Solide litterære stup

BOK: Gode noveller der noko står på spel.

Ingrid Senje debuterer som forfattar med novellesamlinga «Stupeteknikk». Foto: Samlaget

  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Ingrid Senje: Stupeteknikk. Noveller 148 sider. Samlaget

Debutant Ingrid Selje vel seg stoff frå det nære og kjente i vårens novellesamling. Materialet er ikkje av typen som kan tjora forfattaren til uendelege økter med varmgang i diverse søkemotorar. Berre personnamna i novellene er som eit handslag til det alminnelege og kortreiste; her møter vi Mona og Kristian, Martin og Marianne, Harald, Signe og Anna, berre for å nemna nokre. Det heimlege draget ved samlinga skaper ro og ramme rundt utforskinga av dei tema som kjem opp. Dei er som eit insisterande «Hei, lesar. Dette her er du og eg, det er kollegaen din og naboane nedi vegen». Senje skaper kvardagsinnblikk som overtyder, skildringar av situasjonar som er enkle nok til å appellera vidt og djupe nok til at noko set seg fast og gjer inntrykk.

Den beste novella er «Slepp», der ei mor tek med dei to barna på fjelltur mens fjellentusiasten far har blitt att i byen for å gjera opp status for ekteskapet. Ved hytta ligg eit rotnande rådyrkadaver, ingenting vert som dei tenkte, og noko må gjerast. Denne novella maktar på fint vis å røra ved noko vesentleg i relasjonar. Her er nærleik og avstand og symbolsterk uro som ikkje heilt let lesaren landa. Fin novellekunst, rett og slett! Fleire av dei andre novellene er på same måte tett på menneske i situasjonar prega av fallhøgd og risiko, utan at det plent er klassiske og typiske livsval som er tema. Ei vanskeleg gravferd sett med barneblikk, ein europeisk kjærastetur med brutal bagasje, ei søster som tragisk feilbereknar verdien til det fosteret ho ber; i alt dette overraskar Senje ikkje med eksotiske ytre rammer, men brukar si litterære kraft på presise snitt inn til dei avgjerande kjenslene og relasjonane sine intrikate irrgangar. Slikt er interessant. Eit par av novellene kan rett nok verka litt som kvileskjær, slik som tittelnovella. Det er ingen tvil om at forfattaren også her meistrar novellefaget godt, men for denne lesaren vert det for likt ting eg har lese før, til dømes i noveller av dyktige Marit Kaldhol.

Senje ein forfattar det skal bli interessant å følgja vidare. Som kvinna i novella «Straumar i vatn» seier, «skal ein lære, må det først vere vanskeleg.» Det er eit godt prinsipp, også i skrivekunst. Senje gjer det ikkje så enkelt for seg sjølv, og då er det godt gjort å lykkast.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Utrivelig roman nominert til Nordisk råds litteraturpris.

  2. Nådelaus roman om Danmarks Benjamin Hermansen-sak

  3. En siddis slåss best i nye Adidas

  4. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  5. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  6. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Noveller