Underleg bok - på godt og vondt

BOK: Kreativ oppbygging og mykje språkleg spenst, men litt for uklart kor me er og skal hen.

Frida Andersen debuterer med romanen «Ingen brå bevegelser». Foto: Cappelen Damm

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Frida Andersen: Ingen brå bevegelser. Roman. 167 sider. Cappelen Damm.

Litteraturteoretikaren Viktor Sjklovskij meinte at mykje av poenget med litteratur er at han skal vera «underleggjort.» Altså at teksten skal få lesarane til å stussa over formuleringar og framstillingar, som gjer at dei stoppar opp og tenker seg om. Dermed står livet og kvardagen, via litteraturen, fram i eit nytt lys for lesarane.

Frida Andersens (f. 1994) debut «Ingen brå bevegelser» er sterkt prega av å ha nett eit slikt framand blikk i seg. Framstillinga er på mange måtar kvardagsleg, men like fullt underleg. Og i ein normativ samanheng som denne – underleg på godt og vondt.

Ein anar at det handlar om ei namnlaus, ung kvinne i Oslo-traktene og hennar tankar og kjensler. Elles gjer forteljaren det vanskeleg for oss å få tak på både handling og hovudperson: Til dels fragmentariske kapittel – ved enkelte høve berre ei setning eller to, somme tider illustrert med strekteikning. Skifte i forteljarperspektiv frå «jeg» til «du» innimellom. Og bipersonar som er anonyme «han», «hun», «de», og «dere», utan vidare presentasjon.

Kombinert med ei innforstått, men kreativ, språkføring, med kryptiske setningar som «Kreft er ikke bare mamma som gråter fordi moren hennes er borte, og morfar som fikk seg hund fordi huset ble så stille», skaper forfattaren eit dunkelt, men fascinerande, lite univers. I byrjinga verkar forteljarstemma noko naiv, nærast barnsleg, etter kvart mørknar det til. Ein anar eit mogleg seksuelt overgrep, eit mogleg sjølvmord i venekrinsen og ein mogleg psykolog.

Lesaren blir altså gjennomgåande halden på avstand, noko som verkar å vera eit ganske snedig og gjennomført språkleg grep for å få fram korleis hovudpersonen kjenner seg. Etter kvart blir denne styrken ved teksten paradoksalt nok òg veikskapen: Det underlege, som var interessevekkande i starten, blir med tida føreseieleg. Og eigentleg meir forvirrande og utmattande enn fascinerande, etter godt og vel 160 sider. Ein blir lei av å ana, og saknar meir utvikling og retning i både hovudpersonen og handlinga (i den grad ein kan snakka om handling i denne romanen), som kunne hindra tendensar til gjentaking og tomgang. Den noko gjenstridige og særmerkte forteljarrøysta er det derimot all grunn for ein debutant å byggja vidare på.

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bøker
  5. Roman

Mest lest akkurat nå

  1. 22 nye smittetilfeller på Nord-Jæren

  2. Jordbærkrangel på Stortinget: – Helt sjokkert over Bollestad

  3. Vært i utlandet? Nå kan du få besøk av en politi­pensjonist

  4. Nytt koronarelatert dødsfall på SUS

  5. Flere har søkt erstat­ning etter korona­vaksi­nering

  6. Ett år etter stupeulykken skal Konrad (17) opereres i Thailand. Drømmen er å gå igjen