Ottar Grepstad: "Det nynorske blikket" - Historisk blikk på ein nynorsk identitet

Historisk djupne og store kunnskapar bak Ottar Grepstad siessaysamling.

  • Jan Inge Sørbø
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 19 år gammel

Ottar Grepstad: Det nynorske blikket Essay. 575 s., 348 kr. Samlaget Ottar Grepstad er direktør ved Nynorsk Kultursentrum, som held til i det nye Ivar Aasen-museet i Ørsta. Tidlegare har han vore tilsett i mange år i Det Norske Samlaget, og han stod sentralt i arbeid med den norske sakprosa-historia.Han er mellom pionerane i arbeidet med retorikk og essayistikk; eit av fleire gode hovud som i si tid gjekk på Georg Johannesens essayseminar på slutten av 70-talet.Den omfangsrike essaysamlinga hans (575 sider) inneheld ei rekkje talar, til dømes ein årstale om nynorskens tilstand — det er den som har gjeve boka namn. I ein viss forstand er dette altså institusjonelle tekstar; sjølvsagt tenkjer Grepstad sjølvstendig, men han formulerer seg også på vegne av ei rørsle. Han er truleg den fremste ideologen for nynorskrørsla i dag. Han er på mange vis ein organisasjonsmann, ein som får ting til. Og når han skriv, har han evne til å samla det mange har tenkt og arbeidd med, i store synteser.Det er to tyngdepunkt i desse essaya. Det eine er historisk. Han lagar portrett av folk i sentrum eller utkanten av nynorskrørsla. Til dømes har han eit godt essay om Garborgs dagbøker, som har fått eit frynsete ettermæle. Men han skriv også om mindre kjende figurar, som Steinar Schjøtt, ein mann Garborg stila sine Knudaheibrev til, eller Lars Stavnheim, ein lite kjend redaktør av nynorskavisa Fedraheimen (som Garborg stifta og dreiv). Eller målmannen Peder Hovdan, spesialist på statistikk om målsaka.Les ein desse portrett-essaya samla, trer det fram eit bilete av målrørsla som heilskap og miljø - med organisasjonsarbeid av mange slag, og med idealistar som sette alle krefter inn. Dette er interessant kulturhistorie, og Grepstad har enorme kunnskapar, heilt ned i detaljane. Og når han knyter det til personar, blir det levande og interessant.Det andre tyngdepunktet ligg i analysene av målsaka i dag. Her fangar han opp viktige sider ved debatten om nasjon, kulturell identitet, internasjonalisering og så vidare. Noko av det viktigaste er å slå fast at den språkkløyvinga vi har i bokmål og nynorsk, er eit kulturelt gode. Kampen for nynorsk som einaste språk i landet er historie; derimot er kampen for å halda på dei to jamnstelte målformene viktig; for blir bokmålet einaste forma, misser vi kontakt med ei heil kulturell rørsle, og utryddar ein særprega nynorsk identitet.Grepstads fare som skribent er at han brukar fleire fakta enn han greier å gjera interessante, og hans freisting som ideolog er at han overforbrukar nynorsk-hatet som argument. Men dette er freistar han berre sjeldan fell i, som heilskap dokumenterer han at nynorskrørsla har mykje å fara med både historisk og aktuelt, og at det er mogeleg å skriva gode essay om det materiale han kjenner så godt.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne i 90-årene kom seg ut uskadd

  2. Du vett, mååååden han seie det på

  3. Kvelden tilhørte Froddien

  4. Politiet: Brannen ved barnehage i Stavanger var påsatt

  5. Kommunens minste skole får ansiktsløft til 130 millioner – og åtte meter høyt blikkfang

  6. Tingretten i Egersund stengt med umiddelbar virkning