Tidenes døllaste kulturbudsjett?

KOMMENTAR: Linda Hofstad Helleland må gjerne påstå at kulturbudsjettet hennar for 2018 har tydelege prioriteringar. Men det er framfor alt drepande kjedeleg.

Publisert: Publisert:

Kulturminister Linda Hofstad Helleland på gallapremiere for «Snømannen». Går budsjettforslaget hennar gjennom, blir det dyrare kinobillettar. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Er 2018-budsjettet det kjedeligste kulturbudsjettet på flere tiår?» spurde Per Aimar Carlsen, kultursjef i Modum kommune og styreleiar i Norsk kulturforum på Twitter torsdag. Han stod bak den eine av totalt tre tweets under hashtaggen #kulturbudsjettet.

Overskrifta på pressemeldinga frå Kulturdepartementet var ei anna: «Kulturbudsjett med tydelige prioriteringer». Følgt av tre «prioriteringar»:

  • 12 millionar kroner meir til Kreativt Norge, dei blå-blås baby som skal få til meir næringstankegang i kulturlivet.
  • 10 millionar kroner til det frivillige kulturlivet, fordelt på fem millionar til kor og fem til amatørteater.
  • 324,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg - ein auke på 146 millionar.

Dette var altså dei tre spissaste prioriteringane Kulturdepartementet fann i sitt eige budsjettforslag: Småpengar - i statsbudsjettmessig samanheng - i auke til næringsutvikling, frivillig kulturliv og i å hindra nasjonale kulturbygg som Nationaltheatret i Oslo og Den Nationale Scene i Bergen frå å falla frå kvarandre.

Me er altså tilbake til det som Trond Giske (Ap) i si tid kritiserte kulturpolitikken for: Flytting av småsummar og mangel på ambisjonar. Dei raudgrønes svar blei Kulturløftet, og ei dobling av kulturbudsjettet i løpet av åtte år.

Meir privat kapital

Nå er det dei blå-blå som har makta, og deira kulturpolitikk er altså ikkje å pøsa på med meir offentlege kroner for å nå eit bestemt budsjettmål på 1 prosent av det totale statsbudsjettet. Dei blå-blå vil ha inn meir private pengar og gjera kulturlivet mindre avhengige av staten, eit arbeid Torhild Widvey tok fatt som kulturminister. Slike tonar er ikkje nødvendigvis populære i kulturlivet, men illustrerer i det minste at det er ein viss ideologisk forskjell på om kulturministeren kjem frå Høgre eller Ap. Akkurat det er bra.

Men det er altså vanskeleg å få tak på kva som er Hofstad Hellelands kulturpolitiske ambisjonar - ut over å følgja opp forgjengar Widveys idear og elles bare flytta småsummar.

Hofstad Hellelands kulturpolitiske grep ser ut til å vera å delegera idearbeidet nedover i systemet - me har altså ein kulturminister som ikkje vil styra kulturlivet. Som det står i budsjettforslaget: «Regjeringen vil stimulere til vekst nedenfra, framfor å styre ovenfra.»

Sakte struping

«Stimuleringa» består for ein stor del av sakte struping. Kvart år får offentlege institusjonar litt mindre driftsmidlar enn dei hadde trengt for å halda følgje med løns- og prisveksten, som eit ledd i regjeringas mål om å effektivisera offentleg sektor. Det inneber til dømes at Rogaland teater neste år har i underkant av fire millionar kroner mindre å laga teater for enn dei hadde for fire år sidan. Ikkje fordi dei har fått dramatiske kutt i budsjettet, men fordi 0,5–1 prosent mindre enn løns- og prisvekst i året til slutt blir ganske store summar. For ikkje å snakka om den andre, tikkande bomba som ligg inne i dei store kulturinstitusjonanes budsjett, nemleg dei aukande pensjonsutgiftene dei står ansvarlege for.

Parallelt legg Hofstad Helleland nok ein gong fram eit budsjettforslag der ho vil kutta 18,7 millionar kroner i pressestøtta - sjølv om støttepartia har gitt klar beskjed om at dette er uaktuelt alle dei andre åra forslaget har kome. Og så foreslår ho altså ikkje å fjerna momsen på e-bøker - sjølv om Høgre, FrP og Venstre lenge har gått inn for det.

Ja, og så blir det jo ein herlig ironi når regjeringas «stimulans til vekst nedanfrå» viser seg i ein auke av lågmomsen på kultur- og reiseliv på 530 millionar kroner i året. Kulturbudsjettet aukar med i underkant av 300 millionar. Dermed har regjeringa stimulert seg fram til ein netto vekst nedanfrå på 230 millionar kroner frå kultur- og reiselivet - i statens inntekter.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  2. Nye smittetilfeller: Fire i Stavanger og to i Sandnes

  3. De våknet til en kalddusj, men har på fem måneder hatt over 20.000 gjester på Bryne

  4. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  5. «Skal verden styres av følelsene våre nå?»

  6. Begeistring for Berlands planer for folkebad

  1. Linda Hofstad Helleland
  2. Statsbudsjettet
  3. Kulturpolitikk
  4. Teater
  5. Kulturdepartementet