Ville du vore bøddelen?

FILM: Sterk og tankevekkande iransk film om dødsstraff.

Iranske «Det finnes ingen djevel» vann Gullbjørnen på den internasjonale filmfestivalen i Berlin i 2020. Men regissør Mohammad Rasoulof fekk ikkje reisa for å motta prisen.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Det finnes ingen djevel

Originaltittel: Sheytan vojud nadarad. Med: Ehsan Mirhosseini, Keveh Ahangar, Mahtab Servati. Sjanger: Drama. Regi: Mohammad Rasoulof. Nasjonalitet: Iran, 2020. Språk: farsi. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 31 minutt.

Eg skal vera ærleg og seia at eg heldt på å kjeda meg i hel den første halvtimen av «Det finnes ingen djevel». Eg liker ofte å sjå film utan å vita for mykje om dei på førehand, starta med blanke ark og eit ope sinn, så og seia. Men i denne filmen skjedde altså knapt noko som helst: Me følgjer ein heilt vanleg mann i Iran, der han kjører rundt i bilen sin, plukkar opp kona, parkerer, handlar, et middag, ser tv, utfører heilt vanlege, kvardagslege rutiner - som jo er drepande kjedeleg å sjå på.

Så skjer plutseleg eit brot. Like plutseleg blei den kjedelege filmen interessant.

«Det finnes ingen djevel» vann topprisen Gullbjørnen på den prestisjetunge filmfestivalen Berlinalen i 2020. Og eigentleg er det ikkje éin, men fire filmar, som alle kretsar rundt eit komplisert tema: Dødsstraff.

Temaet er ikkje mindre komplisert, kontroversielt eller aktuelt i det autoritære prestestyret Iran, som er eitt av landa i verda som avrettar flest menneske. Sånn sett er det nesten ubegripeleg at regissør Mohammad Rasoulof har klart å laga denne filmen, inne frå Iran, i løyndom, og så har fått han ut i verda. I 2019 blei Rasoulof fengsla og fekk livstidsforbod mot å laga film. Men enkelte modige menneske trassar altså nesten umoglege forhold og insisterer på halda fram.

«Det finnes ingen djevel» går inn i fleire dilemma rundt praktiseringa av dødsstraff - og minna meg på ein samfunnsfagstime eg aldri har gløymt frå vidaregåande. Læraren ba alle som var for dødsstraff retta opp ei hand. Ei handfull hender gjekk i veret. Så minna læraren oss om at dødsstraff også forutset at nokon er bøddel, og ba dødsstrafftilhengarane som sjølv såg for seg å kunna vera bøddel om å framleis halda handa oppe. Alle hendene bortsett frå éi fall til pultane.

Dette går Rasoulof inn i. Kven skal drepa desse menneska på vegne av det autoritære regimet? Kva skal til for at du skal ta eit anna menneskes liv på denne måten? Kva er prisen du sjølv betaler? Det heile er raffinert og intelligent gjort, ikkje svart-kvitt, men med tankevekkjande nyansar.

Rasoulof fekk ikkje dra til Berlin for å motta prisen for sin modige film. Men du bør dra på kino og sjå han.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Fargerik jule­magi for hele familien

  2. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  3. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  4. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  5. Disney leverer magi til jul

  6. Den første filmen i Venom-serien var ikkje det store. Den andre er dårlegare

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Filmanmeldelse