Tragisk komedie
FILM: Ikkje veldig lystig skildring av fallert pornostjernes retur til Texas.
- Jan ZahlKulturjournalist
RED ROCKET
Kinopremiere: 11.03.2022. Med: Simon Rex, Bree Elrod, Suzanna Son. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Sean Baker. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 10 minutt.
«Red Rocket» må ha tidenes mest misvisande filmplakat. Biletet av ein naken mann med ein rosa smultring rundt livet sender tankane i retning crazy ungdomskomedie og slap stick-humor. Det er definitivt «Red Rocket» ikkje.
Filmen startar med at Mikey (Simon Rex) vender heim til Texas, forslått og utan anna enn det han går og står i. Han er ikkje velkomen, verken til kona eller svigermora. Men han overtaler seg til å få krasja nokre netter på sofaen i det særs slitne huset i skuggen av oljeraffineriet. Så møter han 17 år gamle Strawberry på smultringsjappa, og ting begynner å skje.
Mikey har forrykande med energi og eit snakketøy utan like. Han er på eitt vis ein optimist, ein drøymar – men vel så mykje ein pratmakar med komplett urealistiske tankar om både seg sjølv og verda.
Simon Rex’s framstilling av denne typen, som har gjort det ganske stort i pornobransjen på grunn av sin store, eh, ja, er særs god. Du vekslar mellom å ha sympati for den sjarmerande stakkaren – før du etter kvart innser at han er ein skikkeleg dårleg fyr.
Men også rollene rundt er overtydande framstilt, frå eit miljø ein kan kjenna att frå regissør Sean Bakers hand. (Baker blei nominert til Oscar for «The Florida Project» i 2018). Igjen tek han oss med til dei minst gloriøse delane av USA, til fattige og fortapte sjeler som slit med rus, økonomi og meining i livet. Omgivne av forfall i glorete fargar. Og der Mikeys versjon av den amerikanske draumen altså er å gjera det godt i pornobransjen.
Til den som måtte tenkja at dette ikkje høyrest veldig lystig eller komisk ut: Eg er einig. Her er enkelte komiske scener, helst av det mørkare slaget. Men det sit langt inne å le av desse stakkarane. Dette er, mest av alt, tragisk.
Ja, og så er filmen for lang, med for slapp framdrift. I lange parti blir det berre skildring av dette triste livet, heller enn utvikling i historia eller dramaturgien.
Og i bakgrunnen kjempar Donald Trump for å bli president, mot Hillary Clinton. Kven stemte stakkarane me møter i «Red Rocket» på, tru?
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her