Internrapport frå kulturbyråkratiet

BOK: Roman frå forlagsbransjen som er så inne i sitt eige miljø at han knapt betyr noko for oss som står utanfor.

Synne Øverland Knudsen har bakgrunn som musikar og driv forlaget Fanfare. Gode lesare er hennes første bok.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Synne Øverland Knudsen: «Gode lesere». Roman. 306 sider. Forlaget Oktober.

«Gode lesere» handlar om ei ung, idealistisk, litterært skulert kvinne, som går under den anonyme nemninga «hun,» og kampen hennar for å lykkast som kulturarbeidar.

Innleiingsvis får me høyra at ho hadde bare lyst til å møte folk og lage noe bra, men draumen har tronge kår. Allereie i opningsscena er «hun» i banken med ein plastpose med myntar ho har skrapa saman, som skal dekka utgifter det vesle forlaget hennar har.

Etter kvart er det vel så mykje ideala hennar som er under press. Ein ting er å «møte folk,» men når desse folka – som sit i maktposisjonar – ikkje har same oppfatninga av kva «noe bra» er, dukkar dilemmaet opp: skal ho jenka seg for å koma inn i varmen som prostituert hjå kultureliten, eller bli ståande ute i kulden som sveltekunstnar med integriteten i behald?

«Hun» klarer ikkje å bestemma seg heilt for verken alternativ ein eller to, noko som utgjer spenninga i romanen. Skjønt, «spenning» er nok ikkje det mest dekkande ordet her, for handlinga har få retningsendringar og blir i lengda unødvendig flat.

Synne Øverland Knudsen (f. 1989) viser tydeleg at ho sit inne med mykje kunnskap om kultursektoren og forlagsbransjen, men potensialet er ganske uforløyst. Eg ser føre meg at boka kunne blitt til dømes ein både underhaldande og bitande satire over kor mange ryggar og andre kroppsdelar ein må sleika for å lykkast på dette feltet.

I staden har Knudsen vald ei vinkling der hovudpersonen sine tilbakevendande og ganske gjentakande refleksjonar skal bæra teksten. I lengda blir det einsidig og innforstått. Det er godt mogleg bransjefolk humrar godt over skildringane av hageselskapa, planleggingsmøta og stresset i kulissane til ein litteraturfestival. For oss som står utanfor, blir poenga noko interne og dermed nokså inkjeseiande.

Etter 276 sider spør den namnlause hovudpersonen tror du jeg kommer til å få til mer eller mindre ved å stå utenfor? på sms til den nesten-utru, eldre «vennen» og forlagssjefen Bøygen.

Han svarer: På generell basis: Forbrukskulturen tar alle. Den ser begjæret og gjør alt til sitt. Ingen slipper unna. Alle vil være fine. Alle tror på markedet. Selv sosialistene.

Ein kan sjå det som eit slags bodskap som kjem fram i klartekst. Her ligg noko av problemet med heile romanen: som regel for utydeleg, enkelte gonger for rett fram og kronikk-aktig. Forfattaren verkar å ha eit medvite forhold til språket, truleg litt for medvite, noko som gjer teksten nølande og vag.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Visuelt til­trekkende og ytterst peda­gogisk

  2. Er det mogleg at etter­ordet kan vera den beste delen av ei bok? Det påstår Aften­bladets kritikar her

  3. Sexorientert terapi-roman

  4. Først og fremst spennende og velskrevet, og som bonus kan du lære noe

  5. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  6. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse