Rumensk stilstudie

FILM: Tidvis stilig, tidvis litt for stilisert, film noir frå Romania og Kanariøyane.

Gilda (Catrinel Marlon) er klassisk femme fatale i rumenske «The Whistlers».

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

THE WHISTLERS

Originaltittel: La Gomera. Med: Vlad IvanovCatrinel MarlonRodica Lazar. Sjanger: Krim, komedie.
Regi: Corneliu Porumboiu. Nasjonalitet: Romania, 2019.
Aldersgrense: 15 år. Språk: Rumensk. Lengde: 1 time 37 minutt.

Eg skal ikkje lyga på meg å vera ein ekspert på rumensk film eller arbeidet til regissøren Corneliu Porumboiu. Men han er visstnok ein svært anerkjent regissør, kjent for den ikkje openbare humoren i filmane sine. Han er ein interessant type som til dømes fekk sin siste film «The Whistlers» med i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Cannes.

«The Whistlers» handlar om den korrupte, snart pensjonerte politimannen Cristi (Vlad Ivanov) som skal prøva å hjelpa ein pengevaskar av narkopengar ut av fengselet. Dette skal skje ved hjelp av den spektakulært vakre femme fatale Gilda (Catrinel Marlon), og gjennom å kommunisera med plystrespråket som finst på kanariøya La Gomera. Dermed må Cristi til La Gomera for å læra seg å plystra.

Det er mengdevis med pussige vendingar i denne intrigen. Kven som er på lag med kven, kven som tystar på kven, kven som prøver å lura kven, blir eit puslespel av dimensjonar, smart skrive og gjennomført, men du skal halda tunga beint i munnen for å henga med i svingane.

Eg lo ikkje veldig mykje, hadde nok ikkje kome på at dette skulle vera humoristisk om eg ikkje visste det. Tvert om sat eg der og tykte det blei vel uttrykkslaust og stilisert i periodar. Den aldrande Cristi har tilsynelatande bare eitt ansiktsuttrykk, enten han lyg seg rundt dei like korrupte kollegaene sine eller får seg ein uventa runde med den smellvakre Gilda. Så stilisert blir det, at det blir vanskeleg å koma bak maska på aktørane og føla veldig mykje med dei.

Men for den som er inne i film noir og kan setja pris på ein slags rumensk leik med sjangeren, kan dette vera eksotiske og flotte greier. Pluss at du jo får ein sjanse til å læra deg eit plystrespråk du neppe var klar over at eksisterte. Det er bare å gå heim og øva.

Publisert:
  1. Film
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger