Lokalt og lovnadsrikt, men litt for lite nytt

BOK: Det beste i Eili Harboe sin nye ungdomsroman kjem glimtvis, som små, vakre og lovnadsrike stjerneskott i ei forteljing prega av standard ungdomsroman-ingrediensar.

Publisert: Publisert:

Eili Harboe debuterer som forfattar med ungdomsromanen «Tre meter med kniv». Foto: Kristian Jacobsen

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 4 of 6 stars

Eili Harboe: Tre meter med kniv. Illustrert av: Tiril Haug Johne 192 sider. Samlaget.

Det er eit lite og intenst univers vi får følgja i «Tre meter med kniv». Den unge hovudpersonen Lykke, har ei ustabil mor, eit anker av ein far, to venninner, ei tidlegare venninne og ei fostersøster. I tillegg er ho forelska i Simeon.

Romanen er intens og nærsynt på ein «inne-i hovudet»-måte; alt som skjer er filtrert gjennom eg-personens sinn, eit grep som slett ikkje er dumt for å skapa nærleik og gjer rom for dei flyktige og dramatiske kjenslene som gjerne gjestar eit ungt menneske i ferd med å vakna i seg sjølv. Lykke er i ferd med å gjera seg grunnleggjande erfaringar og finna ut av viktige relasjonar, og mora sin sjukdom ligg som eit lågt skydekke over livet hennar.

Les også

Eili Harboe debuterer med ungdomsroman

Eit sårt gjennomgangstema er i kva grad Lykke er dømt til å bera vidare det andre ungdomar brutalt kallar «psykosjuka» som ein arv frå mora. Lykke leitar, slik mange unge gjer, etter sin eigen stad og utsikt, fint skildra der ho er på veg opp til Ullandhaugtårnet og minnest at faren ber henne «sjå ting i perspektiv»: «Eg tenkjer å stå litt lenger oppe, og sjå utover.» Denne fine opptakten munnar ut i det ein gjerne kan tenkja er klisjémessig ambivalens, dessverre litt representativ for romanen: «Eg veit ikkje kva eg skal gjere, og alt anna kjennest feil, same kva, så eg kan like gjerne gå.»

Stavangerkvinna Eili Harboe er frå før kjent som skodespelar, ho har gjort stor suksess til dømes i hovudrolla i filmen «Thelma» (2017), og det knyter seg naturleg nok litt ekstra spenning til at ho no romandebuterer. I «Tre meter med kniv» portretterer Harboe ei ung jente med ein gjennomført subjektiv realisme, og ho viser seg som ein språkbevisst forfattar med kjærleik til byen der ho har røtene sine. Dei lokale referansane gjennomsyrer boka og knyter hovudpersonens indre verd til eit verkeleg nærmiljø. Her finn vi mellom anna «gutane frå Kongsgård», symjeanlegget Gamlingen, Ullandhaugtårnet og meir til, eit vaskeekte Stavanger-miljø, med andre ord. Likevel verkar desse referansane litt som «namedropping», for handlinga kunne spelt ut seg kor som helst, og det er lite anna enn sjølve stadnamna som gir ein lokal koloritt til romanen. 

Tematikken knytt til sårbare venskap, seksuell oppvakning og familierelasjonar er truverdig og innsiktsfullt skildra. Refleksjonane til Lykke om korleis kroppen både vil og ikkje vil noko, og korleis forventningane står på frå ulikt hald, er allmenne: «Eg prøver å tenkje at eg vil dette», resonnerer ho når ho er saman med Simeon, « … men ikkje på alle måtar, og det går det ikkje an å seie høgt.» Sjølv om det slik gneistar til innimellom, saknar eg likevel noko som løfter romanen frå det ein reknar som eit gjennomsnittleg ungdomsliv-tablå og tankestraum.

Det meste i sjølve handlinga er tematikk og situasjonar som ein kjenner att frå andre samanhengar. Samla sett er romanen likevel presentert på spennande vis, med barnlege illustrasjonar og også tilhøyrande illustrative sitat frå songlyrikk som på ulikt vis bidreg til å opna opp teksten, og som plasserer erfaringane vi les om nettopp midt i det kompliserte spennet mellom det barnslege og bråmodne. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Bostyrer vil politi­anmelde Eddi Eidsvåg etter konkursen

  2. Sandnes-selskap vil ha ansatte i permanent hjemmekontor

  3. Militæret trosser Trump

  4. Smittevern­overlegen anbefaler ikke større folke­mengder, men vil ikke stoppe lørdagens markering i Stavanger

  5. Helsedirektoratet sier nei til Sabeltann-forestillinger med 800 i publikum

  6. Se praktanlegget: Bli med på omvisning i Sandnes Ulfs nye storstue

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Bok