Inn i tomrommet

Ingrid Toogood og Therese Markhus har fått 450.000 kroner av Norsk kulturråd til å laga performancen «L longed for it». Urpremieren blir på Stavanger kunstmuseum 14. november – om ingen frys brokk på seg først.

Publisert: Publisert:

Starten. Biletet er komplett, med dansarane f.v. Tone Kittelsen, Victoria Jane Harley, Camilla Apeland og Stine Isachsen Knudsen på plass i Ingrid Toogoods skulpturar. Sidan skal det brytast opp, tomrommet skal bli tomt. Foto: Jon Ingemundsen

Det er rundt null grader ute. Inne kjennest det, merkeleg nok, kaldare.

– Eg skulle tatt på stillongs, seier den eine fotografen til den andre. Dei er her for å filma dei fire dansarane som denne laurdags formiddagen beveger seg inn og ut av dei fire rektangla som står ute på det iskalde betonggolvet i toppen av industrilokalet i Hillevåg. Dansarane har tjukke jakker og luer på, men skiftar til kostyma dei skal ha på seg på urpremieren til ære for Aftenbladets fotograf.

– Dansarane skal gå inn i biletet. Kleda passar til skulpturen, slik at dei til saman lager eit heilskapleg bilete, forklarer Ingrid Toogood. Biletkunstnaren er den eine av dei to skaparane av performancen «L longed for it», støtta med 450.000 kroner frå Norsk kulturråd, og av både Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune.

– Det heile startar med at biletet er komplett. Så blir det brote opp, seier Therese Markhus, koreografen og dansaren som for femte gong samarbeider med Toogood om å laga performance.

For femte gong samarbeider Therese Markhus (t.v.) og Ingrid Toogood om ein performance. Denne gongen handlar det om å fylla tomrom. Foto: Jon Ingemundsen

Blandingskunst

Det er ingen grunn til å leggja skjul på at performance-kunst kan kjennast framandarta for mange. Ikkje er det eit bilete eller ein skulptur. Ikkje er det dans. Ikkje er det teater. Ikkje er det musikk. I staden er det ei slags blanding.

– Både samtidsdans og biletkunst kan opplevast abstrakt for mange. Me har også med musikk og tekst, som kan vera ein annan type døropnarar for folk. Me må finna ein balanse mellom dei ulike elementa, opningar inn – samtidig som det ikkje må bli for tydeleg, seier Markhus, mens dei fire dansarane dyttar rundt på rektangla, smyg seg rundt, mens musikken dempar seg og Nina Ellen Ødegårds stemme dukkar opp på anlegget: «Er du der nå? Har du nokon gong vore der? Kven er du nå?»

– Sånn startar det, seier Markhus.

Korleis laga performance?

Men kor startar det når ein biletkunstnar og ein koreograf skal laga ein performance? Med ei historie? Med eit bilete? Med ein dans?

– Me startar med poenget. Kva vil me seia? Kva vil me formidla, svarer Markhus.

– Og så byggjer me vidare på samarbeidet me har hatt før, på dei verkemidla me har tilgjengelege, seier Toogood.

– Du som journalist bruker språket – orda – til å kommunisera. Me bruker eit anna språk. Eg jobbar med rørsler, Ingrid med bilete og objekt. Når me jobbar saman, set me dei to språka saman, seier Markhus.

– Og så tilfører dansarane tid og dynamikk til mine skulpturar, seier Toogood.

– Kva betyr det å «tilføra tid» til ein skulptur?

– At dei beveger på skulpturane, og at det skjer over tid.

Tid er relativ

Markhus minner om at tid er relativ. Opplevinga av tid kjem blant anna an på om du blir riven med, om det du ser på skjer raskt:

– Nå du ser Ingebrigtsen-brørne springa, opplever du at tida går raskt, fordi dei spring så fort. Når me jobbar med kroppar og rørsler, jobbar me også med tid. Raske rørsler gir intensitet og rask tid, saktare rørsler gir sakte tid. Me har jobba med å finna ut kva som passar kor.

Akkurat dette har forresten dansarane sjølv også vore med på å finna ut av. Korleis skal dei røra seg? Kva fungerer? Kva fungerer ikkje, der dei går inn og ut av holromma i formene?

– Me lagar stillbilete i rørsle. Det er kjernen i arbeidet vårt. Og når dette visuelle språket fungerer, snakkar det til kjenslene og tankane til publikum. Me kallar det magi, seier Markhus.

Dansarane går inn og ut av tomromma i Toogoods skulpturar. Foto: Jon Ingemundsen

Ikkje for tydeleg

– Samtidig seier de at det ikkje må bli for tydeleg kva som går føre seg. Kvifor ikkje?

– Me liker å vera abstrakte. Det blir meir interessant om me antydar. Det gir eit større rom for publikum til å reflektera sjølv. Vårt språk er ikkje orda. Det er viktig å ikkje snakka alt i hel. Alt må heller ikkje forståast, seier Toogood.

– Går du på ein konsert, er det ikkje for å skjønna noko, men for å oppleva noko. Ein performance er også ei oppleving, gjennom ein annan inngangsport. Men det krev at du opnar hjarte og hovud litt, seier Markhus.

– De seier at de startar utviklinga av performancen med poenget. Kva er poenget i «L longed for it»?

– Å få i gang tankar og kjensler hos dei som ser på, å gi eit refleksjonsrom, svarer Toogood.

– Det er eit hol i skulpturane, eit tomrom dansarane går inn og ut av. Alle har opplevd å mista noko eller nokon. Alle har opplevd tomrom. Kva vil publikum fylla tomrommet med, svarer Markhus.

– Kva vil publikum fylla tomrommet med, spør Therese Markhus. Foto: Jon Ingemundsen

Saman er ein mindre aleine

– Kva oppnår de med å jobba saman som de ikkje får til kvar for dykk som biletkunstnar og dansar?

– Samarbeidet vårt gjer at eg må strekka meg, det utfordrar korleis eg lagar kunsten min. Som i dette tilfellet betyr at eg lagar noko som kroppar skal gå inn og ut av, svarer Toogood, som før ho begynte å samarbeida med Markhus visste fint lite om samtidsdans. Nå veit ho mykje meir. Til dømes at dei tenkjer ganske likt, sjølv om verkemidla er ulike.

– Du blir alltid ein betre kunstnar når du jobbar med andre kunstformer, rett og slett fordi du blir meir klar over kva du sjølv driv på med. Det er rett og slett inspirerande å jobba med andre kunstnarar, seier Markhus.

«L longed for it» har altså urpremiere på Kuppelkupp torsdag. Støtta frå Kulturrådet har finansiert innøvinga og premieren, dansarar, musikarar og alt det andre som trengst for å utvikla performancen.

– Men så håper me jo at me kan få kome oss rundt i Norge og få vist dette fram fleire stader etterpå. Sjølv om skulpturane og kostyma i ettertid kan stå for seg sjølv – utan performancen, avsluttar Toogood.

Publisert: