Verken fugl eller fisk

Tasmanske Robbie Arnott er aktuell på norsk med romanen «Regnhegren».

BOK: Fantasy-full dystopi som ikkje klarer å bli heilt stødig på vengene.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Robbie Arnott: Regnhegren. Roman. 288 sider. Omsett av Stian Omland. Cappelen Damm.

Han er ikkje gamle karen, australske Robbie Arnott (f. 1989), men 32-åringen frå delstaten Tasmania har allereie fått fleire prisar for debutboka «Flames» i heimlandet. To år seinare kjem andreboka «Regnhegren» nå ut i ei rekkje land, deriblant Noreg.

Me blir her tatt med inn i eit aude og gåtefullt landskap som er halvt om halvt post-apokalyptisk og mytologisk. Eksentriske Ren har trekt seg tilbake i ei hole i skogen der ho lever av jakt og fiske, etter noko som verkar å vera eit samfunnsmessig samanbrot. Dunkle vendingar pregar skildringa av fortida, men eit statskupp blir nemnd, og snart dukkar soldatar opp i nærleiken, leia av den karismatiske løytnant Harker. Ho er fast bestemt på å fanga den segnomsuste regnhegren for sine overordna. Og Ren skal vera med henne. Giv akt!

Det hjelper lite at Ren forklarer løytnanten at regnhegren er nettopp ei segn. Harker høyrer ikkje på det øyret, og med slu metodar klarer ho å tvinga einebuaren med seg på jakta etter fuglen. Fremad marsj!

Undervegs klarer forfattaren å lura oss nokre gonger (slu han òg!), med vendingar i handlinga som gir enkelte aha-opplevingar. Dei to kvinnene er både originale og fleirtydige figurar, og skifte i synsvinkel mellom dei to og eit par andre personar gir ein viss variasjon i framstillinga. Det same kan seiast om ein prolog i nærast gammaltestamentleg stil og eit mellomspel tilbake i tid frå eit merksnodig blekksprutfiskar-miljø. Sjølve stilen eller sjangeren kan skildrast som ei blanding av psykologisk-realistisk drama, fantasy, dystopi og symbolsk fabel. Med andre ord eit stykke vekk frå gjennomsnittleg norsk samtidsprosa.

Kreativiteten er det altså ikkje noko å seia på, og «Regnhegren» blir stilmessig ein fin variant av post-apokalypse-tradisjonen, men langt frå så intens som til dømes Cormac McCarthys «Veien». Arnott bind likevel historia saman på ein konsis måte, sjølv om siste del blir noko av ein transportetappe, mot ei føreseieleg avrunding. Eit større problem er biletbruken som understøttar det økologiske bodskapet. Enkelte av metaforane blir for lette å gjennomskoda og kjennest nesten barnslege og «Gåsa som la gullegg»-aktige. Den allegoriske dimensjonen vert slik sett litt for tydeleg, og fungerer ikkje så bra i kombinasjon med det hardkokte miljøet som elles blir skissert. «Regnhegren» flyg, men ikkje høgt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Sprudlende flott roman

  2. Et lite mesterverk

  3. Klimaangst og økosorg

  4. Innfrir igjen

  5. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  6. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Roman