Ikkje heilt konge

Atle Antonsen er konge og Ine Jansen dronning i TV 2s nye komiserie «Kjære landsmenn».

TV-SERIE: Morosam idé med komiserie om kongefamilien. Men gjennomføringa er ikkje heilt konge.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

KJÆRE LANDSMENN

Premiere 18. september på TV 2 / TV 2 Play. Serieskapar: Pål Huuse. Med: Atle Antonsen, Ine Jansen, Chloé Kolstad, Jonas Strand Gravli, Mattis Herman Nyquist. Åtte episodar.

Ideen er morosam: Lag ein komiserie der me blir med kongefamilien bak fasaden. Spekuler på kva dei seier, tenkjer og gjer etter at dei har høyrt nok eit skulekorps, fått nok eit presseoppslag i trynet, nok ei meiningsmåling om monarkiet.

Få i tillegg med deg eit stjernelag av skodespelarar, med Atle Antonsen i rolla som kong Johan og Ine Jansen som dronning Isabella i spissen. Og så skulle i prinsippet suksessen vera sikra.

Men så blir det ikkje så bra likevel. Meir humrestoff enn humorstoff. Mot slutten blir det ikkje mykje å humra over heller, når serien endrar karakter og blir til eit slags drama.

Det startar bra. Kongen og dronninga har køyrt i timevis for å vera med på Gøla kulturskoles 100-årsjubileum. Her er surt korps, nervøse talarar og blide folk med dialekt som gir kongeparet uthola kåter. (Ja, du får vita kva kåte er.) Dei kongelege smiler så godt dei kan.

Kongeparet på Gøla kulturskoles 100-årsjubileum. Dei får gåver.

Men når dei så får ei meiningsmåling i fanget som viser at berre 48 prosent av dei spurde syns kongen gjer ein god jobb, går alarmen på slottet. Ikkje minst i kommunikasjonsavdelinga. Dermed skal dei neste episodane handla om dei ganske desperate forsøka på å auka kongens popularitet – og litt om maktkampen med den republikansk innstilte og populære statsministeren (Nyquist).

Her er det ein del å le av.

Samtidig blir det litt for låg energi, litt for luntete tempo, litt for langt mellom poenga som kallar fram latteren, litt for slapt manus. Og så blir det litt for godmodig, litt for lite brodd, litt for harmlaust, litt for trygt. Fram til det på eit visst tidspunkt handlar meir om utfordringar internt i familien, om problema med å manøvrera i desse på førehand utdelte rollene konge, dronning og kongebarn må halda seg til. Då sluttar det også å vera morosamt.

Kan kongen bli meir populær om han tar trikken, tru?

Antonsen er god som konge – det same er Jansen som dronning. Men noko av problemet med å ha så profilerte og dyktige folk i rollene, er at dei strengt tatt liknar på seg sjølv og sine tidlegare roller. Antonsen er sånn han pleier å vera, Jansen er litt som i til dømes «Helt perfekt» med Thomas Giertsen.

Så sjølv om «Kjære landsmenn» er ein ny serie, basert på ein god idé, liknar det framfor alt noko du har sett før.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Den eldste Egersund-cowboyen: Et stille og fint portrett

  2. Går det an å teikna ein doku­mentar­film om Taliban? Absolutt!

  3. Burde vært bedre

  4. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  5. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  6. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Atle Antonsen
  3. TV2
  4. Serier
  5. TV-serie