Tid for Askeladd-glamour i Haugesund

HAUGESUND: Søndag har «Askeladden - i Soria Moria slott» festpremiere som opningsfilm på Filmfestivalen i Haugesund. Men kvardagen i norsk film handlar meir om knekkebrød med skinkeost, ifølgje Askeladden sjølv, Vebjørn Enger.

Publisert: Publisert:

Alexandra Gjerpen, Eili Harboe og Vebjørn Enger på plass i Haugesund før festpremieren på «Askeladden - i Soria Moria slott» søndag. Foto: Jan Zahl

– Før du er med i ein film, trur du at filmbransjen er sånn som dette heile tida. Men så skjønar du ganske raskt at glamouren bare er to prosent - desserten - mens resten er knekkebrød med skinkeost, seier Vebjørn Enger, som for andre gong spelar Askeladden på film.

– Eller jalapenos-ost, supplerer Alexandra Gjerpen, som i år var på sin første Amanda-fest, som nominert til beste kvinnelege birolle i «Når jeg faller» og som prisutdelar. Ho spelar den søte, men kanskje ikkje så smarte, Solfrid i Askeladden-filmen.

Farefull ferd

Og som i første Askeladd-film - som blei den mest sette norske filmen i 2017 - er Eili Harboe prinsesse Kristin. Denne gongen blir ho med Espen på den farefulle og strabasiøse ferda gjennom norsk natur på jakt etter livets vatn i det mytologiske gullslottet, etter at foreldra har blitt forgifta.

– Eg syns ikkje Kristin har ei tradisjonell prinsesserolle. Ho er viljesterk, modig og lar seg ikkje vippa av pinnen. Det har vore interessant for meg å bli kjent med henne, seier Harboe.

«Askeladden - i Soria Moria slott» er basert på fleire av Asbjørnsen og Moes folkeeventyr. Her er både sjumilsstøvlar, sjuande far i huset, Soria Moria og ei gammal kjerring med nasen fast i stubben. Og på si farefulle ferd møter Espen og Kristin både på Fossegrimen og troll - samt ein gjeng onde danskar, leia an av sjølvaste Sidse Babett Knudsen, kjent blant anna frå «Borgen» og «Westworld».

Søndag var det pressedag for opningsfilmen om Askeladden. Foto: Jan Zahl

– Det må bero på ei misforståing at alle danskane i denne filmen er onde, men det skuldast nok at det foregår i fortida. Då var alle danskar onde. For nå er jo alle danskar snille, flirte Knudsen då ho var med og møtte pressa i Haugesund. «Askeladden» er hennar første norske film, men ho blir gjerne med i fleire.

Akkurat det gjeld forresten også for Rogalands-benken, som per nå ikkje veit om det blir ein film nummer tre.

– Men det var eit eventyr å vera med på, seier Gjerpen.

Meir klassisk eventyr

Ifølgje regissør Mikkel Brænne Sandemose har dei fått meir klassisk eventyr inn i film nummer to, pluss at dei i endå større grad dyrkar Espen som superhelt. Sjølv følte Enger seg friare denne gongen, kom med fleire forslag og idear etter å ha blitt betre kjent med Askeladden-karakteren.

– Eg føler større eigarskap til filmen denne gongen, seier han.

– I filmen seier Espen at det er noko sant i alle eventyr. Kva er sant i dette eventyret?

Akkurat her må Enger trekkja seg litt tilbake på stolen for å tenkja seg om, mens Gjerpen har svaret på tunga:

– Her er masse kjærleik. Og det er jo det sannaste av det sanne.

– Her er er mange universelle, menneskelege kjensler som ligg i botn, seier Harboe.

Snakkar Oslo-mål

– Svar ærleg: Kor corny er det for ei jente frå Våland og ein gut frå Randaberg å spela mot kvarandre på Oslo-dialekt?

– Det var kjemperart i starten, seier Harboe.

– Og endå rarare når Arthur Berning i den første filmen og Alexandra i den andre var med og snakka sin dialekt, seier Enger.

– Det var veldig rart for meg då eg kom på settet i Praha og Eili og Vebjørn snakka østnorsk - både på og av sett, seier Gjerpen.

Dei to rogalendingane snakka nemleg østnorsk heile tida under innspelinga, for ikkje å måtta leggja om og tenkja masse på det når kamera plutseleg gjekk.

– Det siste du vil tenkja på når regissøren seier «Kjør!», er kva dialekt du skal snakka, seier Harboe, mens Enger smett inn at folk forresten må hugsa å stemma på Kristine Enger i Randaberg i september.

Og etter å ha funne seg ein kaffikopp har han endeleg tenkt seg fram til kva som er sant i dette eventyret om Askeladden:

– At du er god nok sjølv om du ikkje trur at du er god nok. Det er det sanne i denne filmen.

Publisert: