Russisk makt og avmakt

BOK: Kvifor blir ein russisk opposisjonell, med oppslutning frå eit lite mindretal, forgifta og arrestert? To vidt forskjellige bøker gir oss inngangar til svaret.

Vi forlanger fridom for Navalnyj, skriv ei kvinne i frosten i St. Petersburg etter at opposisjonelle Aleksei Navalnyj blei arrestert då han returnerte til Russland søndag.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Geir Flikke: Russlands rebeller. Protest og reaksjon i Putins Russland (2011-2020). 257 sider. Cappelen Damm Akademisk.

Grade: 4 out of 6

Halvor Tjønn: Det russiske imperiet. Fra sammenbrudd til triumf. 744 sider. Dreyers Forlag Oslo.

Søndag vart Aleksej Navalnyj arrestert i passkontrollen i Moskva. Den russiske opposisjonelle bloggaren var på veg tilbake til heimlandet der han vart forgifta i august, og så vidt overlevde. Etter at russiske styresmakter skamlaust nok har sendt han rett i fengsel, er det i staden forholdet mellom Russland og Vesten som vil bli ytterlegare forgifta. Likevel er det ein pris dei russiske herskarane er villige til å betala for å visa at protest ikkje blir tolerert. Korleis kan det forklarast?

Opposisjonelle Aleksei Navalnyj ble arrestert på flyplassen og brakt til avhør da han landet i Moskva søndag.

Professor Geir Flikke ved Universitetet i Oslo har inngåande kjennskap til den russiske liberale opposisjonen. I boka «Russlands rebeller», som vart sluttført samtidig med drapsforsøket på Navalnyj, skildrar han kampen mellom ulike opposisjonelle krefter og statsmakta det siste tiåret.

Boka har form som ein kronologi, med grundig dokumentasjon både på norsk og russisk, av dei ulike hendingane og politiske utspela. Målgruppa er ifølgje forfattaren det akademiske miljøet og det større Russlands-miljøet i Norge, og det vil unekteleg vera ein fordel med noko Russlands-kunnskap i bagasjen for å få utbyte av boka.

Liberale splitta, makta ter seg

Kortversjonen av «Russlands rebeller» er at opprørarane mot Putin har blitt pressa meir og meir over på defensiven. I 2013 kunne Aleksej Navalnyj trass alt stilla opp i ordførarvalet i Moskva og få 27 prosent av stemmene. I dag er dei liberale kreftene splitta og svake, og oppnår knapt eit par prosent i nasjonale og lokale val. 

Ein del av skulda må dei ta på sin eigen kappe. Som så ofte før i Russland, har opposisjonelle demokratar vist seg å mangla moderasjonen og disiplinen som krevst for å etablera eit praktisk samarbeid. Samtidig har makthavarane brukt alle dei skitne triksa i boka for å setja kritikarane ut av spel – frå drap og drapsforsøk til å arrestera folk for å ha banna på gata.

Flikke er god på fakta, som langt på veg kan tala for seg sjølv. Men bortsett frå at kampen mot korrupsjon og ein meir diffus moralsk indignasjon over maktmisbruk synest å vera ei felles drivkraft, saknar eg ein grundigare gjennomgang av ideologien til dei opposisjonelle. Forfattaren burde også ha gått grundigare inn på kvifor folk flest i Russland ikkje har større tillit til liberalarane, trass i at mange deler misnøya med maktovergrep og privilegium for styringseliten.

Ein del av forklaringa som Flikke sjølv peikar på i forordet, er Putins vellykka annektering av russisk historie, med «en neo-konservativ versjon av patriotisme som griper helt tilbake til begynnelsen av Romanov-imperiets regenttid på 1600-tallet». Og det er nettopp her Halvor Tjønn begynner i sitt mursteinsverk om framveksten av det russiske imperiet. Tjønn fører med dette vidare det store arbeidet om russisk historie som tok til med «Russland blir til», utgitt i 2015.

Krigar og maktkampar

«Det russiske imperiet» har dei same sterke og svake sidene som den første boka, berre i endå større grad. Tjønn har gjort eit gigantisk arbeid og viser seg igjen som ein fengslande forteljar og formidlar, som fører tankane mot Grimberg og NRKs legendariske Richard Herrmann. Jamvel den notorisk uoversiktlege «forvirringstida» («Smutnoje vremja») ført på 1600-talet greier Tjønn skildra på ein måte som både er spennande og forståeleg for ein nokonlunde konsentrert lesar.

Men når snaut 200 år blir framstilt over 700 sider, gjer den enorme detaljrikdommen det etter kvart krevjande å følgja med. Og  Tjønns perspektiv er topptungt: krigar, politiske mord, maktkampar, hoffintrigar og ei deprimerande lang rekke eksempel på all jævelskap som maktpersonar – russarar og andre – har vore i stand til å utføra mot andre menneske.

Det går saktens an å forsvara at vanlege folk blir kulissar i ei historie om den sterkt sentraliserte russiske staten.  Likevel synest eg det blir for mange kvite flekkar: økonomi, kultur, kvardagsliv, forholda for jødar og andre minoritetar, for å nemna noko. Påfallande er det også at erobringa av Sibir, eit enormt landnåm som etter kvart skulle føra russarane heilt fram til Stillehavskysten og Alaska, ikkje er tema.

Kunne det gått annleis?

Men både på og mellom linjene er «Det russiske imperiet» ei forteljing om korleis den russiske styringskulturen er blitt til – eit system der makta er samla på toppen, i ein politisk og åndeleg symbiose mellom stat og kyrkje, personifisert av éin herskar. I ein slik politisk kultur er det ikkje rom for maktdeling eller lojal opposisjon. Sjølv forsiktige kritiske spørsmål, eller for den saks skuld ein uærbødig vits, blir farlege truslar og forræderi.

Tjønn spør ved enkelte vegskilje om det kunne gått annleis. Då Anna Ivanovna, dotter av Peter den stores halvbror, vart kalla til keisarinne i 1730, skreiv ho under på ei handfesting, eit dokument som sette grenser for herskarens makt og kunne blitt kimen til eit konstitusjonelt styre i Russland. Men så braut det ut strid blant adelsslektene. Kvar tenkte kortsynt og egoistisk på seg og sitt, og Anna var snart i stand til å gjenreisa det brutale eineveldet. «Så vel adelen som befolkningen hadde vennet seg til at en sterk enevoldsmakt betød orden i staten og samfunnet. Tilsvarende betød en svak sentralmakt kaos og undergang,» konstaterer Tjønn. 

Det var eit nytt kapittel i denne lange historia som vart skrive på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva søndag kveld.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Aleksej Navalnyj
  3. Russland
  4. Bokanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Trond Giske innlagt på sykehus

  2. Legevikar skal ha vaksinert folk på parkerings­plass og tatt med seg brukte vaksine­glass hjem

  3. Dette sier advokater om Inger-Tone sin sak

  4. Alvorlig ATV-ulykke mellom Ålgård og Kverneland

  5. Mette må beskytte seg mot vind, og dusjing er som piske­slag: – Smerter styrer livet mitt

  6. Dette huset får 100.000 kroner til nytt tak