- Ikkje plagiat

Vigdis Hjorth meiner hennar bruk av W.G. Sebalds «Austerlitz» i "Tredje person entall" er trygt innanfor grensene for kva ein skjønnlitterær forfattar kan gjera.

Publisert: Publisert:

Vigdis Hjorth innrømmer å ha lagt setningar av W.G. Sebald inn i sin eigen tekst, men meiner ho er innanfor grensa av kva ein skjønnlitterær forfattar kan gjera.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

— Eg har sjølvsagt lese Sebalds «Austerlitz», og veit kva avsnitt du snakkar om. Men mi bok og mitt prosjekt står hundre prosent på eigne bein, svarer Vigdis Hjorth når Aftenbladet konfronterer henne med plagiatpåstandane frå Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Hjorth innrømmer at det finst setningar i hennar roman som er tekne frå Sebalds roman, men meiner det blir flisespikkeri å diskutera enkeltsetningar.

— «Tredje person entall» og «Austerlitz» er to vidt ulike bøker lagt til ulike stader og tider. Sebalds roman handlar om ein mann, mi bok handlar om ei kvinne. Du kan finna nokre enkeltsetningar som er like, men konteksten er heilt forskjellig, seier Hjorth.

Lik tematikk

Men éin viktig tematikk har dei to bøkene felles, og det er her setningane frå Sebald dukkar opp i Hjorths tekst: I det som handlar om å skriva; om skrifta.

— Skrifta kan for eit skrivande menneske både bli ein motstandar og forløysar. Begge bøkene handlar om det som er hemmeleg, skjult og ikkje blir snakka om – men som likevel verkar på menneska, seier Hjorth – og legg til: - Men om det handlar også alt Ibsen har skrive.

Skulle hennar bruk av Sebald kvalifisert til plagiat, meiner ho tekstbrokkane måtte vore avgjerande for kvaliteten på hennar eiga bok.

— Men det er dei ikkje. Eg kunne fint tatt ut desse setningane utan at det påverka kvaliteten eller innhaldet i mitt verk.

- Kvalsvik Nicolaysen meiner du burde vist til kor du har henta dette frå?

— Eg kunne sjølvsagt redda meg unna om eg hadde skrive inn at min hovudperson tenkjer at dette "minner om noko ho hadde lese ein stad". Det var kanskje uforsiktig av meg ikkje å gjera det.

Vanleg praksis

Hjorth viser til at alle forfattarar profitterer på andres tekstar. Som då Henrik H. Langeland skreiv ein heil roman – «Requiem» – basert på litterær sampling av Marcel Proust. Eller Karl Ove Knausgårds bibelske referansar i «Min kamp».

— Ein kan trygt ta noko frå andre. Spørsmålet er om bøkene har sin eigen tematikk og kan stå for seg sjølv, seier Hjort.

På språk- og setningsnivå meiner ho kunsten er å få det ein hentar inn utanfrå til å fungera i den nye teksten.

— Utfordringa er å integrera desse setningane i din eigen språktone slik at dei ikkje skil seg ut, og utan at folk reagerer på det. Eigentleg syns eg at eg har vore sabla god som har klart å få dette inn utan at det står ut som ei eiga stemme i teksten min, seier Hjorth.

Hint?

Men mens Langeland var eksplisitt om «Requiem»s forhold til Proust og Knausgårds bibelreferansar er ganske tydelege, er det ingen hint til Sebald i Hjorths tekst eller i lanseringa av "Tredje person entall".

— Eg har ikkje funne nokon referanse til Sebald i det som er skrive rundt "Tredje person entall" i norske aviser eller gjennom Google. Har du kome med nokon hint sjølv?

— Det har eg heilt sikkert. Det blei veldig lite merksemd rundt «Tredje person entall», men då eg blei bokbada om henne, snakka eg mykje om skrift. Då snakka eg garantert om Sebald. Og om Marguerite Duras.

- Ingen kritikarar har heller sett linken. Hadde du venta at nokon ville oppdaga referansen til «Austerlitz»?

— Kvar gong eg gir ut bok, lurer eg på desse tinga.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  2. Fortsatt ingen kontakt mellom partene – busstreiken trappes opp til Rogaland

  3. Kjøkkenet ligger 143 meter over havet – i Stavanger

  4. «Koronapandemien har gitt en oppblomstring for tvilsomme firmaer som skor seg på desperate mennesker»

  5. Jenter skulle rekke toget - endte med å stanse togtrafikken i Stavanger

  6. XXL Forus-ansatt har fått korona – kommunen ber kunder følge med på symptomer