Mord eller sjølvdrap

BOK: Arne Ruset lagar duunsk uhygge av landsens familietragedie over fleire generasjonar.

Arne Ruset er aktuell med romanen «Ikkje ein sporv til jorda».
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Arne Ruset: Ikkje ein sporv til jorda. 263 sider. Roman. Solum Bokvennen.

Hadde Arne Ruset (1951, debut 1973) sin siste roman blitt filmatisert, kunne han stykkast opp til ein finurleg påskekrim for tv i mange episodar: «Ikkje ein sporv til jorda» er ei innfløkt historie med mange personar og trådar og ikkje rett få feilkjelder. Ho inneheld eit svært persongalleri, med både psykologisk og kriminalteknisk spenning over fleire generasjonar.

Den må skjerpa seg som vil vita – og kanskje ha ambisjonar om på eiga hand å finna ut – kva som «eigentleg» hende i eit lite vestlandsk bygdelag hausten 1957, men som først skal finna si løysing etter nye dramatiske hendingar på forvinteren 2009, med ein epilog lagd til mai 2019: Dette er i utgangspunktet ei kriminalgåte, med ein person som på uforklarleg vis forsvinn for alltid (bortført og drepen?). Men så, ein generasjon seinare blir eit anna familiemedlem funnen valdeleg død.

Utan at ein den gongen forstod koss det kunne ha seg, kimte klokkene i eit unytta kapell då den første forsvann. Og så kimar og dundrar det på same vis på same staden ved dødsfall nummer to. Heilt frå begynninga ligg det tungsinn, uhygge, vondskap og uro over personar og landskap, i ei grunnstemning som påminnar om Duuns nå litteraturhistorisk kanoniserte forteljingar frå norsk bygdeliv for hundre år sidan.

Arne Ruset gjer det like truverdig og aktuelt i dag her han har sett seg den formidable oppgåva å turnere eit digert tal personar (dei kan ikkje vera langt frå femti med smått og stort, frå hovudpersonar til dei meir perifere for handlinga), men som alle er knytte saman i det som endar opp som eit mangefasettert bilde av eit helt bygdelag over to skilde tidsplan.

Heile dette svære puslespelet går til slutt opp i ei utriveleg familiehistorie. På same tid som det som sånn sett er ei kriminalforteljing, gir det rommeleg plass for miljøskildring, ei mengd truverdige karakterar, skinheilag trusliv og framand- og mange slags annan frykt, grådigskap, kjenslers kua oppdemming som til slutt må bresta. Med alle sine stup og avgrunnar i menneskeliv og natur har det med si uvisse og mykje uhygge alt saman fått plass på 250 sider. Det er godt gjort.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Rørende, sannferdig, alvorstung, lattermild, sensuell og perspektivrik

  2. Godt skrevet om menn i krise

  3. Korona, som opplevd av Camilla

  4. Stolt pakistanar, stolt nordmann

  5. Den nye krimdronningen

  6. Heidi Furre maser på leseren, og det er vellykket

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Roman
  4. Bokanmeldelse
  5. Litteratur