Ikkje blankt serve-ess

FILM: Klassisk heltehistorie om tennisstjernene Venus og Serena Williams. Men litt for langt og litt for klisjé.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

KING RICHARD

Kinopremiere: 26.11.2021. Med: Will Smith, Aunjanue Ellis, Saniyya Sidney, Demi Singleton, Jon Bernthal, Tony Goldwyn, Dylan McDermott. Sjanger: Drama / Biografi. Regi: Reinaldo Marcus Green. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 18 minutt.

På eitt vis elskar me jo sånne historier: Om underdogen som lukkast, trass i at ein har alle føresetnader mot seg og møter masse motstand på vegen.

Samtidig er det noko formelaktig over sånne historier: Om underdogen som til slutt lukkast, trass i at ein har alle føresetnader mot seg og møter masse motstand på vegen.

«King Richard» er ein sånn film. Ei blanding av ei fascinerande historie – og noko me har sett mange gonger før. Det handlar om tennisstjernene Venus og Serena Williams. Rettare sagt: Det handlar mest om faren deira, Richard (Will Smith), som var overtydd om at han skulle fostra opp to tennisess allereie før døtrene var fødde.

Som i alle slike heltedrama, har familien Williams i utgangspunktet alle odds mot seg. Familien med fem døtrer bur i Compton i Los Angeles – ein bydel kjent for fattigdom og kriminalitet. Richard er ekstremt oppteken av at barna hans ikkje skal enda i dop og kriminalitet, og saman med kona oppdreg han dei strengt og bestemt.

Ikkje minst har han lagt ein plan for Venus og Serena, som altså skal bli verdas beste tennisspelarar – ifølgje foreldra.

Først må dei kjempa for å kunna trena in the hood. Så må dei få tak i skikkelege trenarar og tennisbanar. Og så insisterer likevel Richard på å få det på sin måte – sjølv om den måten bryt kontant med «sånn ein gjer det» i tennisverda.

Men sjølvsagt handlar det ikkje berre om ein familie. Det handlar også om klasse og rase. Tennisverda Williams-familien kjem inn i, er kvit og rik og har sine konvensjonar. Richard Williams og familien skil seg veldig ut.

Det er fascinerande å sjå kor sta og sjølvsikker Richard er, godt spelt av Smith, der han går motstraums. Samtidig blir jo sånne helteportrett av nolevande personar – med døtrene som medprodusentar – relativt dyrkande. Sjølv om me nok også skjønnar at dette ikkje berre har vore ein lett mann å ha til far og ektemann.

Ja, og så er filmen for lang. Historia hadde ikkje hatt vondt av litt innstraming her og der.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Nerdane og ironik­arane tar hevn i «Ghost­busters: After­life».

  2. Svak stjerneglans

  3. Fargerik jule­magi for hele familien

  4. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  5. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  6. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film
  5. Will Smith