Sex og intrigar i klosteret

FILM: Paul Verhoevens «Benedetta» er best når det handlar om intrigene i klosteret.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

BENEDETTA

Kinopremiere: 18.02.2022. Med: Virginie Efra, Charlotte Rampling, Daphne Patakia, Lambert Wilson, Olivier Rabourtin. Sjanger: Drama. Regi: Paul Verhoeven. Nasjonalitet: Nederland, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 11 minutt.

I møte med nok ein film «basert på verkelege hendingar», kan ein frå tid til anna lura på kor tett på dei verkelege hendingane dette er. Tanken slo meg eit par gonger mens eg såg «Benedetta».

Filmen handlar om ei italiensk nonne – og seinare abbedisse – som levde i Italia mellom 1590 og 1660. Ho er kjent for ettertida fordi ho også viste seg å ha eit lesbisk, seksuelt forhold til ei medsøster, Bartolomea. Sånt falt ikkje i veldig god jord i motreformasjonens Italia.

Me møter først Benedetta som ung jente på veg inn i klosteret. Allereie meiner ho å ha tett kontakt med Gud, og allereie er ho tett på bibelske under. Men frå starten av får ho også beskjed om at kroppen er ein fiende – og at intelligens kan vera farleg.

Men hovuddelen av filmen handlar om den unge, vaksne Benedetta. Ei sunn og flott kvinne som også opplever at kroppen hennar vaknar til live, ja. Gjerne i kombinasjon med bibelske fantasiar. Og så kjem den unge og opprørske Bartolomea, og ting begynner verkeleg å skje. Ikkje minst med ein treskaftversjon av Jomfru Maria.

Under nonnenes sexscener klarer eg ikkje heilt fri meg frå tanken om at regissør Paul Verhoeven (83) verkar i overkant glad i å visa fram blotta kvinnebryst og «ulovleg» sex. Verhoeven er kjent for filmar som «Basic Instinct», «RoboCop» og «Showgirls». I den nye filmen tek han i tillegg til dei «ulovlege» kroppslege lystene for seg religion, manipulasjon, maktstrukturar i kyrkja, makt og grådigheit - som er det mest interessante ved filmen. Alt mens pesten herjar utanfor bymurane.

Historia er godt fortalt – om enn litt over the top frå tid til anna. Virginie Efra er god som Benedetta, Charlotte Rampling veldig god som abbedisse. Det er ikkje fullt så mykje kostymedrama som eit historisk drama frå 1600-talets Italia kunne vore, men du er aldri i tvil om kor eller når du er.

Men om alt dette faktisk har skjedd? Eg tviler.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Charlotte Rampling
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse
  5. Film