Bra om kritikarar ikkje er einige om ei bok er god

KAPITTEL: Problemet er ikkje om ulike kritikarar gir ulik kritikk til ei bok, ein film eller eit teaterstykke, men om det blir så få kvalifiserte kritikarar at det ikkje blir nokon diskusjon.

I 2014 blei Bernhard Ellefsen kåra til Årets kritikar – og to år etter fekk han Hestenesprisen for sine litteraturkritikkar i Morgenbladet. Men han har også fått ein god porsjon kjeft for sine vurderingar av kva som er gode og dårlege bøker. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Ein kritikk er ikkje meint å vera den endelege dommen over ei bok, men eit utsegn i ein offentleg diskusjon. Når mengda kritikk går kraftig ned, fungerer ikkje den diskusjonen like godt lenger, sa bokmeldar og bokansvarleg Bernhard Ellefsen i Morgenbladet då Kåkå kverulantkatedralen og Kapittel fredag kveld inviterte til debatt om litteraturkritikkens kår.

Dei aller fleste norske avisene har dei siste åra kutta i litteraturkritikken. Færre bøker blir melde, avisene held seg med færre litteraturkritikarar. Parallelt har det dukka opp bokbloggarar på nettet – og nettbutikkar der lesarane sjølv kan gi bøkene stjerner, ros og ris.

Kva er dei kvalifiserte kritikaranes plass i ei slik tid?

Les også

Kiellands gode samvittighet på ny

Les også

Drog på heimebesøk til nettrolla

Godt eller dårleg?

– Kritikkens oppgåve er å skilja mellom godt og dårleg. Det finst ikkje objektiv kvalitet eller tydeleg kriterium. Men det finst gode og dårlege kvalitetsvurderingar og godt og dårleg skrivne kritikkar, sa Ellefsen, som lever veldig godt med at han tidvis har hissa på seg folk som er usamde med han, som syns han kan vera arrogant og elitistisk.

– Det viktigaste kritikarar har, er integriteten og habiliteten. Du skal stå heilt fritt til å meina og skriva akkurat det du meiner. Men det er ikkje enkelt i eit lite land som Norge, med mange hattar og relasjonar på kryss og tvers, sa Kristin Auestad Danielsen, som både er forfattar og litteraturkritikar – rett nok i permisjon – i Aftenbladet.

Ho blir glad for alle kritikkar ho får. Sjølv om dei er få.

– Som poet har eg vore heldig å få meldingar. Alle får ikkje det. Mange forfattarar får ingen kritikkar. Det er ei slags melding i seg sjølv. Den verste du kan få, sa Auestad Danielsen.

Trist og lei

Janne Stigen Drangsholt er både professor i engelsk litteratur og forfattar. Ho gløymer ikkje den første bokmeldinga ho fekk, ein ganske dårleg ein i Aftenposten for debutboka «Humlefangeren».

– Eg blei skikkeleg lei meg, og fekk vondt kvar gong eg såg kritikarens namn på nettet. Og Vidar Kvalshaug er veldig ivrig på nettet, sa Stigen Drangsholt.

Nå les ho kritikkane bøkene hennar får – men veldig fort:

– Eg kan bli lei og føla meg dum om eg les ein dårleg kritikk. Men eg kan også føla at eg er feillest. Eg syns mykje litteraturkritikk er hastverksarbeid. Kritikarane har dårleg tid og får for dårleg betalt.

Ellefsen er einig i at det finst både gode og dårlege kritikkar, og meiner det er vanskeleg å skriva ein god, kritisk tekst på same måte som det er vanskeleg å skriva ei god bok. Men han avviser at problemet er lite tid og pengar – for sånn har det alltid vore.

– Dei fleste kritikarar har alltid hatt fleire bein å stå på. Så sjølv om det finst få profesjonelle heiltidskritikarar, finst det mange akademikarar og forfattarar som skriv gode kritikkar, sa Ellefsen.

Ikkje bli kjedeleg!

Kva er så ein god kritikk – og då snakkar me altså ikkje om eit godt terningkast, men ein god, kritisk tekst?

Ellefsen meiner han må vera godt skriven. Teksten kan ikkje vera kjedeleg. Han må vera retta mot lesarane, ikkje eit smalt fagmiljø. Kritikaren må altså ikkje bruka uforståeleg og intern fagterminologi, men forståelege ord.

– Du må skriva godt, du må bruka konkrete døme. Ei skikkeleg god melding peikar ein veg inn i kunstverket, peikar på konkrete ting i verket og viser kvifor du vurderer som du gjer. Og så må du lesa med heile kroppen, ta eit skritt tilbake, sjå på din eigen reaksjon på verket, setja språk på det. Blir du svolten eller kåt når du les ei bok, er det viktig, sa Ellefsen, som meiner det er ein dårleg strategi å klaga over at det står så dårleg til med kritikken:

– I staden for å grava vår eiga grav, må me fyra opp og visa oss fortente til plassen vår. Kritikken kan ikkje erklæra seg i krise heile tida, men må i staden vera offensiv og insistera på å ta plass. Meiner me at litteraturen og kritikken er så viktig, må me visa kvifor og korleis.

Les også

  1. Redusert Kapittel i koronaens tid

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Kåkå kverulantkatedralen
  3. Kristin Auestad Danielsen
  4. Janne Stigen Drangsholt
  5. Kapittelfestivalen

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen ber deg om én ting når du møter vaksinering

  2. 14-åring frastjålet klesplagg på togstasjon - fire mindreårige er mistenkt

  3. Ett år etter stupeulykken skal Konrad (17) opereres i Thailand. Drømmen er å gå igjen

  4. Hva hvis vaksinen din kommer midt i sommerferien? Dette bør du tenke på.

  5. «Exit» flyttet inn i ekteparets hjem. Her er deres ti tips for å bygge drømmehuset

  6. Nå vil mange dyrke sin egen mat. Dette er de fem mest populære plantene