Moro med nygammal spøkelsesjakt

FILM: Nerdane og ironikarane tar hevn i «Ghostbusters: Afterlife».

Gamle spøkelsesremedier blir som nye i «Ghostbusters: Afterlife».
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

GHOSTBUSTERS: AFTERLIFE

Kinopremiere: 03.12.2021. Med: McKenna Grace, Finn Wolfhard, Carrie Coon, Paul Rudd, Logan Kim, Celeste O'Connor, Dan Aykroyd. Sjanger: Action / Eventyr / Komedie. Regi: Jason Reitman. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 4 minutt.

«Ghostbusters», altså. For ein opp- og nedtur. Då første film kom i 1984, var det nærmast definisjonen av moro. Her var nokre av verdas beste komikarar (Bill Murray og Dan Aykroyd) i sving med masse tull og tøys og spøkelse og corny teknologi som lyste og gneistra. Og dét soundtracket!

«Ghostbusters II» frå 1989 har eg ikkje noko minne om. Eg hadde nok blitt for kul til å løysa kinobillett til sånt fjas då.

Men for nokre år sidan oppdaga me at det hadde kome nok ein «Ghostbusters». Dermed benka me oss med ungane for å sjå dette frydefulle tullet eg hadde elska som ungdom. For ein nedtur det blei! 2016-versjonen var rævva. Var det fordi eg hadde blitt vaksen eller fordi det var ein dårleg film? Kan Ghostbusters fungera på 2000-talet?

Eigentleg skulle eg ønska Hollywood snart slutta å mjølka gamle suksessar. Men det er liten grunn til å tru at så skjer.

Nå kjem nok ein ny film om spøkelsesfangarane på kino. Og mens det var heilt andre folk som laga den fæle filmen frå 2016, er det gamle laget – eller slekta – tilbake i den nye filmen. Dan Aykroyd er med både som produsent, på manus og på lerretet. Og mens Ivan Reitman regisserte dei to første, er det sonen Jason som regisserer denne.

Anda, tonen og humoren frå den første «Ghostbusters»-filmen er, med andre ord, med. Det same er, strengt tatt, mykje av historia – med fleire tilbakeblikk til originalen. Litt usikker på om det er mest for å få med nye generasjonar på greiene, eller spela på nostalgien til oss gamlisar.

Det startar med at ein gammal særing døyr på garden sin ein stad langt utpå jordet i Oklahoma. Aleinemora Callie (Coon) og dei to ungane blir omtrent samtidig kasta ut av huset sitt – og ender slik på den falleferdige garden. Den viser seg nemleg å ha tilhøyrt Callies far. Dei har ikkje hatt kontakt på årevis.

Det går ikkje lang tid før det viser seg at merkelege ting skjer i området. Og denne gongen er det dei ganske veslevaksne barna/ungdommane som skal spela hovudrolla. 12 år gamle Phoebe (Grace) er nemleg ein skikkeleg nerd – og får seg ein nesten like nerdete venn i Podcast (Kim). Broren Trevor (Wolfhard) er eit mekanikartalent.

I tillegg praktiserer denne hjernegjengen – og resten av filmen – ein type humor eg nesten trudde var utdøydd i dei inderlege og lettkrenkas tidsalder. Eg snakkar om tørr og tidvis sarkastisk ironi og smarte, språklege fintar. Sorry, eg tilhøyrer ironigenerasjonen. Eg lo fleire gonger. (Takk, Dan Aykroyd!)

Dette er også eit kompliment til dei unge skodespelarane, som har både timing og tryne til å levera poenga slik at dei fungerer.

Marshmellows kan bli til så mangt.

Dermed blir det eit ganske så frydefullt gjensyn med «Ghostbusters» for ein vaksen mann som hugsar originalen.

Viktigare er det nok om filmen også fungerer for dei som er i den meir sannsynlege målgruppa, nemleg unge frå 12 år og oppover.

Eg trur det. Me får jo håpa dei forstår ironi. Nerdane er gjenkjennelege. Og så er det passe skummelt til å fanga interessa, sjølv om det jo er harmlause greier. Spesialeffektane og datateknologien har tatt ganske mange steg framover sidan 1984, og her er ein passe fin miks av skumle og frydefulle skrømt. Frå glefsande beist med skarpe tenner til ein marshmellowsvariant du garantert ikkje har sett før.

Ja, og så dukkar det opp nokon du har sett før, men som du neppe hadde venta å sjå igjen.

Publisert: