eit viktig og bevisst val at politikarar og fagfolk stod saman under pressekonferansar og viste synleg leiarskap, sjølv om Høie innrømmer at han etter kvart vart grundig lei av seg sjølv. Men han vil bli hugsa for gode pedagogiske eksempel og sterke talar, blant anna om ungdommen som aldri får bli 17 år igjen. Her fekk han god hjelp av taleskrivar Jorunn Litland, som han også har samarbeidd med om denne velskrivne og lettlesne boka.

Leiarskap handlar dessutan om eksempelets makt. Høie avslører at det var mannen Dag Terje Klarp Solvang som sette ting på plass då han sjølv var i tvil om han som statsråd skulle ta vaksine utanom tur eller stilla seg i kø som andre. Etter eit tydeleg familieråd valde han det siste. Det angrar han ikkje på.
I tillegg til pandemien skriv Høie om enkelte andre saker som var viktige for han som minister, særleg rusreforma. Han gir korte tilbakeblikk på sitt eige liv, som ikkje har vore fritt for kriser. Omtanke for menneske som slit eller opplever utanforskap har vore eit trekk ved Bent Høie som har gitt han respekt på tvers av partigrensene. Det gjorde han til rett mann på rett plass under pandemien, og det er neppe tilfeldig at han var den einaste statsråden Erna ikkje kunne greia seg utan gjennom dei åtte åra ho styrte. Med «Uro i koronaens tid» stadfestar Bent Høie bildet av ein snill og sakleg politikar som ikkje søkjer striden, men tek han når han må.

Publisert: