Storverk om ein tapt kultur

BOK: Einhart Lorenz løfter fleire hundreårs jødisk historie fram frå Holocaust-skuggen.

Publisert: Publisert:

Einhart Lorenz har skrive eit storverk om jødisk kultur i Europa.

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 5 of 6 stars

Einhart Lorenz: Jødenes historie i Europa. Fra den spanske inkvisisjonen til mellomkrigstiden. 542 sider. Dreyers Forlag Oslo.

For etterkrigsgenerasjonane har Holocaust lagt eit mørkt filter over forholdet til det jødiske. Mange hundreårs jødisk historie i Europa har kome i skuggen av «den endelege løysinga» som gjorde slutt på jødisk kultur og samfunnsliv slik me kjende det i vår verdsdel.

Det er høgst forståeleg at det er blitt slik. Men derfor er det også grunn til å gleda seg over at dei lengre historiske linene nå blir trekte fram i lyset, slik historikarveteranen Einhart Lorenz (80) gjer med det nye, breitt anlagde verket om jødane si historie i Europa – frå mellomalderen til mellomkrigstida.

Store variasjonar

Lorenz har skrive utførleg om jødeutryddinga og kreftene bak den tidlegare. Når han denne gongen avsluttar ved inngangen til andre verdskrigen og den store katastrofen, ryddar han rom for å visa oss det mangfaldige i den jødisk-europeiske historia, både internt i dei jødiske samfunna og i forholdet mellom jødar og ikkje-jødar. Sjølv om det ikkje mangla på diskriminering, forfølgingar og massakrar i tidlegare tider heller, har historia om jødane i Europa også sine – om ikkje gylne, så i alle fall lyse periodar.

Variasjonane er store, også innan kvart land. Då jødane vart jaga ut av Vest-Europa på 1300- og 1400-talet, tok dei polske kongane imot dei med opne armar. På 1900-talet var derimot Polen eitt av dei mest antisemittiske landa i Europa. Då det etter første verdskrigen vart halde folkerøystingar i grenseområda mellom Tyskland og Polen om kva land dei skulle høyra til, stemte dei aller fleste jødane for å bli tyske, og mange valde å emigrera til Tyskland frå område som vart polske.

I England gjekk utviklinga motsett. Landet var i prinsippet stengt for jødar fram til 1656, men vart etter kvart den mest jødevennlege av dei europeiske stormaktene.

Samstundes viser Lorenz også at det har vore felleseuropeiske bølgjer av aukande og minkande antisemittisme gjennom historia. Den famøse jødeparagrafen i den norske grunnlova oppstod ikkje i eit vakuum. Mot slutten av napoleonskrigane vart det i fleire land vanleg å sjå på jødane som ein «nasjon i nasjonen» og dermed eit upåliteleg element i staten. Falsen, Nicolai Wergeland og andre grunnlovsfedrar som ville halda jødane ute, argumenterte langs desse linene i 1814.

Jødisk splitting

Men ein tilsvarande strid gjekk føre seg på jødisk side på 1800- og 1900-talet. Ortodokse jødar ønskte nettopp å vera «ein nasjon i nasjonen» og dyrka sin religion og sitt særpreg innanfor lukka, rabbinarstyrte  samfunn. Livet i ein getto var ofte påtvinga, men også iblant sjølvvalt. Her går det ei line fram til konfliktane mellom ortodokse og sekulære jødar i dagens Israel.

Mot dei ortodokse jødane stod haskala-retninga, som med røter i opplysningstida gjekk inn for at jødane skulle finna sin plass innanfor kvar nasjonalstat og søkja å vera fullverdige, assimilerte borgarar med dei rettar og pliktar som følgde med. Mot slutten av 1800-talet blei haskala-jødane i sin tur utfordra av sionistane, som meinte at berre ein eigen jødisk stat kunne gjera slutt på diskrimineringa og gi jødane rom til å utfalda seg som andre folkeslag.

Sionistane var lenge i forsvinnande mindretal blant jødane i Europa, men vann som kjent til slutt. Dei assimileringsvennlege jødane skulle oppleva at lojaliteten mot staten vart møtt med ein kald skulder, og mellom linene merkar ein forfattarens sorg over det. Jødar gjorde seg sterkt gjeldande innan økonomi, kulturliv og akademia, ikkje minst i det tyskspråklege Europa. Under første verdskrigen ofra dei livet i skyttargravene til liks med andre. Likevel auka antisemittismen, og det jødiske samfunnsbidraget vart i propagandaen ofte framstilt som ledd i ein konspirasjon for å ta over makta. 

Lenger frå sanninga kunne ein knapt koma. Splittinga blant jødane var tvert om så sterk at den skugga for den dødelege trusselen som bygde seg opp. Både ortodokse og sionistiske leiarar stilte seg til å begynna med faktisk positive til dei nazistiske jødelovene, fordi desse lovene beviste at haskala-jødane hadde teke feil når dei hevda at assimilering var mogleg.

Måtte det gå slik?

Boka til Einhard Lorenz er på alle måtar eit storverk. Han skriv klart, stringent og sakleg, men frir ikkje til lesaren med anekdotar, kuriosa og element frå populærkulturen. Boka krev sin lesar, også på grunn av alle namna og omgrepa, som vil vera ukjende for mange. Det hjelper at forfattaren har lagt inn ein stor bolk med ordforklaringar, litteratur og namneregister, og boka er såleis eit framifrå oppslagsverk. Eit ekstra pluss er det at Lorenz har brukt mykje plass på kvinnenes rolle i jødisk historie. På minussida må nemnast ein del språkleg rusk som forlaget burde ha luka vekk, og nokre inkonsekvensar i stavemåten av namn.

Og ikkje misforstå: dette er ikkje ei kjedeleg bok. For min del er eg under lesinga blitt driven frå side til side av ei dyster spenning. Me veit jo korleis dramaet endar. Men kvifor? Kunne det ha gått annleis? Og kva har Europa tapt?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Pinseutfart skapte lange køer

  2. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  3. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  4. Risikerer 5 år og 6 måneders fengsel for å ha voldtatt datteren

  5. Norled: – Vi forventer like lange køer på mandag

  6. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  1. Bok
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Andre verdenskrig
  5. Diskriminering