Masse å le av med Mann (50)

TV: Ingen tv-serie kan bli pinlegare, vondare og meir moro å sjå på enn «Klovn». Så også i den overraskande sesong 8.

«Klovn» er overraskande tilbake med ny sesong. Casper og Frank er blitt menn i 50-åra – med dei utfordringane det bringar med seg. Foto: TV 2

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

KLOVN

TV 2, premiere 13. juni. Sjanger: Humor. Serieskaparar: Frank Hvam, Casper Christensen. Med: Frank Hvam, Casper Christensen, Mia Lyhne. Åtte episodar.

Eigentleg var det over for «Klovn». Etter sju sesongar som tv-serie og tre langfilmar, skulle det vera slutt med dei danske pinlegheitene med filmen «Klovn The Final» i fjor. Men sånn gjekk det heldigvis ikkje. Nå kjem åtte nye episodar på TV2.

Eg har følgt med Frank (Hvam) og Casper (Christensen) heilt sidan starten i 2005 – same år som «The Office» blei lansert. Me snakkar altså om ein humorsjanger som dyrkar det pinlege og overskridande. Kanskje starta det med Larry David og «Curb your enthusiasm» i 2003, men sidan den gong har det blitt mange som har gått i same sporet. Som til dømes Thomas Giertsens «Helt perfekt» – som framleis er moro.

«Klovn» har heile tida teke overskridingane eitt hakk lenger – kanskje som ein kunne forventa av liberale danskar. I dei to episodane eg har sett av den nye sesongen held dei fram i same spor. Her blir det laga humor av både død og narkotika.

Og så er det greitt igjen å konstatera at «Klovn» fungerer best som episodar på ein halvtime, og ikkje som langfilmar som er tre gonger så lange.

Som alltid kretsar det rundt kompisane Frank og Casper, som har ei sjeldan evne til å rota seg inn i sjølvpåført trøbbel. Dei er like sjølvopptekne, like blinde for andres kjensler og behov, framleis elegante som elefantar i glasbutikken som før. Men sidan starten har dei altså blitt eldre, og kjempar nå som menn i 50-åra i ei verd av moderne fenomen som akupunktur, podkast, influensarar og ungdom med hettegenser og mobil.

Dei alvorlege og inderlege som måtte meina at Mann (50) er noko av det verste som finst i dagens samfunn, vil finna mykje ammunisjon her. Men Mann (50) som er i stand til å ironisera over – og le – av seg sjølv, meiner eg er flotte greier.

Kanskje er åttande sesong av «Klovn» mest for vaksne som opplevde det ironiske 90-talet og som liker pinleg humor og overskridingar. Men for oss blir dette til gjengjeld veldig moro.

Aftenbladets meldar har sett to episodar.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Synes du alle barnefilmer er like? Da kan du bli med Jim i luftballongen hans!

  2. Dette er gode greier om ekte mannfolk av begge kjønn

  3. «Jeg kan knapt huske å ha sett en så dårlig film med så store navn»

  4. Mange norske kinoar har takka nei til denne filmen

  5. Verken moro­sam eller skremm­ande skrekkomedie frå dagens USA

  6. Ubehagelig og tanke­vekkende om en ung og ensom trenings­blogger

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. TV
  3. TV-serie
  4. Humor
  5. TV 2