Pianisten som trampa i klaveret

BOK: Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.

Sunniva Relling Berg debuterer som vaksenforfattar med romanen «Lyden av to hender».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender. Roman. 336 sider. Samlaget.

Charlotte Løvås, Lotte blant vener, er ein lovande pianist som studerer ved musikkonservatoriet i Wien. Ambisjonane hennar er høge, og Lotte blir derfor nærast knust av å ikkje bli vald ut som solist til Vårkonserten. Skuffa vender ho heim til Noreg, til ein far som har starta på kull nummer to, ei mor som for lengst er død, og ungarske Jákob, pianolæraren og idolet hennar frå gamle dagar.

Lotte søker råd hjå mannen som ein gong var internasjonal superstjerne bak tangentane. Men som nå sit blind, bitter og isolert heime hjå seg sjølv. Når Lotte nærmar seg Jákob igjen, undrar ho seg meir og meir over kvifor han plutseleg gav opp karrieren og flytta til Norge, og begynner i løynd å undersøka fortida hans.

Enkelte vil nok kjenna igjen «melodien» her – musikar som mistar seg sjølv og derfor prøver å finna seg sjølv igjen, ikkje heilt ulikt til dømes «Så som i himmelen.» Eit brev som aldri blei lese, og som i nåtida kastar lys over skuggane i fortida, blir så introdusert. Sunniva Relling Berg (f. 1988) klarer likevel å vri eit kjent tema vekk frå ein sti som lett kunne leia inn mot såpeopera og klisjear. I staden blir det klassiske musikarmiljøet plattform for ein meir spenningsorientert og puslespel-aktig intrige, der Lotte som ein urøynd privatdetektiv søker sanninga på tvers av både intim- og landegrenser.

Musikarmiljøet, og ikkje minst kjærleiken til musikken, er skildra inngåande, og musikalske faguttrykk er brukt på ein måte som skapar truverd og nærleik. Særleg skildringane av pianistane sine framføringar står levande fram. Forfattaren klarer å regissera ei nokså heilstøypt historie som er fengande og kreativ, og der etiske dilemma dukkar opp: Skal ein teia eller tala om fortida?

«Lyden av to hender» er Sunniva Relling Bergs debut som vaksenforfattar, og ein anar fortida hennar frå ungdomslitteraturen: Stemninga i boka kan nok bli litt for koseleg for ein del vaksne lesarar, og ein kan sakna meir «sting». Forteljaren er òg i overkant forklarande ved enkelte høve, men samla sett klarer forfattaren overgangen bra.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Roman
  3. Litteratur
  4. Bøker
  5. Bokanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Her åpner en ny Dolly Dimples med musikk­pub

  2. Uvanlig mange små­barn vil tro­lig få luft­veis­infek­sjoner fram­over

  3. Ingve Bøe etter kollapsen mot Glimt: – Evnene strakk ikke til

  4. Ønsker klarere råd om forkjølelse

  5. Brannvesenet må hjelpe en person ned fra tre

  6. To ganger fikk ekte­paret fra Jæren nei til å adoptere. Likevel dro de til Sør-Korea og hentet Kim Jung Ah (13)