Skal kåra tidenes rogalandsbok

Kva er tidenes beste bok frå Rogaland? Du kan vera med på å påverka svaret. Laurdag blir langlista over kandidatane presentert på Sølvberget i Stavanger.

Publisert: Publisert:

Stine Honoré er dagleg leiar på Kiellandsenteret på Sølvberget. Ho sit også i juryen og leiar arbeidet med å kåra tidenes rogalandsbok. Foto: Jarle Aasland

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Akkurat nå er det vel 50 titlar på lista. Men me skal reinska litt, så til laurdag reknar eg med å vera nede i 45, seier Stine Honoré, og dyttar eit A4-ark med forfattarnamn og boktitlar over bordet. Arne Garborg er med. Det same er Kjartan Fløgstad. Og Inger Bråtveit. Og ein haug andre.

– Eg vil foreslå at kvar forfattar bare kan vera representert på langlista med éi bok i kvar sjanger. Det betyr til dømes at Garborg kan ha med to bøker, både diktsamlinga «Haugtussa» og ein av romanane, forklarer Honoré, som er dagleg leiar for Kiellandsenteret på Sølvberget og ansvarleg for prosjektet.

Startskot laurdag

Laurdag går startskotet for kåringa av tidenes rogalandsbok. Prosjektet involverer både Sølvberget og biblioteka i fylka, samt Aftenbladet. Høvet er det internasjonale Bokåret 2019.

– Håpet er at me kan få til ein brei diskusjon om rogalandslitteraturen, seier Honoré.

Ein fagjury av fem personar har sidan februar jobba med å laga ei langliste over kandidatar til tittelen «Tidenes rogalandsbok». Denne lista blir for første gong lagt fram på laurdag klokka 12 på eit eige arrangement på Sølvberget.

– Det har teke litt lenger tid enn planlagt å koma fram til denne lista, blant anna fordi me måtte finna ut kva slags bøker me skulle ha med, seier Honoré. Dei starta med ei kjempelang liste over rubbel og bit av rogalandsbøker, frå 1500-talet og fram til 2018. På den lista var 141 forfattarar representert.

Brei representasjon

Juryen har landa på å inkludera skjønnlitteratur og barnelitteratur, men ikkje sakprosa. Dei har lagt seg på ei romsleg tolking av kva ei «rogalandsbok» er, nemleg at forfattaren er fødd i, eller har ei tett tilknyting til, Rogaland.

– Og så har jurymedlemmene blitt utfordra til å tenkja på representasjon, både av kjønn og geografi, slik at me får til ei så lik fordeling som råd av kvinner og menn, nord og sør i fylket. Og så er det ein fin balanse mellom nynorsk og bokmål på lista, seier Honoré.

I juryen sit, forutan Honoré sjølv, Aftenbladets kritikar Steinar Sivertsen, Garborgsenterets leiar Inger Undheim, forfattar Terje Torkildsen og litteraturprofessor Per Thomas Andersen.

Kva er «best»?

– Jurymedlemmene har vore ganske samstemte i kva kandidatar dei har foreslått til å stå på lista, seier Honoré.

– Fordi desse bøkene representerer ein udiskutabel høg kvalitet eller fordi litteraturekspertar har så lik smak?

– Godt spørsmål. Alle har til dømes med Garborg, Kielland, Øyvind Rimbereid, Agnes Ravatn og Rasmus Løland. Og alle har valt ut «Kompani Orheim» av Tore Renbergs bøker. Men det er nettopp dette me håper det kan bli ein diskusjon rundt: Manglar det bøker på lista? Er den beste rogalandsboka den ekspertane peikar på eller den boka som er lesen av flest?

Laurdag representerer bare startpunktet for kåringa. Langlista vil bli publisert, både Sølvberget og biblioteka rundt om i fylket vil så delta i å få folk til å lesa og diskutera bøkene. Før sommaren blir det ei avstemming via Aftenbladets nettsider, som, kombinert med juryens vurdering, skal gi ei kortliste av kandidatar. Bøkene på kortlista vil bli presentert i Aftenbladet gjennom sommaren, før det blir ny avstemming tidleg i september. Vinnaren blir offentleggjort på Kapittel i 21. september.

– For min eigen del kan eg bare seia at det har vore veldig kjekt å jobba med dette. Eg har lese bøker og forfattarar eg ikkje kjente frå før. Det hadde vore stas om også andre ender opp med å lesa bøker dei ikkje har visst om i jakta på den beste rogalandsboka, avsluttar Honoré.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  2. 16-åringen stupte med hendene over hodet

  3. – Ikke en kommunal oppgave å finne tomt til bygging av moské i Klepp

  4. Ordføreren vil lage sjau

  5. – Vi ønsker ikke at politikerne våre er en del av en lønnsadel

  6. – Flyet har vore fantastisk å flyga

  1. Litteratur
  2. Bibliotek
  3. Bøker